LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Førsteamanuensis i psykisk helse- og rusarbeid

Søknadsfrist: 23.09.2022

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 370 tilsette og om lag 4500 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram. Fakultetet tilbyr ph.d.-utdanninga "Helse, funksjon og deltaking". I tillegg har Fakultet for helse- og sosialvitskap ansvar for forskingsområdet: "Innovasjon i offentleg sektor" i ph.d.-utdanninga Responsible Innovation and regional Development (RESINNREG), som er eit samarbeid på tvers av fakulteta.


Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.

Ved Institutt for velferd og deltaking er vi 110 tilsette og 1300 studentar fordelt på studiestadane Bergen og Sogndal. Vi tilbyr bachelorutdanningar i sosialt arbeid, vernepleie og barnevern, og tverrfaglege masterutdanningar i Samfunnsarbeid, Psykisk helse- og rusarbeid og Familieterapi og relasjonelt arbeid, i tillegg til andre etter- og vidareutdanningar. Forskinga ved instituttet er fleirfagleg og rettar seg mot heile det helse - og sosialvitskaplege feltet. Både forsking og undervising ved instituttet har sosial deltaking som kjerneverdi. Det gjeld deltaking gjennom involvering av tenestemottakarar, samt deltaking i sivilsamfunnet, arbeidslivet og i eigen individuell prosess.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei fast stilling i 100 % som førsteamanuensis i psykisk helse- og rusarbeid ved Fakultet for helse-og sosialvitskap, campus Bergen

Stillinga er knytt til Fakultet for helse- og sosialvitskap, Institutt for velferd og deltaking, fagseksjon for master i psykisk helse- og rusarbeid. Fagseksjonen har utdanningstilbod i Bergen og Sogndal

Stillinga er i hovudsak knytt til masterutdanninga i psykisk helse. og rusarbeid, campus Bergen, men ein må også rekne med undervisings- og rettleiingsoppgåver på andre studietilbod i instituttet.

Ansvars- og arbeidsområde:

  • Undervising, rettleiing og evaluering innan fagområdet psykisk helse- og rusarbeid
  • Delta i utvikling av studentaktive læringsformer innan emner knytt til studieprogrammet ved fagseksjonen
  • Institusjonsbyggande arbeid med t.d. kollegarettleiing, fagadministrative oppgåver, emneansvar, internasjonalisering og samhandling med eksterne partnerar
  • Undervising knytt til kvantitativ metode
  • Forsking- og utviklingsarbeid med relevans for fagområdet psykisk helse- og rusarbeid, samt bidra til vidareutvikling av forskingsgrupper
  • Leie og delta i utvikling av nye relevante forskingsprosjekt og utarbeide søknadar om ekstern finansiering saman med kollegaer i fagmiljøet
  • Samarbeid om utdanning og forsking internt i høgskulen, og med nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar

Kvalifikasjonar:

Kriteria for tilsetting i undervisings- og forskarstillingar går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger fastsett av Kunnskapsdepartementet.

For stillinga som førsteamanuensis krevjast:

  • Psykolog, evt. psykologspesialist
  • Avlagd ph.d.-grad med relevans for fagområdet psykisk helse og rusarbeid
  • Utdanningsfagleg kompetanse
  • Interesse for og/eller erfaring med pedagogisk utviklingsarbeid, varierte undervisingsformer og rettleiing frå høgare utdanning
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk eller anna skandinavisk språk, samt engelsk munnleg og skriftleg
  • God IKT kompetanse

Ønska kvalifikasjonar:

  • Klinisk erfaring frå psykisk helse- eller rusteneste
  • Høg kompetanse i kvantitativ metode
  • Erfaring med internasjonalt samarbeid
  • Prosjektleiarerfaring, erfaring frå søknadsarbeid og eksternfinansiert forsking

Personlege eigenskapar:

  • Sjølvstendig og ansvarleg, kreativ og løysingsorientert
  • Positiv innstilling og god evne til å samarbeide med både studentar og kollegaer
  • God evne til formidling
  • Engasjement og interesse for fagleg utvikling

Utdanningsfagleg kompetanse

Søkjarar som ved tilsetjing ikkje fyller krava må fylle dei innan to år. HVL tilbyr kurs i høgskulepedagogikk.

For stilling som førsteamanuensis skal utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV i tråd med kriteriar for utdanningsfagleg basiskompetanse ved tilsetting og opprykk i førsteamanuensis og professorstilling ved HVL

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna

  • vitskaplege arbeid (inntil 7 stk.)
  • fullstendig publikasjonsliste
  • attestar og vitnemål

For førsteamanuensis skal utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV i tråd med Kriterier for utdanningsfaglig basiskompetanse ved ansettelse og opprykk i førsteamanuensis- og professorstilling ved HVL .

Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsettingar. Om vedlegga overstig 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkunnige utvalet. På bakgrunn av utvalet si vurdering, vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveundervising. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving- og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som førsteamanuensis er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 førsteamanuensis.

Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at i tråd med offentleglova, kan opplysingar om søkjaren bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom førespurnad om unntak for offentleggjering ikkje vert teken til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet:

1) Fagseksjonsleiar Hege Almeland Hansen, Tlf: 55 58 55 67/ 452 00 572

2) Instituttleiar Svanaug Fjær, Tlf: 55 55 57 53/ 995 84 428

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS