Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Førsteamanuensis / førstelektor i historie (Campus Bergen)

Søknadsfrist: 02.02.2020

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis/ førstelektor i historie ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.

Stillinga inngår i Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag , campus Bergen.

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.


Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag har 180 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.


Instituttet gir undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanningane (masternivå frå 2017), bachelorutdanningar i folkehelse og idrett/kroppsøving, praktisk pedagogisk utdanning og masterutdanningar i undervisningsvitskap, samfunnsfagdidaktikk, IKT i læring, utdanningsleiing, barnehagekunnskap, læring og undervisning og spesialpedagogikk. Instituttet bidrar også til fakultetet sitt Ph.D.-program Danning og didaktiske praksisar.


Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Stillinga er primært knytt til arbeid i grunnskulelærarutdanningane (integrert 5-åring master) og eventuelt barnehagelærarutdanninga.

Stillinga har følgande ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Undervisning, rettleiing, vurdering og oppfølging i praksis. Utvikle studentaktive læringsformer i tråd med krav i studietilsynsforskrifta. Arbeid i andre utdanningar, kurs og oppdrag kan bli aktuelt avhengig av søkjar sin kompetanse og instituttet sitt behov. Nokre av arbeidsoppgåvene kan bli knytt til skulebasert kompetanseutvikling i samarbeid med kommunar på Vestlandet.
  • Forsking- og utviklingsarbeid med klar relevans for instituttet sine fagområde. Fakultetet har 5 strategiske forskingsprogram (Kunst, kreativitet og kulturelle praksisar; Språk, kommunikasjon og læring; Praksisnær profesjons- og utdanningsforsking; Berekraft, medverknad og mangfald og Idrett, fysisk aktivitet og kosthald) og det blir forventa at dei tilsette bidreg med forsking innretta mot eitt eller fleire av programma.
  • Institusjonsbyggjande arbeid irekna: rettleie tilsette, fagadministrative oppgåver, internasjonalisering og samhandling med eksterne partnarar
  • Delta i utvikling av forskingsprosjekt og utarbeide søknader om ekstern finansiering samen med kollegaer i fagmiljøet
  • Aktivt bruke digitale verktøy i arbeidskvardagen
  • Det kan bli aktuelt med noko reising i stillinga.

Avhengig av søkarane sin kompetanse og instituttet sitt behov vil oppgåver og ansvar bli avtala nærmare.

Kvalifikasjonskrav:

For fast tilsetjing som førsteamanuensis må søkar ha avlagt doktorgrad i historie eller historiedidaktikk. For tilsetjing som førstelektor må søkar ha kompetanse på nivå med norsk doktorgrad, og med tilsvarande relevanskrav som for førsteamanuensis. Søkaren må ha kompetanse innanfor moderne historie, men noko undervisning i eldre historie må også påreknast.

Søkarane må:

  • Ha interesse for barn og unges læring og utvikling
  • Meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk, samt kunne bruke engelsk skriftleg og munnleg

Den som blir tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men òg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel. Høgt etisk medvit i møte med studentar er påkravd.

Den som blir tilsett må vere personleg egna for stillinga.

Følgande teller positivt i vurderinga

  • Erfaring frå relevante forskings- og utviklingsprosjekt, irekna erfaring med å skaffe ekstern finansiering og utvikling av forskings- og utviklingsprosjekt med praksisfeltet
  • Pedagogisk kompetanse og relevant erfaring frå barnehage, grunnskule, vidaregåande opplæring eller høgare utdanning
  • Internasjonalt nettverk og erfaring frå internasjonalt arbeid

Aktuelle kandidatar blir innkalla til intervju med prøveforelesing.

Kriteria for tilsetjing i stilling som førsteamanuensis/førstelektor går fram av forskrift om tilsetjing og opprykk i undervisnings- og forskarstillingar fastsett av Kunnskapsdepartementet: https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-02-09-129

Høgskulepedagogikk/ rettleiing:

Dersom den som blir tilsett ikkje har formell praktisk pedagogisk kompetanse, må vedkommande kvalifisere seg via kurs i høgskulepedagogikk og rettleiing innan to år frå tilsetjingsdato jf. nasjonale rettleiande retningsliner for UH-pedagogisk basiskompetanse, fastsett av Universitets- og høgskulerådet mai 2018.

Sakkunnig vurdering:

Søkarar til vitskaplege stillingar blir vurdert av ein sakkunnig komité. Bedømminga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse, oversikt over dine arbeid og kor dei er offentleggjort og inntil 5 vitskaplege arbeid som skal leggast ved søknaden i fulltekst. Tilsetjingsorgan er tilsetjingsutval ved Høgskulen på Vestlandet.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Me gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjars ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, her dei vitskaplege arbeida (inntil 5 stk.), fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsettjingar. Hvis vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkyndige utvalet. På bakgrunn av komiteen si innstilling vil aktuelle søkjarar verta innkalt til intervju og prøveforelesning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskolen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 - førsteamanuensis eller i stillingskode 1198 - førstelektor.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Instituttleiar Jan Helge Kallestad, tlf. 55 58 59 43

Søk stilling