LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Professor / Førsteamanuensis i kunst og handverk

Søknadsfrist: 14.10.2021

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.


Institutt for kunstfag har 70 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fagområda omfattar musikk, drama og anvendt teater og kunst- og handtverk. Instituttet tilbyr utdanningar på bachelor, master, årsstudium og etter og videreutdanning-nivå. Instituttet gir og undervisning på sine fagområde i barnehagelærarutdanninga og ved grunnskulelærarutdanningane og bidrar i fakultetet sitt Ph.D.-programet Studiar av danning og didaktiske praksisar.

Instituttet har som mål å vere i front av skule- og profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt, og vere ei drivkraft for utvikling av kunstfag på høgt nivå og med klar relevans for barnehage, skule og kulturfeltet. Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei fast stilling i 100% som professor/førsteamanuensis i kunst og handverk ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.

Stillinga inngår i Institutt for kunstfag, campus Bergen.

Ansvars- og arbeidsområde:

Stillinga har følgande ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Undervise, rettleie og utvikle studentaktive læringsformer i tråd med krav i studietilsynsforskrifta. Desse oppgåvene vil vere knytt til grunnskulelærarutdanningane, barnehagelærarutdanning, master og Ph.d.-utdanning og innanfor etter- og vidareutdanning.
  • Undervisning i vitskapsteori og metode, fagdidaktikk og praktisk undervisning på verkstad.
  • Forsking- og utviklingsarbeid med klar relevans for instituttet sine fagområde. Fakultetet har 5 strategiske forskingsprogram (Kunst, kreativitet og kulturelle praksisar; Språk, kommunikasjon og læring; Praksisnær profesjons- og utdanningsforsking; Berekraft, medverknad og mangfald og Idrett, fysisk aktivitet og kosthald) og det blir forventa at dei tilsette bidreg med forsking innretta mot eitt eller fleire av programma.
  • Institusjonsbyggjande arbeid irekna: rettleie tilsette, fagadministrative oppgåver, internasjonalisering og samhandling med eksterne partnarar.
  • Delta i utvikling av forskingsprosjekt og utarbeide søknader om ekstern finansiering samen med kollegaer i fagmiljøet.
  • Aktivt bruke digitale verktøy i arbeidskvardagen.
  • Det kan bli aktuelt med noko reising i stillinga.

Kvalifikasjonar:

Kriteria for tilsetjing i stilling som professor/førstemanuensis fremgår av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger fastsatt av Kunnskapsdepartementet.

For fast tilsetjing som professor må søkar ha doktorgrad i kunst og handverk eller innanfor eit område med relevans for kunst og handverk. Professorkompetanse innan fagområdet kunst og handverk, samt dokumentert utdanningsfagleg kompetanse på professornivå.

For tilsetting som førsteamanuensis er kravet avlagt doktorgrad i kunst og handverk eller innanfor eit område med relevans for kunst og handverk. I tillegg er det krav om utdanningsfagleg kompetanse.

Det vil vere aktuelt å tilsette i stilling som førsteamanuensis dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkarar til professor.

For begge stillingane:

Søkar må kunne undervise på verkstad i fagområde bilde med vekt på analoge teknikkar som teikning, grafikk og maling.

Den som blir tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men òg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel. Høgt etisk medvit i møte med studentar er påkravd.

Undervisningsspråket er norsk og søkarar må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk.

Den som blir tilsett må vere personleg egna for stillinga.

Følgande teller positivt i vurderinga

  • Erfaring frå praksisrelevante forskings- og utviklingsprosjekt, irekna erfaring med å skaffe ekstern finansiering og utvikling av forskings- og utviklingsprosjekt med praksisfeltet.
  • Kompetanse i praktisk arbeid med leire.
  • Pedagogisk kompetanse og relevant erfaring frå barnehage, grunnskule, vidaregåande opplæring eller høgare utdanning.
  • Internasjonal erfaring.

Utdanningsfaglig kompetanse

For tilsetting som professor skal utdanningsfaglige kompetansekrav være oppfylt på søknadstidspunktet.

Søkarar til stilling som førsteamanuensis som ikkje oppfyller de utdanningsfaglige kompetansekravene i henhold til forskriften må oppfylle dem innen to år. HVL tilbyr kurs i høgskolepedagogikk.

For stilling som professor og førsteamanuensis skal utdanningsfaglig kompetanse dokumenteres med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk cv i tråd med kriterier for utdanningsfaglig basiskompetanse ved ansettelse og opprykk i førsteamanuensis- og professorstilling ved HVL.

Sakkunnig vurdering:

Søkarar til vitskaplege stillingar blir vurdert av ein sakkunnig komité. Bedømminga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse, oversikt over dine arbeider og kor dei er offentleggjort og inntil 5 vitskaplege arbeid som skal leggast ved søknaden i fulltekst. Tilsetingsorgan er tilsettingsutval ved Høgskulen på Vestlandet.

Aktuelle kandidatar blir innkalla til intervju med prøveforelesing.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:

Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsettingar. Om vedlegga er større enn 25 MB må dei komprimerast før opplasting, eller leggjast ved som lenkje.

Søknadane blir sendt elektronisk til eit sakkunnig utval. På bakgrunn av utvalet si vurdering vil aktuelle søkarar bli kalla inn til intervju og prøveundervisning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spanande fagmiljø med moglegheiter for kompetanseheving- og utvikling
  • Moglegheit for trening i arbeidstida

Stillinga som professor/førsteamanuensis er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1013 - professor/1011 - førsteamanuensis.

Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at i tråd med offentleglova, kan opplysningar om søkjaren bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista. Søkjar blir varsla dersom førespurnad om unntak for offentleggjering ikkje vert teken til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogelg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting, og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet:

1) Assisterande instituttleiar for institutt for kunstfag Hege Gjerde Sviggum, 57 67 60 56 eller hege.gjerde.sviggum@hvl.no

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS