Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i samfunnsfag

Søknadsfrist: 23.05.2019

Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap har ledig vikariat som førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i samfunnsfag

Om stillinga:

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap (FØS) har tre institutt med totalt om lag 120 tilsette og 2000 studentar.

Vikariatet er ledig frå 1.8.2019 og gjeld til og med 31.7.2021

  • Stillinga høyrer til Institutt for samfunnsvitskap og er knytt til bachelorutdanningane i historie og sosiologi, og til samfunnsfag i HVL si lærarutdanning.
  • Stillinga har norsk som arbeidsspråk

Arbeidsplassen er Sogndal.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Undervisning, rettleiing av studentar og fagleg utviklingsarbeid, ved dei samfunnsvitskaplege utdanningane, både knytt til samfunnsfag i lærarutdanningane ved HVL og til bachelorutdanningane i sosiologi og historie
  • Oppgåver knytt til høgskulen sitt arbeid med utvikling av nye emne og utdanningstilbod
  • Ta aktivt del i høgskulen si satsing på samfunnsfag i lærarutdanninga
  • Ved tilsetjing som førsteamanuensis / førstelektor vil det til stillinga også liggja oppgåver knytt til rettleiing av fagtilsette i kompetanseløp. Det er også ei forventning om deltaking i utvikling av søknadar mot nasjonale og internasjonale finansieringskjelder for forsking
  • Forskingstid i vikariatet kan vera aktuelt etter søknad

Kvalifikasjonskrav:

Stillinga har slike krav:

  • For tilsetting som førsteamanuensis må søkjar ha doktorgrad med relevans for stillinga sitt fagområde
  • For tilsetting som førstelektor må søkjar ha dokumentert kompetanse på nivå med norsk doktorgrad, og med tilsvarande relevanskrav
  • For tilsetting som høgskulektor er det krav om mastergrad innanfor samfunnsvitskaplege utdanningar, geografi eller historie. Det er ein fordel med geografi i fagkrinsen

Ønska kvalifikasjonar:

  • Fagkompetanse i geografi
  • Lærarutdanning / praktisk pedagogisk utdanning, praksiserfaring frå grunnskule eller vidaregåande skule og/eller kompetanse innan samfunnsfagdidaktikk
  • Erfaring frå undervisning og rettleiing i høgare utdanning

Ved rangering av søkjarane vert det lagt vekt på formell kompetanse, undervisningserfaring og dokumentert forskings- og formidlingsinnsats innan relevante fagområder. Kvalifikasjonar vil bli vurdert i høve til den faglege samansettinga i instituttet.

Personlege eigenskapar:

  • Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar som initiativ, kommunikasjon, omstillingsevne og samarbeid

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

vi gjer merksam på at søknadane blir vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, her dei vitskaplege arbeida (inntil 15 stk.), fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsettjingar. Hvis vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søknadane vert sendt vidare til eit utval for sakkunnig vurdering, slik dei ligg føre frå søkjar. På grunnlag av utvalet si innstilling vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveforelesning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskolen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ i tråd med kompetansekrava for stillinga, i stillingskode 1011, førsteamanuensis / i stillingskode 1198, førstelektor / i stillingskode 1008, høgskulelektor.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personer med minoritetsbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Instituttleiar Grete Netteland, telefon 57 67 63 32, e-post grete.netteland@hvl.no

2) Professor Oddmund Løkensgard Hoel, telefon 57 67 62 72, e-post oddmund.hoel@hvl.no

Søk stilling

Powered by Labrador CMS