Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Førsteamanuensis / førstelektor i norsk - inntil 2 faste stillingar

Søknadsfrist: 08.03.2020

Ved Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI), er det ledig inntil 2 faste stillingar som førsteamanuensis/førstelektor i norsk.

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelt på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6 200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.


Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking har 160 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.


Instituttet gir undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdanningane (masternivå frå hausten 2017), og i bachelorutdanninga i teiknspråk og tolking. I tillegg gir instituttet masterutdanningar i undervisningsvitskap og masterutdanning i barne- og ungdomslitteratur. Instituttet bidrar også i Ph.D.-programmet Danning og didaktiske praksisar.


Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av skule- og profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.

Stillingane inngår i Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking ved campus Sogndal.

Vi søkjer personar som kan bidra med fagleg, kreativ og innovativ kompetanse retta mot arbeid i skule og barnehage. Det må påreknast noko reising i stillingane.

Ei stilling ønskjer vi å tilsetje snarast og den andre stillinga er ledig frå 1.8.2020.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Stillingane har følgjande ansvars- og arbeidsoppgåver:

Arbeidet omfattar undervising, rettleiing og utvikling av studentaktive læringsformer i grunnskulelærarutdanningane, barnehagelærarutdanningane og vidareutdanningane i tråd med studietilsynsforskriften. Oppgåvene vil vere knytt til bachelor-, master-, og ph.d.-utdanning og innanfor etter-og vidareutdanning. Dei tilsette må kunne rettleie studentane i skriftlege arbeid, ta på seg studieadministrative oppgåver, samt delta i samarbeidsprosjekt. Undervising på nett høyrer òg med til arbeidsoppgåvene.

Forsking og utviklingsarbeid på problemstillingar med relevans til faget og instituttet ligg òg til stillinga. Det vert forventa at dei tilsette deltek i utvikling av forskingsprosjekt og utarbeiding av søknadar om ekstern finansiering saman med kollegaer i fagmiljøet. Fakultetet har fem strategiske forskingsprogram (Kunst, kreativitet og kulturelle praksisar; Språk, kommunikasjon og læring; Praksisnær profesjons- og utdanningsforsking; Berekraft, medverknad og mangfald og Idrett, fysisk aktivitet og kosthald) og det blir forventa at dei tilsette bidreg med forsking innretta mot eitt eller fleire av programma.

Til stillingane ligg det òg institusjonsbyggjande arbeid, som rettleiing av tilsette, fagadministrative oppgåver, internasjonalisering og samhandling med eksterne partnarar.

Kvalifikasjonskrav:

For fast tilsetting som førsteamanuensis må søkjar ha avlagt doktorgrad i norsk/nordisk/norskdidaktikk eller innanfor eit område med relevans for følgande område: språk/språkdidaktikk, litteratur/litteraturdidaktikk, lese- og skriveopplæring. Tilsetting som førstelektor må søkjar ha kompetanse på nivå med norsk doktorgrad, og med tilsvarande relevanskrav som for førsteamanuensis.

Den som blir tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men òg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel.Høgt etisk medvit i møte med studentar er påkravd. Den som blir tilsett, må vere personleg eigna for stillinga.

Undervisningsspråket er norsk, og søkjarar må meistre norsk eller eit annaskandinavisk språk.

Det tel positivt i vurderinga om søkjarane har erfaring frå relevante forskings- og utviklingsprosjekt, som erfaring med å skaffe ekstern finansiering og utvikling av forskings- og utviklingsprosjekt med praksisfeltet. Det vil òg telje positivt med pedagogisk kompetanse og relevant erfaring frå barnehage, grunnskule, vidaregåande opplæring eller høgare utdanning.

Aktuelle kandidatar blir innkalla til intervju med prøveforelesing.

Kriteria for tilsetjing i stilling som førsteamanuensis/førstelektor går fram av forskrift om tilsetjing og opprykk i undervisnings- ogforskarstillingar fastsett av Kunnskapsdepartementet:

https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-02-09-129

Høgskulepedagogikk/ rettleiing:

Dersom den som vert tilsett ikkje har praktisk pedagogiske kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og rettleiing, må vedkommande kvalifisere seg via kurs i høgskulepedagogikk og rettleiing innan to år frå tilsetjingsdato jf. nasjonale rettleiande retningslinjer for UH-pedagogisk basiskompetanse, fastsett av Universitets- og høgskolerådet mai 2018.

Sakkyndig vurdering:

Søkjarar til vitskaplege stillingar vert vurdert av eit sakkyndig utval. Bedømminga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse, oversikt over arbeida dine og kor dei er offentleggjort og inntil 5 vitskaplege arbeid som skal leggjast ved søknaden i fulltekst.

Tilsetjingsorgan er tilsetjingsutval ved Høgskulen på Vestlandet.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, her dei vitskaplege arbeida (inntil 5 stk.), fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkyndige utvalet. På bakgrunn av utvalet si innstilling vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveforelesning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillingane som førsteamanuensis/førstelektor er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011/1198.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskjet ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hull i CV. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Assisterande instituttleiar Bente Sollid, tlf.: 57 67 61 94 / 990 28 769, e-post: bente.nikolaisen.sollid@hvl.no

2) Faggruppeleiar i norsk Pernille R. Jensen, tlf.: 57 67 60 85 / 476 41 790, e-post: pernille.jensen@hvl.no

Søk stilling

Powered by Labrador CMS