Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Fast stilling som førsteamanuensis / førstelektor i psykologi

Søknadsfrist: 13.04.2020

Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for helse- og sosialvitskap har ledig fast stilling som førsteamanuensis / førstelektor i psykologi

Om stillinga:

Ved Institutt for velferd og deltaking er det ledig ei fast 100% stilling som førsteamanuensis / førstelektor i psykologi knytt til HVL sine bachelorutdanningar i barnevern, sosialt arbeid og vernepleie.

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 370 tilsette og om lag 4500 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram, samt Ph.d.-studiet "Helse, funksjon og deltaking". Fakultetet har ein vitskapleg ambisjon om å styrke forskingsbasert undervisning, rettleiing og praksis innan områda helse,funksjon og deltaking.


Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.Ved Institutt for velferd og deltaking er vi omlag 90 tilsette og kring 1000 studentar fordelte på studiestadane Bergen og Sogndal.

Vi tilbyr bachelorutdanningar i sosialt arbeid, vernepleie og barnevern, og tverrfaglege masterutdanningar i samfunnsarbeid og psykisk helse og rus. Vi har også fleire etter- og vidareutdanningar. Forskinga ved instituttet er fleirfagleg og rettar seg mot heile det helse – og sosialvitskaplege feltet. Både forsking og undervisning ved instituttet har sosial deltaking som kjerneverdi. Det gjeld deltaking gjennom involvering av tenestemottakarar, samt deltaking i sivilsamfunnet, arbeidslivet og i eigen individuell prosess.

Arbeidsplassen er Campus Sogndal.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Undervising, rettleiing og forsking innan fagområdet psykologi og psykisk helse
  • Oppfølging og rettleiing av studentar
  • Forskings- og utviklingsarbeid med klar relevans for instituttet sine fagområde
  • Deltaking i utvikling av forskingsprosjekt og i utarbeiding av søknadar om ekstern finansiering saman med kollegaer i fagmiljøet
  • Institusjonsbyggjande arbeid, som til dømes rettleiing av tilsette, fagadministrative oppgåver, internasjonaliseringsarbeid og samhandling med eksterne partnarar
  • Aktivt bruk av digitale verktøy
  • Noko reiseverksemd må påreknast

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

For stillinga gjeld kompetansekrava for stilling som førsteamanuensis eller førstelektor jf. Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger. Søkjar må ha:

  • Avlagt Ph.D-grad eller dokumentasjon på førstelektorkompetanse innanfor relevante fagområde
  • Pedagogisk kompetanse i samsvar med forskrifta
  • Kunnskap og arbeidserfaring frå klinisk arbeid
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk eller anna skandinavisk språk, og på engelsk. Undervisningsspråket er norsk.
  • God IKT-kompetanse
  • Interesse for og/eller erfaring med pedagogisk utviklingsarbeid, nye undervisningsformer og internasjonaliseringsarbeid

Ønska kvalifikasjonar:

  • Erfaring frå undervisning og rettleiing i høgare utdanning
  • Erfaring frå deltaking og utvikling av relevante forskings- og utviklingsprosjekt, gjerne i samarbeid med praksisfeltet. Det same gjeld erfaring med å skaffe ekstern finansiering
  • Internasjonal erfaring
  • Psykolog med kunnskap og erfaring frå klinisk arbeid

Personlege eigenskapar:

  • Sjølvstendig og ansvarleg
  • Interesse for å utvikle utdanningane
  • Evne til å ta initiativ, både til faglege og sosiale aktivitetar
  • Gode samarbeidsevner
  • God evne til formidling

Sakkunnig vurdering

Søkjarane til stillinga vil bli vurdert av eit sakkunnig utval. Denne vurderinga skjer på grunnlag av dokumenter kompetanse og det er høve til å laste opp inntil 15 vitskaplege arbeid. Når den sakkunnige vurderinga ligg føre, vil dei mest aktuelle søkjarane bli kalla inn til prøveførelesing / prøveundervisning og intervju. Tilsettingsorganet for stillinga er tilsettingsutvalet ved Fakultet for helse- og sosialvitskap.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadane blir vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no når søknadsfristen går ut.

Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, dette gjeld vitskaplege arbeid, fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplastinga eller leggjast ved som lenkje.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkunnige utvalet. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1198 førstelektor eller 1011 førsteamanuensis.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at med den nye offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ønskjet ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og auke rekrutteringa av personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV-en.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

  • Fagseksjonsleiar Unni Margrethe Uren Aasen, e-post: unni.margrethe.uren.aasen@hvl.no / mob. +47 977 10 938
  • Instituttleiar Svanaug Fjær, e-post: svanaug.fjer@hvl.no / mob. +47 918 89 744

Søk stilling

Powered by Labrador CMS