Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor innan fagområde vernepleie
Søknadsfrist: 25.05.2026
Publisert
Logo til fri bruk, m brukes uendret. Ved sprsml om bruk av logo og visuell profil kontakt profil@hvl.noHedvig Myklebust
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 400 tilsette og om lag 4900 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram. Fakultetet tilbyr ph.d.-utdanninga "Helse, funksjon og deltaking". I tillegg har Fakultet for helse- og sosialvitskap ansvar for forskingsområdet: "Innovasjon i offentleg sektor" i ph.d.-utdanninga Responsible Innovation and regional Development (RESINNREG), som er eit samarbeid på tvers av fakulteta.
Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.Ved Institutt for velferd og deltaking er vi 100 ansatte og 1300 studenter fordelt på studiestadane Bergen og Sogndal. Vi tilbyr bachelorutdanningar i sosialt arbeid, vernepleie og barnevern, og tverrfaglege masterutdanningar i sosialvitskap, Psykisk helse og rusarbeid og Familieterapi og relasjonelt arbeid, i tillegg til andre etter- og vidareutdanningar. Forskinga ved instituttet er fleirfagleg og rettar seg mot heile det helse - og sosialvitskaplege feltet. Både forsking og undervisning ved instituttet har sosial deltaking som kjerneverdi. Det gjeld deltaking gjennom involvering av tenestemottakarar, samt deltaking i sivilsamfunnet, arbeidslivet og i eigen individuell prosess.
Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei fast stilling i 100 % som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor innan fagområde vernepleie ved Fakultet for helse- og sosialvitskap
Om stillinga:
Stillinga inneber undervisning, forsking og fagutvikling på fagområde vernepleie. Pedagogisk arbeid vil ha særleg vekt på helsefaglege tema, både teoretisk og praktisk. Stillinga er i hovudsak knytt til bachelorutdanninga i vernepleie, studiestad Sogndal. Stillinga vil og innebera pedagogisk- , forsking- og utviklingsarbeid i andre studietilbod på instituttet og på tvers av campus. Arbeidsstad er campus Sogndal.
Ansvars- og arbeidsområde:
Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere:
Undervisning i vernepleiefaglege tema, ferdigheitstrening og seminarundervisning
Forskings- og utviklingsarbeid med relevans for institutt for velferd og deltaking
Profesjonsutdanning og norsk autorisasjon som vernepleiar eller sjukepleiar
For tilsetting som førsteamanuensis må søkjar ha fullført doktorgrad
For tilsetting som førstelektor må søkjar ha førstekompetanse i samsvar med forskrifta
For tilsetting som høgskulelektor må søkjar ha mastergrad innan relevant fagområde med gode resultat, normalt med karakter A eller B på masteroppgåva
Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga
Relevant klinisk erfaring og praksisnær kompetanse
Interesse for og/eller erfaring med pedagogisk utviklingsarbeid, varierte undervisningsformer og internasjonaliseringsarbeid frå undervisning og rettleiing i høgare utdanning
God IKT-kompetanse
Undervisningsspråket er norsk og søkjarar må meistre norsk eller ei anna skandinavisk språk på minimum B2-nivå.
Ønska kvalifikasjonar:
Erfaring med undervisning og rettleiing i høgare utdanning
Erfaring og med utvikling av forskings- og utviklingsprosjekt saman med praksisfeltet
Erfaring med internasjonalt samarbeid og/eller arbeidserfaring
Personlege eigenskapar:
Sjølvstendig og ansvarleg
Positiv innstilling og god evne til å samarbeide med både studentar og kollegaer
Fleksibel og løysingsorientert
God evne til formidling
Engasjement og interesse for fagleg utvikling generelt, vernepleiefaget spesielt
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.
Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:
Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga er større enn 50 MB må dei komprimerast før opplasting, eller leggjast ved som lenkje.
HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.
Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.
Søknadane blir sendt elektronisk til eit sakkunnig utval. På bakgrunn av utvalet si vurdering vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveundervisning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Vi tilbyr:
Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
Spanande fagmiljø med moglegheiter for kompetanseheving- og utvikling
Moglegheit for trening i arbeidstida
Stillinga som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 - førsteamanuensi / 1198 - førstelektor / 1008 - høgskulelektor
Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogelg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing, og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt ekportkontrollforskrifta. Forskrifta kan komme til bruk i handsaming av søknadane.