LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i kroppsøving og friluftsliv

Søknadsfrist: 07.05.2026

Logo til fri bruk, m brukes uendret. Ved sprsml om bruk av logo og visuell profil kontakt profil@hvl.no

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 16 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6 600 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.

Institutt for idrett, kosthald og naturfag har ca. 120 tilsette i Sogndal, Bergen og på Stord. Fagområda i instituttet omfattar idrett, kroppsøving, fysisk aktivitet, folkehelse, friluftsliv, naturfag og mat og helse. Instituttet er óg ansvarleg for oppfølging av Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet.Instituttet har ansvar for fleire utdanningar på bachelornivå innan idrett, friluftsliv og folkehelse. I tillegg kjem masterutdanningar i idrettsvitskap, lærarutdanning i praktiske og estetiske fag for trinn 1-13 kroppsøving og idrettsfag og master i didaktiske praksisar. Instituttet gir óg undervisning i fysisk fostring, naturfag og mat og måltid i barnehagelærarutdanninga, i mat og helse, naturfag og kroppsøving i dei femårige grunnskulelærarutdanningane, og kroppsøving og naturfag i praktisk-pedagogisk utdanning. Instituttet bidreg og i fakultetet sitt Ph.d.-program: Danning og didaktiske praksisar. Instituttet har studietilbod for utanlandske studentar på alle tre campus, samt etter- og vidareutdanningstilbod. Tilsette på instituttet er involvert i forsking og utviklingsarbeid som er relevant for aktiviteten ved fakultetet og deltek i faglege nettverk både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet er og ein viktig aktør regionalt og nasjonalt for å bidra til kompetanseutvikling i skule, barnehage, idrett, friluftsliv, helse- og treningssenterbransje m.m. 

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei mellombels stilling som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i kroppsøving og friluftsliv ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.

Om stillinga:

Stillinga er knytt til kroppsøvings- og idrettsfagmiljøet for lærar- og idrettsutdanningane i Sogndal. Fagmiljøet er stort og dynamisk med eit rikt og mangfaldig forskarmiljø med pågåande prosjekt nasjonalt og internasjonalt, og med brei kompetanse innanfor kroppsøving og friluftsliv. I tillegg til å bidra i dei femårige grunnskulelærarutdanningane og bachelor i friluftsliv, deltek fagmiljøet også i barnhagelærarutdanningane, internasjonale emne, samt etter- og vidareutdanningstilbod. Fagmiljøet er og aktivt deltakande i doktorgradsprogrammet «Danning og didaktiske praksisar».

Stillinga utgjer 100% stilling og inngår i Institutt for idrett, kosthald og naturfag.

Arbeidsstaden er campus Sogndal og stillinga er ledig i tida 01.08.2026 - 31.07.2027.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Stillinga har følgjande ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Undervise, rettleie og utvikle studentaktive læringsformer i tråd med krav i universitets- og høgskuleforskrifta. Desse oppgåvene vil vere knytt til kroppsøving i 5-årig grunnskulelærarutdanning, bachelor i friluftsliv og Outdoor Education for internasjonale studentar.
  • Bidra konstruktivt og framoverlent i fagmiljøa og vere ein pådrivar for å utvikle kultur for kvalitet i undervisning og utdanning
  • Det kan bli aktuelt å undervise i andre studieprogram ved instituttet som t.d. barnahgelærarutdanning, idrett, samt etter- og vidareutdanning.
  • Arbeidsoppgåver innan kollektiv kompetanseutvikling, og oppdrag knytt til nasjonale og regionale oppdrag innan kroppsøvingsfaget kan bli aktuelt.
  • Institusjonsbyggjande arbeid irekna; fagadministrative oppgåver, internasjonalisering og samhandling med eksterne partnarar
  • Aktivt bruke digitale verktøy i arbeidskvardagen 
  • Det kan bli aktuelt med undervisning ved andre campus enn Sogndal.

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

Kriteria for tilsetting i undervisnings- og forskarstilling går fram av Forskrift til universitets- og høyskoleloven

For tilsetting som førsteamanuensis må søkjar ha fullført doktorgrad med relevans for stillingsprofilen.

For tilsetting som førstelektor må søkjar dokumentere kompetanse i samsvar med forskrifta og med tilsvarande relevanskrav som for førsteamanuensis.

For tilsetting som høgskulelektor må søkjar ha hovudfag/mastergrad med gode resultat, normalt A eller B på masteroppgåva, og med tilsvarande relevanskrav som for førsteamanuensis/førstelektor.

 

Undervisningsspråket er norsk og søkjarar må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk. 

 

Ønska kvalifikasjonar:

  • Pedagogisk kompetanse og relevant erfaring frå kroppsøving i grunnskule, vidaregåande opplæring og/eller høgare utdanning.
  • Pedagogisk kompetanse og relevant erfaring frå friluftsliv.
  • Variert rettleiarerfaring kor også ein kvalitativ tilnærming til arbeid med problemstillingar rundt kroppsøving som skule- og lærarutdanningsfag, er vektlagt i teori og praksis.
  • Kompetanse i og erfaring frå arbeid med symjeopplæring utandørs og i basseng.
  • Erfaring med emneansvar.
  • Erfaring frå frivillig sektor innan friluftsliv og/eller idrett er eit føremon.
  • Erfaring frå å jobbe med internasjonale nettverk, særleg frå UH-sektoren, er eit føremon.
  • Erfaring frå relevante forskings- og utviklingsprosjekt i forhold til stillingsprofilen, det kan spesifikt f.eks. vere ein utdanningsvitskapleg tilnærming der didaktikk, danning og læring, samt profesjonsutvikling er vektlagt.

 

Personlege eigenskapar:

  • Den som vert tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men òg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel. 
  • Høgt etisk medvit i møte med studentar, tilsette og samarbeidspartar er påkravd.
  • Den som vert tilsett må vere personleg eigna for stillinga.

 

Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.

Korleis søkje på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:

  • Søknadsbrev
  • Oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
  • Attesterte kopiar av vitnemål relevante attestar
  • Ei liste over relevante publikasjonar (inntil 5 publikasjonar)

Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga overstig 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje, total maksgrense for opplasting av vedlegg er 50 MB.

Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. 

HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.

Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din. 

Søkjarar kan ikkje sende søknadar på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen. 

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse
  • Spanande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 - Førsteamanuensis / 1198 - Førstelektor / 1008 - Høgskulelektor.

Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskriften kan komme til anvending i behandlingen av søknadane.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

Assisterande insituttleiar Bernt Rydland Olsen

Tlf.: 55 58 56 52

E-post: bernt.rydland.olsen@hvl.no

Inkludere, utfordre og samhandle

Les meir på våre heimesider.

Søk stillingen

Powered by Labrador CMS