LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Førsteamanuensis i dynamisk meteorologi

Søknadsfrist: 15.08.2021

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for ingeniør- og naturvitskap har om lag 270 tilsette og om lag 3200 studentar. Fakultetet har eit breitt utdanningstilbod både på bachelor og masternivå innan ingeniør- og naturfag, samt PhD-utdanning innan datateknologi. Mohnsenteret for innovasjon og regional utvikling forskar på innovasjon og tilbyr masterutdanning innan innovasjon og entreprenørskap. Dykkarutdanninga tilbyr eittårig fagskuleutdanning.


Hovuddelen av fakultetets verksemd er i Haugesund, Bergen, Sogndal og Førde, men vi tilbyr også desentralisert utdanning på Stord frå 2022.


Fakultetets verksemd er internasjonalt forankra og skjer i tett samarbeid med regionale bedrifter, klynger, helseføretak og offentleg sektor, inkludert andre institusjonar i universitets- og høgskulesektoren. Dette gjeld både forsking, utvikling, innovasjon og ikkje minst utdanning med studentprosjekt på alle nivå.


Institutt for miljø- og naturvitskap har om lag 250 studentar og 40 tilsette frå 12 nasjonar. Instituttet tilbyr bachelorutdanningar i fornybar energi, geologi og geofare, og landskapsplanlegging med landskapsarkitektur, masterprogram i Climate Change Management, og semesterprogramma From Mountain to Fjord og Geohazards and Climate Change. Forskinga femner om tema som; energisystem og produksjonsteknologiar, energiøkonomi, berekraftig utvikling, klimaendringar, bre-dynamikk og hydrologi, skred og flaum, berggrunns- og strukturgeologi, økologi, forvaltning og skjøtsel av kulturlandskap, og arealbruk og landskapsøkologi.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig fast stilling som førsteamanuensis ved Fakultet for ingeniør- og naturvitskap

Om stillinga:

Institutt for miljø- og naturvitskap ved Høgskulen på Vestlandet søkjer fast 100% stilling som førsteamanuensis i dynamisk meteorologi.

Arbeidsstaden er campus Sogndal.

Ansvars- og arbeidsområde:

Den som vert tilsett i stillinga skal arbeide med dynamisk meteorologi knytt til Forskningsrådsprosjeket JOSTICE, undervise i naturfag (fysikk) i grunnskulelærar-utdanninga, og undervise i meteorologi ved institutt for miljø- og naturvitskap.

Kvalifikasjonar:

Kriteria for tilsetting i undervisnings- og forskarstilling går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger

Formell utdanning og kompetanse:

  • for tilsetting som førsteamanuensis er kravet avlagt PhD-grad innan dynamisk meteorologi og værfenomen i Norge
  • forskingserfaring på problemstillingar knytt til dynamisk meteorologi og værfenomen i Norge
  • kompetanse og erfaring i fysikk, meteorologi og geofysikk
  • erfaring med forskingsformidling til barn og unge i klasserom og felt
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Ønska kompetanse:

  • kjennskap til Weather Research and Forecasting (WRF) modellering og andre modelleringsverktøy
  • gode IKT-kunnskapar i programmering (Python, Fortran, Matlab og LaTeX)
  • kunnskapskap om diabatiske prosessar knytt til værfenomen i Norge
  • erfaring med meteorologisk feltarbeid og ferdsel i fjellterreng

Undervisningsspråket er norsk og søkjarar må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk. Søkjarar som ikkje meistrar norsk eller eit anna skandinavisk språk må forplikte seg til å gjennomføre kurs i norskopplæring innan to år frå oppstart.

Personlege eigenskapar:

Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar som fleksibilitet, evne til å ta initiativ og engasjement.Utdanningsfagleg kompetanse:Søkjarar som ved tilsetting ikkje fyller krava, må fylle dei innan to år. HVL tilbyr kurs i høgskolepedagogikk.

For stilling som førsteamanuensis skal utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV i tråd med kriteriar for utdanningsfagleg basiskompetanse ved tilsetting og opprykk i førsteamanuensis- og professorstilling ved HVL .

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:

Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsettingar. Om vedlegga er større enn 15MB må dei komprimerast før opplasting, eller leggjast ved som lenkje.

Søknadane blir sendt elektronisk til eit sakkunnig utval. På bakgrunn av utvalet si vurdering vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveundervisning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spanande fagmiljø med moglegheiter for kompetanseheving- og utvikling
  • Moglegheit for trening i arbeidstida

Stillinga som førsteamanuensis er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011- førsteamanuensis

Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at i tråd med offentleglova, kan opplysningar om søkjaren bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista. Søkjar blir varsla dersom førespurnad om unntak for offentleggjering ikkje vert teken til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogelg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting, og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet:

1) Instituttleiar Tarald Seldale-post tarald.seldal@hvl.no

2) Professor Jacob Clement Ydee-post jacob.yde@hvl.no

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS