Ledig stilling på Universitetet i Sørøst-Norge

Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i pedagogikk

Søknadsfrist: 16.06.2019

Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har ledig stilling som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i pedagogikk

Ved Høgskulen på Vestlandet er det ledig inntil tre midlertidig stillingar i 100 % som førsteamanuensis / førstelektor/ høgskulelektor i pedagogikk for perioden 01.08.2019 – 30.06.2020.

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.


Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag har 180 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Instituttet gir undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanningane (masternivå frå 2017), bachelorutdanningar i folkehelse og idrett/kroppsøving, praktisk pedagogisk utdanning og masterutdanningar i undervisningsvitskap, samfunnsfagdidaktikk, IKT i læring, utdanningsleiing, barnehagekunnskap, læring og undervisning og spesialpedagogikk. Instituttet bidrar også til fakultetet sitt Ph.D.-program Danning og didaktiske praksisar.


Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.


Fakultetet har 5 strategiske forskingsprogram: Kunst, kreativitet og kulturelle praksisar; Språk, kommunikasjon og læring; Praksisnær profesjons- og utdanningsforsking; Berekraft, medverknad og mangfald og Idrett, fysisk aktivitet og kosthald.

Stillingane er knytt til Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett - Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag, campus Sogndal.

Vi søkjer personar som kan bidra med fagleg, kreativ og innovativ kompetanse innretta mot lærarutdanningane og lærarprofesjonen.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Stillingane vil primært bli knytt til undervisning og utviklingsarbeid i pedagogiske emne i grunnskulelærarutdanningane, masterutdanningane og etter- og vidareutdanningane ved instituttet.

Nokre av arbeidsoppgåvene kan bli knytt til «Desentralisert kompetanseutvikling» i samarbeid med kommunar på Vestlandet.

Arbeidsoppgåvene inneber også deltaking i fagleg og administrativt arbeid på instituttet. Det må påreknast noko reising i stillinga.

Avhengig av søkjarane sin kompetanse og instituttet sitt behov vil oppgåver og ansvar bli avtala nærmare.

Kvalifikasjonskrav:

Søkjarane bør ha doktorgrad eller førstelektorkompetanse innanfor pedagogisk fagområde. Dersom det ikkje meldar seg kvalifiserte søkjarar med fystekompetanse, kan det vere aktuelt å tilsette i stilling som høgskulelektor.

Formell utdanning og kompetanse:

  • For tilsetjing som førsteamanuensis må søkjar ha avlagt doktorgrad med ein fagkombinasjon relevant for våre studier
  • For tilsetjing som førstelektor må søkjar ha dokumentert kompetanse på nivå med norsk doktorgrad, og med tilsvarande relevanskrav
  • For tilsetjing som høgskulelektor må søkjar ha relevant mastergrad/hovudfag eller utdanning på tilsvarande nivå, med gode resultat
  • Det er nødvendig med kompetanse innafor undervisning
  • Søkjarane må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk, samt kunne bruke engelsk skriftleg og munnleg
  • Søkjarane må ha gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar og kunne arbeide sjølvstendig

Følgjande vil telje positivt i vurderinga:

  • Erfaring frå forskings- og utviklingsprosjekt i pedagogiske verksemder nasjonalt og internasjonalt
  • Relevant erfaring frå grunnskule, vidaregåande opplæring eller høgare utdanning

Kriteria for tilsetjing i stilling som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor går fram av forskrift om tilsetjing og opprykk i undervisnings- og forskarstillingar fastsett av Kunnskapsdepartementet:

https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-02-09-129

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Me gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjars ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, her dei vitskaplege arbeida (inntil 15 stk.), fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsettjingar. Hvis vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkyndige utvalet. På bakgrunn av komiteens innstilling vil aktuelle søkjarar verta innkalt til intervju og prøveforelesning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskolen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som førsteamanuensis/ førstelektor / høgskulelektor er lønna etter Statens lønnsregulativ, i stillingskode 1011/ 1198 / 1008

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personer med minoritetsbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.

Kontaktperson(ar) ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Assisterande instituttleiar Britt R Theodorsen, tlf. 53491359 eller brt@hvl.no

2) Førsteamanuensis Eirik Sørnes Jenssen, tlf 57676016 eller eirik.jenssen@hvl.no

Søk stilling

Powered by Labrador CMS