Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i RLE
Søknadsfrist: 15.06.2026
Publisert
Logo til fri bruk, m brukes uendret. Ved sprsml om bruk av logo og visuell profil kontakt profil@hvl.noHedvig Myklebust
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 16 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 5 700 studentar og 530 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.
Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag har ca. 200 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.
Instituttet gjev undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdanningane, bachelorutdanningar og praktisk-pedagogisk utdanning. I tillegg bidreg instituttet i to-årige masterutdanningar og i Ph.d.-programmet Studier av danning og didaktiske praksisar. Instituttet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.
Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.
Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig inntil to mellombelse stillingar som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i RLE ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.
Om stillinga:
Stillinga er knytt til faggruppa RLE. Faggruppa er organisert på tvers av studiestadane. Fagmiljøet har forutan brei kompetanse innanfor religion, livssyn og etikk, også kompetanse innanfor fagfelt som t.d. kulturelt og religiøst mangfald, sekularisering, profesjonsetikk og religionsdidaktikk. Fagmiljøet tilbyr fleire etter- og vidareutdanningar og mastertilbod i tillegg til å bidra i barnehagelærarutdanninga og dei femårige grunnskulelærarutdanningane.
Stillinga inngår i Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag, med arbeidsstad ved campus Bergen, og er ledig frå 01.08.2026 til 31.07.2027.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
Stillinga har følgjande ansvars- og arbeidsoppgåver:
Undervise, rettleie, vurdere, følgje opp studentar i praksis og utvikle studentaktive læringsformer i tråd med krav i universitets- og høgskuleforskrifta. Desse oppgåvene vil primært vere knytt til etter- og vidareutdanningar, ulike masterprogram, grunnskulelærarutdanningane (integrert 5 årig master) og barnehagelærarutdanninga, alt etter søkjar sin kompetanse og instituttet sine behov.
Rettleie og leggje til rette for læringsprosessar i barnehagar og/eller skular, samt støtte deira eigarar i anna arbeid med lokalt utviklingsarbeid.
Institusjonsbyggjande arbeid irekna: fagadministrative oppgåver, internasjonalisering og samhandling med eksterne partnarar.
For tilsetting som førsteamanuensis må søkjar ha fullført doktorgrad innanfor fagområde som er relevant for undervisning i RLE i lærarutdanninga, inkludert RLE-faglege bidrag i pedagogikk og elevkunnskap, og SRLE i barnehagelærarutdanninga, fortrinnsvis innanfor religionsvitskap, filosofi, etikk eller fagdidaktikk med relevans for KRLE-faget i grunnskulen.
For tilsetting som førstelektor må søkjar dokumentere kompetanse i samsvar med forskrifta og med tilsvarande relevanskrav som for førsteamanuensis.
For tilsetting som høgskulelektor må søkjar ha hovudfag/mastergrad med gode resultat, normalt A eller B på masteroppgåva, innanfor same fagfelt som for førsteamanuensis/førstelektor.
Søkjar må ha undervisningserfaring frå skule eller barnehage.
Personlege eigenskapar:
Den som vert tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men òg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel.
Høgt etisk medvit i møte med studentar, tilsette og samarbeidspartar er påkravd.
Den som vert tilsett må vere personleg eigna for stillinga.
Språkkrav:
Undervisningsspråket er norsk, og søkjarar må meistre norsk og/eller eit anna skandinavisk språk flytande.
Følgjande tel positivt i vurderinga:
Erfaring med digitale verktøy og læringsressursar.
Erfaring frå utviklingsarbeid i skule eller barnehage.
Lengre erfaring frå undervisning og opplæring.
Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Korleis søkje på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.
Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:
Søknadsbrev
Oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
Attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar
Ei liste over relevante publikasjonar (inntil 5 publikasjonar)
Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga overstig 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje, total maksgrense for opplasting av vedlegg er 50 MB.
HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.
Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.
Søkjarar kan ikkje sende søknadar på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Vi tilbyr:
Gode pensjons- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse
Spanande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
Høve for trening i arbeidstida
Stillinga som førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 - Førsteamanuensis / 1198 - Førstelektor / 1008 - Høgskulelektor.
Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskriften kan komme til anvending i behandlingen av søknadane.