Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Førsteamanuensis / førstelektor i kunst og handverk

Søknadsfrist: 16.02.2020

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis/førstelektor i kunst og handverk ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI).

Stillinga inngår i Institutt for kunstfag (IK) og har arbeidsplass ved campus Sogndal.

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6 200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.


Institutt for kunstfag har 70 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fagområda omfattar musikk, drama og anvendt teater og kunst- og handtverk. Instituttet tilbyr utdanningar på bachelor, master, årsstudium og etter- og videreutdanning-nivå. Instituttet gir og undervisning på sine fagområde i barnehagelærarutdanninga og ved grunnskulelærarutdanningane og bidrar i fakultetet sitt Ph.D.-program Danning og didaktiske praksisar.

Instituttet har som mål å vere i front av skule- og profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt, og vere ei drivkraft for utvikling av kunstfag på høgt nivå og med klar relevans for barnehage, skule og kulturfeltet. Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Stillinga har følgjande ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Arbeidsoppgåvene vil primært vere knytt til undervisning, oppfølging i praksis, rettleiing og evaluering på barnehagelærar- og grunnskulelærarutdanningane samt bidra inn mot satsingane Dekomp og Rekomp. Ein del av undervisninga skjer digitalt.
  • Vidareutvikling av studietilboda til instituttet.
  • Kunstnarleg utviklingsarbeid og forsking med klar relevans for instituttet sitt fagområde ligg også til stillinga og du bør skissere aktuelle forskings- og utviklingstema i søknaden.
  • Delta i utvikling av forskingsprosjekt og utarbeide søknader om ekstern finansiering saman med kollegaer i fagmiljøet.

Kvalifikasjonskrav:

  • For tilsetjing som førsteamanuensis må søkjar ha avlagt doktorgrad innan fagområdet kunst og handverk eller anna relevant område.
  • For tilsetjing som førstelektor må søkjar ha dokumentert omfattande forskings- og utviklingsarbeid som i kvalitet og omfang er på nivå med norsk doktorgrad, og med tilsvarande relevanskrav som for førsteamanuensis.
  • Praksisnær kompetanse, spesielt erfaring frå praktisk, skapande arbeid i kunst og handverk.
  • Erfaring frå arbeid med barn og unge, fortrinnsvis skule eller barnehage.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk eller anna skandinavisk språk samt engelsk.

Følgjande tel positivt i vurderinga:

  • Erfaring frå relevante forskings- og utviklingsprosjekt, irekna erfaring med å skaffe ekstern finansiering og utvikling av forskings- og utviklingsprosjekt med praksisfeltet.
  • Pedagogisk kompetanse og relevant erfaring eller kunnskap frå barnehage, grunnskule eller vidaregåande opplæring.
  • Undervisning- og rettleiingskompetanse frå høgare utdanning.
  • Relevant internasjonal erfaring.

Personlege eigenskapar:

Den som vert tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men òg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel. Høgt etisk medvit i møte med studentar er påkravd. Det er forventa at den som vert tilsett aktivt kan bruke digitale verktøy i arbeidskvardagen.

Dersom det ikkje melder seg fullt ut kvalifiserte søkjarar vil instituttet vurdere å tilsetje i mellombels kvalifiseringsstilling i inntil tre år. Ved oppnådd kompetanse, seinast innan tre år frå tiltredinga, vil den tilsette få tilbod om fast stilling.

For kvalifiseringsstilling til førsteamanuensis gjeld følgande:

Den som vert tilsett må vere tatt opp i eit doktorgradsprogram, ha studierett i doktorgradsprogrammet i minst 2 år etter tiltreding i stillinga og ha fullført eventuell stipendperiode ved tiltreding. Den som blir tilsett på dette vilkåret kan bruke inntil 40% av arbeidstida i 1,5 år til avhandlinga, og det blir føresett at avhandlinga vert levert innan 1,5 år etter tiltreding og at søkaren er kreert innan 2 år etter tilsetjing. Bindingstid er 1,5 år etter fast tilsetjing. Dersom ein søkjer om kvalifiseringsstilling til førsteamanuensis skal det legges ved ein framdriftsplan og tilråding frå gradsinstitusjon og hovudrettleiar.

For kvalifiseringsstilling til førstelektor gjelder følgande:

Den som vert tilsett må ha hovudfag eller mastergrad med B eller betre på hovudfagsoppgåva/masteroppgåva, og må ha minst ein vitskapleg publikasjon som kan inngå i førstelektorsøknaden. Den som vert tilsett på dette vilkåret kan bruke inntil 30% av arbeidstida i 3 år til kvalifiseringsarbeid, og det blir føresett at søknad om førstestillingskompetanse er send seinast 3 år etter tiltreding. Bindingstid er 2 år etter fast tilsetjing. Dersom ein søkjer om kvalifiseringsstilling til førstelektor skal det leggast ved eit profileringsdokument med framdriftsplan.

Aktuelle kandidatar vert innkalla til intervju med prøveforelesing.

Kriteria for tilsetjing i stilling som førsteamanuensis/førstelektor går fram av forskrift om tilsetjing og opprykk i undervisnings- og forskarstillingar fastsett av Kunnskapsdepartementet:

https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-02-09-129.

Høgskulepedagogikk/rettleiing:

Dersom den som vert tilsett ikkje har praktisk pedagogiske kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og rettleiing må vedkommande kvalifisere seg via kurs i høgskulepedagogikk og rettleiing innan to år frå tilsetjingsdato jf. nasjonale rettleiande retningslinjer for UH-pedagogisk basiskompetanse, fastsett av Universitets- og høgskolerådet mai 2018.

Sakkyndig vurdering:

Søkjarar til vitskaplege stillingar vert vurdert av eit sakkyndig utval. Bedømminga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse, oversikt over dine arbeidar, kor dei er offentleggjort og inntil 5 vitskaplege arbeid som skal leggjast ved søknaden i fulltekst. Tilsetjingsorgan er tilsetjingsutval ved Høgskulen på Vestlandet.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Me gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, her dei vitskaplege arbeida (inntil 5 stk.), fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkyndige utvalet. På bakgrunn av utvalet si innstilling vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveforelesning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskolen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse.
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling.
  • Høve for trening i arbeidstida.

Stillinga som førsteamanuensis/førstelektor er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011(førsteamanuensis)/1198 (førstelektor).

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jf. ny Offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hull i CV. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.

Kontaktperson(ar) ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Instituttleiar Oded Ben-Horin, tlf. 53 49 14 56.

2) Assisterande instituttleiar Hege Gjerde Sviggum, tlf. 57 67 60 56.

Søk stilling

Powered by Labrador CMS