LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Førsteamanuensis/førstelektor i drama og anvendt teater

Søknadsfrist: 06.04.2026

Logo til fri bruk, m brukes uendret. Ved sprsml om bruk av logo og visuell profil kontakt profil@hvl.no

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 16 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6600 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.

Institutt for kunstfag har 70 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fagområda omfattar musikk, drama og anvendt teater og kunst- og handtverk. Instituttet tilbyr utdanningar på bachelor, master, årsstudium og etter og videreutdanning-nivå. Instituttet gir og undervisning på sine fagområde i barnehagelærarutdanninga og ved grunnskulelærarutdanningane og bidrar i fakultetet sitt Ph.D.-programet Studiar av danning og didaktiske praksisar. Instituttet har som mål å vere i front av skule- og profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt, og vere ei drivkraft for utvikling av kunstfag på høgt nivå og med klar relevans for barnehage, skule og kulturfeltet. Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. 

Ved Høgskulen på Vestlandet er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis/førstelektor i drama og anvendt teater ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.

Om stillinga

Stillinga er ledig frå 01.08.2026 og inngår i Institutt for Kunstfag.

Arbeidsstaden er campus Bergen, men arbeidsoppgåver ved campus Sogndal og Stord kan forekomme.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Stillinga har følgjande ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Forskingsbasert undervisning i drama og anvendt teater og rettleiing av studentar på bachelor- og masternivå. 
  • Det er aktuelt med undervisning og rettleiing i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdanninga og i emner ved etter- og videreutdanning , PhD-studium, og i dei nasjonale kompetanse -og utviklings satsningane i barnehage og skule 
  • Forsking- og utviklingsarbeid med klar relevans for instituttet sine fagområde. Det er forventa at dei tilsette bidreg med forsking innretta mot eitt eller fleire av programma. Fakultetet vil opprette 4 forskningsprogrammer april 26. Det blir forventa at dei tilsette bidreg med forsking innretta mot eitt eller fleire av programma. 
  • Institusjonsbyggjande arbeid irekna: rettleie tilsette, fagadministrative oppgåver, internasjonalisering og samhandling med eksterne partnarar 
  • Delta i utvikling av forskingsprosjekt og utarbeide søknadar om ekstern finansiering saman med kollega i fagmiljøet 
  • Kontakt og samarbeid med praksisfeltet som dramapedagogikk og anvendt teater realiserer seg i.
  • Aktivt bruke av digitale verktøy i arbeidskvardagen
  • Det kan bli aktuelt med noko reising i stillinga

Kvalifikasjonskrav:

Kriteria for tilsetjing i stilling som førsteamanuensis/førstelektor går fram av Forskrift til universitets- og høyskoleloven .

Formelle kvalifikasjonar:

  • For fast tilsetjing som førsteamanuensis må søkjar ha fullført doktorgrad i drama og anvendt teater eller anna fagfelt med relevans for stillingsprofilen, for eksempel innanfor estetiske fag/kunstfag.
  • Søkjarar som har levert Ph.d.-avhandling innan søknadsfristen og som har disputert før tiltredingsdato kan óg bli vurdert som kvalifisert.
  • For fast tilsetjing som førstelektor må søkjar ha førstekompetanse i samsvar med forskrifta og med tilsvarande relevanskrav som for førsteamanuensis.
  • Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga. 

Personlege eigenskapar:

  • Den som vert tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men òg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel.
  • Høgt etisk medvit i møte med studentar og tilsette er påkrevd.
  • Den som vert tilsett må vere personleg eigna for stillinga. 

Språkkrav:

  • Undervisningsspråket er norsk, og søkjarar må kunne undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk, samt engelsk.

Følgjande tel positivt i vurderinga:

  • Relevant erfaring frå barnehage, grunnskule, vidaregåande opplæring og/eller høgare utdanning
  • Kontakt og samarbeid med praksisfeltet som dramapedagogikk og anvendt teater realiserer seg i
  • Aktiv bruk digitale verktøy i arbeidskvardagen og erfaring med pedagogisk bruk av IKT
  • Erfaring frå relevante forskings- og utviklingsprosjekt, irekna erfaring med å skaffe ekstern finansiering og utvikling av forskings- og utviklingsprosjekt med praksisfeltet
  • Kunstnarleg verksemd
  • Internasjonal erfaring

 

Utdanningsfagleg kompetanse:

For stilling som førsteamanuensis/førstelektor skal søkjarar dokumentere utdanningsfagleg kompetanse med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV i tråd med Kvalifikasjonskrav til utdanningsfaglig basiskompetanse for ansettelse, opprykk og overgang ved HVL - Høgskulen på Vestlandet

Søkjarar som ved tilsetting ikkje fyller krava, må fylle dei innan to år. HVL tilbyr kurs i universitetspedagogikk.

 

Sakkunnig vurdering:

Søkjarar til vitskaplege stillingar vert vurdert av eit sakkunnig utval. Vurderinga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse, oversikt over arbeida dine, kvar dei er offentleggjort og inntil 5 vitskaplege arbeid som skal leggast ved søknaden i fulltekst. Tilsetjingsorgan er tilsetjingsutval ved Høgskulen på Vestlandet.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjars ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:

  • Vitskaplege arbeid (inntil 5 stk.)
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Attestar og vitnemål.

 

Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga overstig 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje, total maksgrense for opplasting av vedlegg er 50 MB.

Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. 

HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.

Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din. 

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkunige utvalet. På bakgrunn av utvalet si vurdering vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveundervisning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011- førsteamanuensis / 1198 - førstelektor.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskriften kan komme til anvending behandlingen av søknadane.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Assisterande instituttleiar Guri Margrethe Giæver, guri.margrethe.giever@hvl.no

2) Førsteamanuensis Elin Thoresen, elin.thoresen@hvl.no

Inkludere, utfordre og samhandle

Les meir på våre heimesider.

Søk stillingen

Spørsmål om stillinga

  • Guri Margrethe Giæver (Assisterande instituttleiar), +4755585882, Guri.Margrethe.Giever@hvl.no
  • Elin Thoresen (Førsteamanuensis), Elin.Thoresen@hvl.no
Powered by Labrador CMS