Førsteamanuensis / førstelektor i pedagogikk (PPUA)
Søknadsfrist: 14.08.2022
Publisert
Høgskulen på Vestlandet
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program.
Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.
Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag har 180 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.
Instituttet gjev undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdanningane, bachelorutdanningar og praktisk-pedagogisk utdanning. I tillegg bidreg instituttet i to-årige masterutdanningar og i Ph.d.-programmet Studier av danning og didaktiske praksisar. Instituttet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.
Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.
Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis/førstelektor i pedagogikk ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.
Stillinga inngår i Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag.
Stillinga er primært knytt til pedagogikkfagmiljøet for praktisk-pedagogisk utdanning, PPU for allmennfag. Men oppgåver i andre utdanningar og oppdrag kan også bli aktuelt. Fagmiljøet har høg kompetanse og bidrar inn i både masterutdanning, i dei femårige grunnskulelærarutdanningane, desentralisert kompetanseutvikling, i etter- og vidareutdanningstilbod og i doktorgradsprogrammet «Danning og didaktiske praksisar».
Arbeidsstaden er campus Stord.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
Stillinga har følgande ansvars- og arbeidsoppgåver:
Forskings- og utviklingsarbeid med klar relevans for stillingsprofilen. Fakultetet har 5 strategiske forskingsprogram (Kunst, kreativitet og kulturelle praksisar; Språk, kommunikasjon og læring; Praksisnær profesjons- og utdanningsforsking; Berekraft, medverknad og mangfald og Idrett, fysisk aktivitet og kosthald) og det blir forventa at dei tilsette bidreg med forsking innretta mot eitt eller fleire av programma.
Undervise, rettleie og utvikle studentaktive læringsformer i tråd med krav i studietilsynsforskrifta. Desse oppgåvene vil primært vere knytt til PPU-utdanningane Det kan og vere aktuelt med oppgåver innan bachelor-, master-, og ph.d.-utdanning og i etter- og vidareutdanning.
Institusjonsbyggjande arbeid irekna: rettleie tilsette, fagadministrative oppgåver, internasjonalisering og samhandling med eksterne partnarar.
Leie og delta i utvikling av forskingsprosjekt og utarbeide søknader om ekstern finansiering samen med kollegaer i fagmiljøet.
Aktivt bruke digitale verktøy i arbeidskvardagen.
Kvalifikasjonskrav:
Kriteria for tilsetjing i stilling som førsteamanuensis og førstelektor, går fram av forskrift om tilsetjing og opprykk i undervisnings- og forskarstillingar fastsett av Kunnskapsdepartementet.
For tilsetting som førsteamanuensis må søkjar ha fullført doktorgrad innen et fagområde med relevans for praktisk pedagogisk utdanning for allmennfag (PPUA). For tilsetting som førstelektor må søkjar ha kompetanse på nivå med norsk doktorgrad, innanfor same fagområda som for førsteamanuensis. Søkjarar som har levert phd.- avhandling innan søknadsfristen og som vil disputere innan tiltredelsesdato kan òg søkje.
Den som blir tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men òg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel. Høgt etisk medvit i møte med studentar er påkravd.
Undervisningsspråket er til vanleg norsk, og søkjarar må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk.
Utdanningsfagleg kompetanse er i utgangspunktet eit krav for stillingane. Søkjarar utan tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse må forplikte seg til å kvalifisere seg i universitets og høgskulepedagogikk innan 2 år frå tiltreding.
Den som blir tilsett må vere personleg eigna for stillinga.
Følgjande tel positivt i vurderinga:
Erfaring frå initiering og leiing av forskings- og utviklingsarbeid, irekna erfaring med å skaffe ekstern finansiering
Relevant nasjonalt og internasjonalt forskarnettverk og forsking som kan bidra inn i forskingsprogramma på fakultet
Erfaring frå ph.d.-rettleiing og rettleiing av kollegaer
Relevant erfaring frå grunnskule, vidaregåande opplæring eller høgare utdanning
Gode munnlege formidlingsevner vist gjennom prøveundervisning
Aktuelle kandidatar blir invitert til prøveforelesing og intervju.
Søkjar må i søknaden oppgje ynskje om arbeidsplass på campus Sogndal eller Stord
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.
Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:
Dokumentasjon på utdanningsfagleg kompetanse. Utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV i tråd Kriterier for utdanningsfaglig basiskompetanse ved ansettelse og opprykk i førsteamanuensis- og professorstilling
Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsettingar. Om vedlegga overstig 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje, total maksgrense for opplasting av vedlegg er 50 MB.
Søknadane blir sendt elektronisk til eit sakkunnig utval. På bakgrunn av utvalet si vurdering vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveundervisning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Vi tilbyr:
Gode pensjons- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse
Spanande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
Høve for trening i arbeidstida
Stillinga som førsteamanuensis / førstelektor er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 - Førsteamanuensis / 1198 - Førstelektor
Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.