Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Ledig fagstilling innan rekneskap

Søknadsfrist: 20.01.2020

Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap har ledig stilling som Førsteamanuensis / Førstelektor / Høgskulelektor innan rekneskap

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskolane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelt på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærerutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap (FØS) har tre institutt: Institutt for økonomi og administrasjon, Institutt for maritime studier og Institutt for samfunnsvitskap. Totalt er det ca. 120 fagleg tilsette ved fakultetet og vel 2000 studentar. Fakultetet har i dag ni bachelorprogram og tre masterprogram. Fakultetet har eit doktorgradsprogram i nautiske operasjonar som er ein fellesgrad med Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU), Norges arktiske universitet (UiT) og Universitetet i Sørøst-Norge (USN).


Institutt for økonomi og administrasjon ved HVL har vel 85 fagtilsette og 1000 studentar. Instituttet er fordelt på tre campus: Bergen, Haugesund og Sogndal. Instituttet har ni bachelorprogram og eitt masterprogram.

Institutt for økonomi og administrasjon ved Campus Sogndal søkjer etter førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor innan rekneskap. Stillinga er hovudsakleg knytt til undervisning, rettleiing av studentar, fagleg utviklingsarbeid, forsking og formidling ved bachelorstudia innan økonomiske og administrative fag. Den som blir tilsett skal også vere med å utvikle høgskulen sitt esterne kurstilbod innanfor økonomi og rekneskap.

Arbeidsplassen er Sogndal.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Stillinga vil i hovudsak vere knytt til fagområda finansrekneskap (bokføring, rekneskapsteori, rekneskapsanalyse og årsavslutning), rekneskapsorganisasjon og intern rekneskap / økonomistyring. Det kan òg vere aktuelt med undervisning i skatte- og avgiftsrett.

  • Undervisning og rettleiing av studentar, hovudsakleg knytt til bachelorutdanninga i økonomi og administrasjon
  • Utviklingsarbeid knytt til aktuelle studieprogram og andre undervisningstilbod
  • Bidra til forsking og formidling

For søkjarar med førstekompetanse vil det til stillinga liggje oppgåver knytt til rettleiing av studentar og fagtilsette i kompetanseløp. I tillegg er det også forventningar knytt til vitskapleg produksjon og aktiv deltaking i utvikling av søknadar mot nasjonale og internasjonale finansieringskjelder for forsking.

Kvalifikasjonar:

Vi søkjer ein person med solid praktisk og teoretisk kompetanse innanfor fagområda finansrekneskap og skatterett.

Formell utdanning og kompetanse:

I tillegg til dei generelle krava som gjeld for stilling som førsteamanuensis, førstelektor eller høgskulelektor, vil det bli lagt vekt på:

  • PhD eller høgare grads utdanning innan relevante fagområde som rekneskap, revisjon, økonomisk analyse, økonomisk styring eller finans. Andre profilar kan også vere aktuelle
  • Pedagogisk kompetanse
  • Søkjar må ha god kjennskap til norske rekneskaps- og skattereglar
  • Det er ønskjeleg med relevant og allsidig arbeidserfaring innanfor fagområda finansrekneskap, skatt og meirverdiavgift. Som eksempel kan nemnast erfaring frå rekneskapsbransjen, skatteetaten, revisjon, controllefunksjonar, finansanalytikarstillingar eller prosjektleiing
  • God formidlingsevne, både skriftleg og munnleg, og interesse for undervisning blir vektlagt

Dersom den som blir tilsett ikkje har praktisk pedagogisk kompetanse på grunnlag av utdanning eller erfaring frå frå undervisnings og rettleiing, må vedkommande kvalifisere seg ved å fullføre kurs i høgskulepedagogikk og rettleiing innan to år frå tilsettingsdato.

Undervisningsspråket er norsk.

Personlege eigenskapar:

  • Gode samarbeidsevner
  • Fleksibiltet
  • Sjølvstendigheit og evne til å ta initiativ

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadane blir vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, her dei vitskaplege arbeida (inntil 15 stk.), fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søknadane vert sendt elektronisk av eit sakkunnig utval. På bakgrunn av utvalet si innstilling vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveførelesing. Søknadar eller vedlegg kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 førsteamanuensis / 1198 førstelektor / 1008 høgskulelektor.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksame på at opplysningar om søkjaren kan bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på den offentlege søkjarlista (jf. ny offentleglov). Søkjaren vil bli varsla dersom ønskje ikkje blir teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

  • Johannes Idsø, assisterande instituttleiar. Tlf. +47 400 60 153 / +47 57 67 63 04

Søk stilling

Powered by Labrador CMS