LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Førsteamanuensis / førstelektor i norsk litteratur / litteraturdidaktikk

Søknadsfrist: 16.01.2022

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.

Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.


Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking har 160 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.


Instituttet gjev undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdnningane, og i bachelorutdanninga i teiknspråk og tolking. I tillegg bidreg instituttet i to-årige masterutdanningar og i Ph.d.-programmet Studier av danning og didaktiske praksisar. Instituttet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.

Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av skule- og profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis/ førstelektor i norsk litteratur/ litteraturdidaktikk ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.

Stillinga inngår i Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking, campus Stord.

Ansvars- og arbeidsområde:

Stillinga har følgande ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Undervise, rettleie og utvikle studentaktive læringsformer i tråd med krav i studietilsynsforskrifta i hovudsak knytt til undervisningsoppgåver i grunnskulelærarutdanningane (1.-7. og 5.-10. masterutdanning), barnehagelærarutdanninga og masterutdanning og innan etter- og vidareutdanning grunnskolen. Det er også aktuelt med oppgåver innan den nasjonale satsinga desentralisert kompetanseheving. Innan etter- og vidareutdanning grunnskolen må ein vere innstilt på å undervise nettbaserte emne.Kandidaten må kunne fortrinnsvis kunne undervise i begge disiplinar. Undervisning kan i nokre tilfelle også bli lagt utanfor campus Stord.
  • Forsking- og utviklingsarbeid med klar relevans for instituttets fagområde. Fakultetet har 5 strategiske forskingsprogram (Kunst, kreativitet og kulturelle praksisar; Språk, kommunikasjon og læring; Praksisnær profesjons- og utdanningsforsking; Berekraft, medverknad og mangfald og Idrett, fysisk aktivitet og kosthald) og det blir forventa at dei tilsette bidreg med forsking innretta mot eitt eller fleire av programma.
  • Delta i utvikling av forskingsprosjekt og utarbeide søknadar om ekstern finansiering saman med kollegaer i fagmiljøet.
  • Institusjonsbyggjande arbeid irekna: fagadministrative oppgåver, internasjonalisering og samhandling med eksterne partnarar.
  • Aktivt bruke digitale verktøy i arbeidskvardagen.

Kvalifikasjonar:

Kriteria for tilsetting i undervisnings- og forskarstilling går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger

For tilsetting som førsteamanuensis må søkar ha avlagt doktorgrad med klar relevans til norsk litteratur/litteraturdidaktikk i lærarutdanningane. For tilsetting som førstelektor må søkar ha dokumentert kompetanse på nivå med norsk doktorgrad, og med tilsvarande relevanskrav som for førsteamanuensis.

Undervisningsspråket er norsk og søkar må meistre begge målformene i norsk språk og ha god skriftleg og munnleg framstillingsevne.Søkar må ha kunnskap om det norske samfunnet.

Ved vurdering og rangering av kvalifiserte søkjarar vil det i tillegg bli lagt vekt på allsidig og relevant undervisningserfaring frå og god kjennskap til grunnskulen.

Den som blir tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men òg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel.

Høgt etisk medvit i møte med studentar er eit krav.

Den som blir tilsett må vere personleg eigna for stillinga.

Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga.

Følgande teller positivt i vurderinga:

  • Erfaring frå relevante forskings- og utviklingsprosjekt, irekna erfaring med å skaffe ekstern finansiering og utvikling av forskings- og utviklingsprosjekt med praksisfeltet.
  • Pedagogisk kompetanse og relevant erfaring frå barnehage, grunnskule, vidaregåande opplæring eller høgare utdanning
  • Erfaring frå forsking- og/eller utviklingsarbeid, fortrinnsvis relatert til skule og/eller barnehage
  • Internasjonal erfaring
  • Det er vidare positivt om søkaren har erfaring med pedagogisk bruk av IKT.

Utdanningsfagleg kompetanse:Søkjarar som ved tilsetting ikkje fyller krava, må fylle dei innan to år. HVL tilbyr kurs i høgskolepedagogikk.For stilling som førsteamanuensis skal utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV i tråd med kriteriar for utdanningsfagleg basiskompetanse ved tilsetting og opprykk i førsteamanuensis- og professorstilling ved HVL .

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no. Det er søkaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:

Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkaren sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga er større enn 50 MB må dei komprimerast før opplasting, eller leggjast ved som lenkje.

Søknadane blir sendt elektronisk til eit sakkunnig utval. På bakgrunn av utvalet si vurdering vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveundervisning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spanande fagmiljø med moglegheiter for kompetanseheving- og utvikling
  • Moglegheit for trening i arbeidstida

Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 førsteamanuensis eller 1198 førstelektor.

Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogelg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing, og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet:

1) Instituttleiar Kristin Ran Choi Hinnatlf 55 58 59 40 / e-post: khi@hvl.no

2) Høgskulelektor Hannah Belsvik Hansentlf 53 49 13 39 / e-post: Hannah.Hansen@hvl.no

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS