LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Førsteamanuensis/førstelektor i matematikkdidaktikk

Søknadsfrist: 19.03.2026

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 16 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium. 

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6600 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.

Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking har omlag 160 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.

Instituttet gjev undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdnningane, og i bachelorutdanninga i teiknspråk og tolking. I tillegg bidreg instituttet i to-årige masterutdanningar og i Ph.d.-programmet Studier av danning og didaktiske praksisar. Instituttet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.

Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av skule- og profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.

Ved Høgskulen på Vestlandet er det ledig ei fast stilling i 100% som førsteamanuensis eller førstelektor i matematikkdidaktikk ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.

Om stillinga

Stillinga inngår i Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking, og har campus Sogndal som arbeidsstad.

Oppstart i stillinga er 01.08.2026 eller etter nærmare avtale.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Stillinga har følgjande ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Undervise, rettleie og utvikle studentaktive læringsformer i tråd med krav i studietilsynsforskrifta. Arbeidsoppgåvene vil primært vere undervisning, rettleiing, vurdering, praksisoppfølging og utvikling av studentaktive læringsformer i matematikkdidaktikk knytt til grunnskulelærarutdanningane, barnehagelærarutdanninga og etter- og vidareutdanningar, samt master- og PhD-utdanning. Arbeidsoppgåver knytt til meir kollektive kompetanseutviklingsordningar (tidlegare ReKomp, DeKomp og Kompetanseløftet) m.m. vil og vere aktuelt.
  • Forsking- og utviklingsarbeid med klar relevans for instituttets fagområde og stillingsprofilen. Fakultetet har ulike strategiske forskingsprogram og det vert forventa at den tilsette bidreg med forsking retta inn mot eitt eller fleire av programma.
  • Bidra til student- og kollegainvolvering i forskingsprosjekt og i samarbeid med andre aktørar, for eksempel partnarskular og utvikle studentane si praksisutdanning.
  • Institusjonsbyggjande arbeid irekna fagadministrative oppgåver, internasjonalisering og samhandling med eksterne partnarar.
  • Ta initiativ til, leie og delta i utvikling av FoU-arbeid innfor matematikkdidaktikk, utarbeide søknadar om ekstern finansiering saman med kollegaer i fagmiljøet, representere HVL regionalt, nasjonalt og internasjonalt og ta del i ulike typar kommisjonsarbeid.
  • Aktivt bruke digitale verktøy i arbeidskvardagen.
  • Undervisninga kan i nokre tilfelle bli lagt utanfor campus Sogndal, og ein må kunne undervise i nett- og samlingsbaserte emne.

Kvalifikasjonskrav:

Kriteria for tilsetjing i stilling som førsteamanuensis/førstelektor går fram av Forskrift til universitets- og høyskoleloven .

Formelle kvalifikasjonar:

  • For fast tilsetting som førsteamanuensis må søkjar ha fullført doktorgrad i matematikkdidaktikk, matematikk, statistikk eller innanfor eit anna realfag med klar relevans for matematikk i lærarutdanningane som til dømes fysikk.
  • Søkjarar som har levert Ph.d.-avhandling innan søknadsfristen kan óg bli vurdert som kvalifisert, gitt at søkjaren disputerer før tiltredingsdato.
  • For fast tilsetting som førstelektor må søkjar ha førstekompetanse i samsvar med forskrifta og med tilsvarande relevanskrav som for førsteamanuensis.
  • Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga.

 

Den som vert tilsett må kunne undervise i dei sentrale emna i grunnskulelærarutdanningane og barnehagelærarutdanning, også på nett- og samlingsbaserte utdanningar. Det vil bli lagt vekt på didaktisk og pedagogisk kompetanse og dokumentert praksis og forsking- og/eller utviklingsarbeid av didaktisk karakter.

 

Personlege eigenskapar:

  • Den som vert tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men òg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel.
  • Høgt etisk medvit i møte med studentar og tilsette er påkravd.
  • Den som vert tilsett må vere personleg eigna for stillinga. 

Språkkrav:

  • Undervisnings- og administrasjonsspråket er norsk, og søkjar må kunne undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk.
  • For søkjarar som ikkje meistrar norsk eller eit anna skandinavisk språk gjeld Forskrift til universitets- og høyskoleloven.

 

Følgjande tel positivt i vurderinga:

  • Undervisningserfaring i matematikkdidaktikk på bachelor, master og ph.d.-nivå.
  • Erfaring frå ph.d.-rettleiing og rettleiing av kollegaer, kommisjonsarbeid, fagfellevurdering av vitskaplege artiklar, redaktøransvar, og leiing av forskargrupper.
  • Erfaring frå relevante forskings- og utviklingsprosjekt innan matematikkdidaktikk, fortrinnsvis relatert til skule og/eller barnehage, irekna erfaring med å skaffe ekstern finansiering og utvikling av forskings- og utviklingsprosjekt med praksisfeltet.
  • Erfaring med undervisning og utvikling av digitale emne, produksjon av digitale læringsressursar og oppfølging av studentar på digitale emne.
  • God kjennskap til norsk skule og barnehage generelt, og lærarutdanningane spesielt.
  • Relevant erfaring frå barnehage og grunnskule.
  • Relevant programmeringskompetanse for bruk i matematikkfaget i skulen.
  • Relevant regionalt, nasjonalt og internasjonalt nettverk.
  • Kunnskap om byrjaropplæring og matematikkvanskar.
  • Kunnskap om og erfaring med relevante kvantitative og kvalitative forskingsmetodar.
  • God munnleg og skriftleg formidlingsevne på norsk.

 

Utdanningsfagleg kompetanse:

Kvalifikasjonskrav til utdanningsfaglig basiskompetanse for ansettelse, opprykk og overgang ved HVL - Høgskulen på Vestlandet

For stilling som førsteamanuensis skal søkjarar dokumentere utdanningsfagleg kompetanse med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV.

For stilling som førstelektor skal søkjarar dokumentere relevant praktisk-pedagogisk kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og rettleiing.

Søkjarar som ved tilsetting ikkje fyller krava, må fylle dei innan to år. HVL tilbyr kurs i høgskolepedagogikk.

 

Dersom ingen søkjarar oppfyller kvalifikasjonskrava for tilsetting i stilling som førsteamanuensis/førstelektor, kan det bli aktuelt å tilsette mellombels i inntil eitt år som høgskulelektor (st.kode 1008). For mellombels tilsetting som høgskulelektor må søkjar ha hovudfag/mastergrad med gode resultat, normalt A eller B på masteroppgåva, og med relevans for stillingsprofilen.

Sakkunnig vurdering:

Søkjarar til vitskaplege stillingar vert vurdert av ein sakkunnig komite. Vurderinga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse, oversikt over arbeida dine, kvar dei er offentleggjort og inntil 5 vitskaplege arbeid som skal leggast ved søknaden i fulltekst.

Tilsettingsorgan er tilsettingsutval ved Høgskulen på Vestlandet.

Korleis søkje på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjars ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:

  • Vitskaplege arbeid (inntil 5 stk.)
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Attestar og vitnemål.

 

Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga overstig 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje, total maksgrense for opplasting av vedlegg er 50 MB.

Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. 

HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.

Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din. 

Søknadane vert sendt elektronisk til sakkunnig komite. Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju og prøveundervisning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011- førsteamanuensis / 1198 - førstelektor.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskriften kan komme til anvending behandlingen av søknadane.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Faggruppekoordinator Terje Myklebust

E-post: terje.myklebust@hvl.no

Tlf.: 57 67 63 37

 

2) Instituttleiar Tom Rune Kongelf

E-post: tom.rune.kongelf@hvl.no

Tlf.: 990 17 802

 

3) Assisterande instituttleiar Janne Sønnesyn

E-post: janne.sonnesyn@hvl.no

Tlf.: 905 97 451

Inkludere, utfordre og samhandle

Les meir på våre heimesider.

Søk stillingen

Powered by Labrador CMS