Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i datateknologi

Søknadsfrist: 23.02.2020

Inntil 3 faste stillingar Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i datateknologi

Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for ingeniør- og naturvitskap har ledig inntil 3 faste stillingar som førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor innan datateknologi

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for ingeniør- og naturvitskap har om lag 270 tilsette og om lag 3200 studentar. Fakultetet har eit breitt utdanningstilbod både på bachelor og masternivå innan ingeniør-

og naturfag, samt PhD-utdanning innan datateknologi. Mohnsenteret for innovasjon og regional utvikling forskar på innovasjon og tilbyr masterutdanning innan innovasjon og entreprenørskap. Dykkarutdanninga tilbyr eittårig fagskuleutdanning.

Hovuddelen av fakultetets verksemd er i Haugesund, Bergen, Sogndal og Førde, men vi tilbyr også desentralisert utdanning i Florø, Kristiansund og på Stord.

Fakultetets verksemd er internasjonalt forankra og skjer i tett samarbeid med regionale bedrifter, klynger, helseføretak og offentleg sektor, inkludert andre institusjonar i universitets- og høgskulesektoren. Dette gjeld både forsking, utvikling, innovasjon og ikkje minst utdanning med studentprosjekt på alle nivå.

Stillingane er knytt til bachelorutdanninga i informasjonsteknologi ved campus Førde.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Arbeidsoppgåvene vil vere undervisning, rettleiing, vurdering og oppfølging av studentar innan datafagleg utdanning.Aktuelle kandidatar må kunne undervise kurs i grunnleggjande og vidaregåande programmering med Java.Vidare må ho/han kunne undervise i eitt eller fleire av temaene:

  • algoritmar
  • databasar
  • operativsystem
  • systemutvikling
  • nettverk og distribuerte applikasjonar
  • programmering av mobile applikasjonar

Arbeidet kan også inkludere koordinering av studiet ved campus Førde, som til dømes sørge for godt samarbeid med kollegaer ved informasjonsteknologistudiet ved campus Bergen, involvering av lokal bedrifter i undervisninga og sørge for god dialog med studentar i studieadministrative saker.

Informasjonsteknologistudiet ved campus Førde har eit godt samarbeid med næringsklynga for IKT i nærregionen. Per i dag er det eit fagmiljø rundt realfag, robotikk og automatisering på campus. Det er ingen fast tilsette ved informasjonsteknologistudiet ved campus Førde i dag, og den som vert tilsett må kunne bidra til å etablere eit fagleg miljø rundt forsking og utdanning innan datateknologi i Førde, og legge til rette for samarbeidsprosjekt med næringslivet.

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • mastergrad eller høgare i informatikk/datafag eller tilsvarande. For tilsetting som førsteamanuensis er det i tillegg krav om relevant doktorgrad. For tilsetting som førstelektor er det krav om dokumentert relevant kompetanse.
  • brei kompetanse innan datateknologi med vekt på objektorientert programmering
  • erfaring frå eitt eller fleire av fagområda algoritmar, databasar, operativsystem, systemutvikling, nettverk og distribuerte applikasjonar, programmering av mobile applikasjonar
  • undervisningsspråket er norsk, og det er ein føresetnad at den som vert tilsett kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk

Søkjarar bør ha erfaring med forsking som er relevant for fagfeltet. Det vert lagt vekt på at forskingsprofilen passar inn med instituttet sine eksisterande forskingsområde. Sjå eksisterande forskingsområde for meir informasjon.Søkjarar som ikkje har pedagogisk kompetanse i samsvar med Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisning- og forskerstillinger, må gjennomføre kurs innan to år etter tilsetting.Vi søkjer etter engasjerte medarbeidarar som er sjølvstendige, har innsatsvilje og gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.I tillegg til formell kompetanse og relevant arbeids- og undervisningserfaring, vil kjennskap til næringslivet i Sogn og Fjordane verte lagt vekt på.

Det kan vere aktuelt å tilsette i mindre stillingsprosent dersom ønskjeleg.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjars ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, her dei vitskaplege arbeida (inntil 15 stk.), fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsettingar. Om vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkunnige utvalet. På bakgrunn av utvalet si innstilling vil aktuelle søkjarar verte kalla inn til intervju og prøveundervisning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 / 1198 / 1008

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ønskjet ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Assisterande instituttleiar Pål Ellingsen, tlf 900 78 958

2) Instituttleiar Kristin Fanebust Hetland, tlf 988 31 111

Søk stilling

Powered by Labrador CMS