LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Førsteamanuensis i global helse

Søknadsfrist: 21.10.2022

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund. Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium. HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 400 tilsette og om lag 4900 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram. Fakultetet tilbyr ph.d.-utdanninga "Helse, funksjon og deltaking". I tillegg har Fakultet for helse- og sosialvitskap ansvar for forskingsområdet: "Innovasjon i offentleg sektor" i ph.d.-utdanninga Responsible Innovation and regional Development (RESINNREG), som er eit samarbeid på tvers av fakulteta.

Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena.


Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.

Ved Institutt for helse og funksjon er vi om lag 60 tilsette og 700 studentar med studiestad i Bergen. Vi har bachelorutdanningar i ergoterapi, fysioterapi og radiografi. I tillegg har vi også masterstudium i klinisk fysioterapi med tre studieretningar, masterstudium i kunnskapsbasert praksis med tre studieretningar og tverrfagleg internasjonalt masterstudium i Healthy aging and rehabilitation. Forsking og formidling knytt til desse fagområda og utdanningsforsking er ein viktig del av arbeidsoppgåvene våre.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig 100 % fast stilling som førsteamanuensis i global helse ved Fakultet for helse-og sosialvitskap – campus Bergen

Stillinga er knytt til Fakultet for helse- og sosialvitskap, Institutt for helse og funksjon, Fagseksjon global helse og rehabilitering, Campus Bergen.

Fagseksjon global helse og rehabilitering har ansvar for å drifte masterprogrammet «Healthy ageing and rehabilitation», som er eit internasjonalt og interprofesjonelt digitalt masterprogram. Vi har og ansvar for å drifte og bygge opp EVU-porteføljen ved Institutt for helse og funksjon, og initiere og drifte relevant forsking. Ei viktig oppgåve i tida framover er drifting av eksternt prosjekt for desentralisert vidareutdanning for helsepersonell. Vi søker ein allsidig person med helsefagleg fagbakgrunn og med ei sterk interesse for global helse, læring, utvikling og forsking.

Stillinga er i hovudsak knytt til masterutdanningen ved Fagseksjon for global helse og rehabilitering. Arbeid ved andre utdanningsprogram, kurs og oppdrag kan vere aktuelt, avhengig av søkar sin kompetanse og instituttet sine behov.

Ansvars- og arbeidsområde:

  • Undervisning, rettleiing og vurdering av masterstudentar, primært ved Fagseksjon for global helse og rehabilitering, og emne knytt til fakultetet sine forskingsprofilar.
  • Bidra til forsking knytt til fagseksjonen sine studieprogram i tillegg til fakultetet sine forskingsprofilar
  • Koordinere prosjektet «Desentralisert vidareutdanning for helsepersonell» og ha ansvar for kontakten med kommunane som er med i prosjektet.
  • Delta i utvikling av/og leie nye relevante forskingsprosjekt og utarbeide søknadar om ekstern finansiering saman med nasjonale og internasjonale kollegaer
  • Bidra med utvikling av relevante forskingsområde innan global helse og rehabilitering
  • Bidra innan dei ulike faglege institusjonsbyggande oppgåvene, som til dømes studiekoordinering, emneansvar og vidareutvikling av emne og studieprogram ved fagseksjonen
  • Andre oppgåver knytt til forsking, utvikling, undervisning, formidling og innovasjon innan relevante fagfelt
  • Bidra til å utvikle instituttet sine nasjonale og internasjonale nettverk
  • Bidra innan fagleg institusjonsbyggande arbeid, som rettleiing av tilsette, fagadministrative oppgåver og utvikling av forskergruppene
  • Samarbeid om utdanning og forsking internt i høgskulen, og med nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar

Kvalifikasjonar:

Kriteria for tilsetting i undervisnings- og forskarstillingar går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger fastsett av Kunnskapsdepartementet.

  • For tilsetting som førsteamanuensis er kravet avlagd ph.d-grad innan relevant fagfelt, fortrinnsvis innan internasjonal/global helse
  • Erfaring frå internasjonale FoU-prosjekt
  • Vitskapeleg produksjon innan global helse og/eller aldring vil blir vektlagt
  • Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga
  • Interesse for og/eller erfaring med pedagogisk utviklingsarbeid, varierte undervisningsformer, herunder digitale undervisningsformer, og internasjonaliseringsarbeid frå undervisning og rettleiing i høgare utdanning
  • Svært gode kunnskapar i engelsk skriftleg og muntleg
  • Muntleg og skriftleg framstillingsevne på norsk eller anna skandinavisk språk tilsvarande kompetansenivå B2 eller høgare
  • God IKT-kompetanse

Ønska kvalifikasjonar:

  • Erfaring frå relevante forskings- og utviklingsprosjekt, som til dømes erfaring med å skaffe ekstern finansiering og med utvikling av forskings- og utviklingsprosjekt saman med praksisfeltet
  • Erfaring med internasjonalt samarbeid og/eller arbeidserfaring
  • Erfaring med undervisning og rettleiing i høgare utdanning
  • Det er ein fordel å ha erfaring frå tverrfagleg arbeid og innan leiing/prosjektleeing

Personlege eigenskapar:

  • Sjølvstendig og ansvarleg
  • Positiv innstilling og god evne til å samarbeide med både studentar og kollegaer
  • Lagspelar og nettverksbyggar
  • Gode kommunikasjonsevner og evne til formidling
  • Engasjement og interesse for fagleg utvikling
  • Kreativ og løysingsorientert

Utdanningsfagleg kompetanse

Søkjarar som ved tilsetting ikkje fyller krava, må fylle dei innan to år. HVL tilbyr kurs i høgskulepedagogikk. For stilling som førsteamanuensis skal utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV i tråd med kriteriar for utdanningsfagleg basiskompetanse ved tilsetting og opprykk i førsteamanuensis og professorstilling ved HVL

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:

  • vitskaplege arbeid (inntil 15 stk.)
  • fullstendig publikasjonsliste
  • attestar og vitnemål.

For førsteamanuensis skal utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV i tråd med Kriterier for utdanningsfaglig basiskompetanse ved ansettelse og opprykk i førsteamanuensis- og professorstilling ved HVL .

Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsettingar. Om vedlegga overstig 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkunnige utvalet. På bakgrunn av utvalet si vurdering, vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveundervisning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving- og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som førsteamanuensis er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 førsteamanuensis.

Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at i tråd med offentleglova, kan opplysningar om søkjaren bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom førespurnad om unntak for offentleggjering ikkje vert teken til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet:

1) Fagseksjonsleiar Maria Nordheim Alme, tlf. +47 55 58 59 84

2) Instituttleiar Bjørg Hafslund, tlf. +47 55 58 55 06

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS