Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Førsteamanuensis / førstelektor i matematikkdidaktikk - inntil 2 faste stillingar

Søknadsfrist: 08.03.2020

Ved Høgskulen på Vestlandet er det ledig inntil 2 faste stillingar som førsteamanuensis/førstelektor i matematikkdidaktikk ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6 200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.


Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking har 160 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.


Instituttet gir undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdanningane (masternivå frå hausten 2017), og i bachelorutdanninga i teiknspråk og tolking. I tillegg gir instituttet masterutdanningar i undervisningsvitskap og masterutdanning i barne- og ungdomslitteratur. Instituttet bidrar også i Ph.D.-programmet Danning og didaktiske praksisar.


Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av skule- og profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.

Stillingane inngår i Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking ved campus Sogndal, og er ledig frå 1.8.2020.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Stillinga har følgandeansvars-og arbeidsoppgåver:

  • Undervisningsfaga er matematikk/matematikkdidaktikk eventuelt også naturfagdidaktikk for kvalifisert person.
  • Undervise, rettleie og utvikle studentaktive læringsformer i tråd med krav i studietilsynsforskrifta. Disse oppgåvene vil vere knytt til bachelor og masterutdanning og etter- og vidareutdanning i fagområda matematikk/matematikkdidaktikk i grunnskulelærarutdanningane (1.–7. og 5.–10.) og i barnehagelærarutdanninga. Arbeidsoppgåver innanfor etter- og vidareutdanning og/eller kurs og oppdragsverksemd kan også vere aktuelt, avhengig av kva kompetanse du har, og instituttet/fagmiljøet sine behov. Det må påreknas noko reising i samband med undervisning på etter-og vidareutdanning.
  • Forsking- og utviklingsarbeid med klar relevans for instituttets fagområder. Fakultetet har 5 strategiske forskingsprogram (Kunst, kreativitet og kulturelle praksisar; Språk, kommunikasjon og læring; Praksisnær profesjons-og utdanningsforsking; Berekraft, medverknad og mangfald og Idrett, fysisk aktivitet og kosthald) og det blir forventa at dei tilsette bidreg med forsking innretta mot eitt eller fleire av programma.
  • Institusjonsbyggjande arbeid som rettleiing avtilsette, fagadministrative oppgåver, internasjonalisering og samhandling med eksterne partnarar.
  • Delta i utvikling av forskingsprosjekt og utarbeide søknader om ekstern finansiering samenmed kollegaer i fagmiljøet.
  • Aktivt bruke digitale verktøy i arbeidskvardagen.

Kvalifikasjonskrav:

For fast tilsetting som førsteamanuensis må søkjar ha avlagt doktorgrad i matematikk/statistikk/matematikkdidaktikk eller innanfor eit relevant realfag som til dømes fysikk/fysikkdidaktikk/naturfagdidaktikk. For tilsetting som førstelektor må søkjar ha kompetanse på nivå med norsk doktorgrad, og med tilsvarande relevanskrav som for førsteamanuensis. Søkjar må kunne dokumentere god kunnskap i matematikk/matematikkdidaktikk, og det er ønskjeleg med kunnskap i naturfag/naturfagdidaktikk som til dømes fysikk, kjemi eller biologi.

Den som blir tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men òg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel.Høgt etisk medvit i møte med studentar er påkravd.

Undervisningsspråket er norsk og søkararmå meistre norsk eller eit annaskandinavisk språk.

Den som blir tilsett må vere personleg egna for stillinga.

Følgjande tel positivt i vurderinga:

  • Erfaring frå relevante forskings- og utviklingsprosjekt, herunder erfaring med å skaffe ekstern finansiering og utvikling av forsknings- og utviklingsprosjekt med praksisfeltet.
  • Pedagogisk kompetanse og relevant erfaring frå barnehage, grunnskule, vidaregåande opplæring eller høgare utdanning.
  • Internasjonal erfaring.

Aktuelle kandidatar vert innkalla til intervju med prøveforelesing.

Kriteria for tilsetjing i stilling som førsteamanuensis/førstelektor går fram av forskrift om tilsetjing og opprykk i undervisnings- og forskarstillingar fastsett av Kunnskapsdepartementet:

https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-02-09-129.

Høgskulepedagogikk/ rettleiing:

Dersom den som vert tilsett ikkje har praktisk pedagogiske kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og rettleiing må vedkommande kvalifisere seg via kurs i høgskulepedagogikk og rettleiing innan to år frå tilsetjingsdato jf. nasjonale rettleiande retningslinjer for UH-pedagogisk basiskompetanse, fastsett av Universitets- og høgskolerådet mai 2018.

Sakkyndig vurdering:

Søkjarar til vitskaplege stillingar vert vurdert av eit sakkyndig utval. Bedømminga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse, oversikt over dine arbeid og kor dei er offentleggjort, og inntil 5 vitskaplege arbeid som skal leggast ved søknaden i fulltekst.

Tilsetjingsorgan er tilsetjingsutval ved Høgskulen på Vestlandet.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, her dei vitskaplege arbeida (inntil 5 stk.), fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkyndige utvalet. På bakgrunn av komiteen si innstilling vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveforelesning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillingane som førsteamanuensis/førstelektor er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011/1198.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskjet ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hull i CV. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Matematikk fagkoordinator Terje Myklebust, tlf.: 57 67 63 02 / 907 27 070, e-post: terje.mykle@hvl.no

2) Assisterande instituttleiar Bente Sollid, tlf.: 57 67 61 94 / 990 28 769, e-post: bente.sollid@hvl.no

Søk stilling

Powered by Labrador CMS