Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Professor / førsteamanuensis i fornybar energi og berekraftig omstilling

Søknadsfrist: 08.12.2019

Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for ingeniør- og naturvitskap har ledig 100 % fast stilling som professor / førsteamanuensis i fornybar energi og berekraftig omstilling.

Stillinga er ledig frå 1.januar. Arbeidsplass er campus Sogndal.

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for ingeniør- og naturvitskap har om lag 270 tilsette og om lag 3200 studentar. Fakultetet har eit breitt utdanningstilbod både på bachelor og masternivå innan ingeniør- og naturfag, samt PhD-utdanning innan datateknologi. Mohnsenteret for innovasjon og regional utvikling forskar på innovasjon og tilbyr masterutdanning innan innovasjon og entreprenørskap. Dykkarutdanninga tilbyr eittårig fagskuleutdanning.

Hovuddelen av fakultetets verksemd er i Haugesund, Bergen, Sogndal og Førde, men vi tilbyr også desentralisert utdanning i Florø, Kristiansund og på Stord.

Fakultetets verksemd er internasjonalt forankra og skjer i tett samarbeid med regionale bedrifter, klynger, helseføretak og offentleg sektor, inkludert andre institusjonar i universitets- og høgskulesektoren. Dette gjeld både forsking, utvikling, innovasjon og ikkje minst utdanning med studentprosjekt på alle nivå.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Den som vert tilsett i stillinga skal undervise og rettleie på:

  • Bachelorprogrammet i Fornybar Energi
  • Internasjonale semesterprogrammet Energy Transition and Sustainable Development
  • Masterprogrammet Climate Change Management
  • PhD-programmet Responsible Innovartion Regional Development

Vi er særleg interessert i søkjarar med erfaring/interesse for forsking på energiomstilling og berekraftig utvikling.

Høgskulen på Vestlandet er ein av partnerane i NTRANS som er eit nasjonalt forskingssenter for miljøvenleg energi (FME). NTRANS skal dei neste åtte åra forske på energiomstilling mot eit nullutsleppssamfunn og konsekvensane av ei rask energiomstilling for ulike grupper i samfunnet.

Kvalifikasjonskrav:

Den som blir tilsett i stillinga må ha avlagt Ph.d. grad innan fagområdet til stillinga. Søkjar må også kunne dokumentere forskingserfaring innan energiteknologi, energiomstilling eller berekraftig utvikling dei fem siste åra. Søkjarar må ha gode nettverk til nasjonale energiverksemder og ha eit nasjonalt og internasjonalt forskingsnettverk.Undervisningsspråket er norsk og engelsk. Søkjarar må meistre begge språka godt, ha god undervisnings- og formidlingsevne, og erfaring frå pedagogisk arbeid. Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar som gode samarbeidsevne og erfaring med å arbeide i tverrfaglege team.

Ønska kompetanse:

  • Undervisnings- og rettleiingserfaring frå høgskule eller universitet
  • Erfaring fram søknadsskriving om forskingsfinansiering i Norge og EU
  • Erfaring med PhD-rettleiing
  • Erfaring frå leiing av større FoU-prosjekt

Vi ber om at søkjaren skisserer aktuelle forskingstema i søknaden.

Høgskulepedagogikk/rettleiingDersom den som blir tilsett ikkje har praktisk pedagogosik kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og rettleiing, må vedkommande kvalifisere seg via kurs i høgskulepedagogikk og rettleiing innan to år frå tilsettingsdato jf. nasjonale rettleiande retningslinjer for UH-pedagogisk basiskompetanse, fastsett av Universitets- og høgskolerådet.

Sakkunnig vurderingSøkjarar til vitskaplege stillingar blir vurdert av ein sakkunnig komité. Bedømminga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse, oversikt over dine arbeid og kor ofte dei er offentleggjort og inntil 15 vitskaplege arbeid som skal leggast ved søknaden i fulltekst. Tilsetjingsorganet er tilsetjingsutvalet ved Høgskulen på Vestlandet.

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju med prøveførelesing.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjars ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, her dei vitskaplege arbeida (inntil 15 stk.), fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsettjingar. Utdanning som er tatt utanfor Norge må vere godkjent og stadfesta av NOKUT. Dersom vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkunnige utvalet. På bakgrunn av komiteen si innstilling vil aktuelle søkjarar verta innkalt til intervju og prøveforelesning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskolen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som professor er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1013 professor / 1011 førsteamanuensis

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.

Kontaktperson(ar) ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Instituttleiar Tarald Seldal, tlf 952 99 675e-post tarald.seldal@hvl.no

Søk stilling

Powered by Labrador CMS