LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i pedagogikk / spesialpedagogikk

Søknadsfrist: 20.01.2022

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 17 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6 200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.


Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag har 180 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.


Instituttet gjev undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdanningane, bachelorutdanningar og praktisk-pedagogisk utdanning. I tillegg bidreg instituttet i to-årige masterutdanningar og i Ph.d.-programmet Studier av danning og didaktiske praksisar. Instituttet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.


Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei mellombels stilling som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i pedagogikk/spesialpedagogikk ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI) i perioden 01.01.2022 - 31.12.2022.

Stillinga inngår i Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag (IPRS), campus Sogndal.

Stillinga er knytt til pedagogikk-fagmiljøet for grunnskulelærarutdanningane. Fagmiljøet i Sogndal har saman med fagmiljøet i Bergen og på Stord brei kompetanse innanfor allmennpedagogikk, profesjonsretta pedagogikk og spesialpedagogikk, og har eit rikt og mangfaldig forskarmiljø med pågåande prosjekt nasjonalt og internasjonalt. I tillegg til å bidra i dei 5-årige grunnskulelærarutdanningane, deltek også fagmiljøet i desentralisert kompetanseutvikling og i etter- og vidareutdanningstilbod.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Stillinga har følgande ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Undervise, rettleie og utvikle studentaktive læringsformer i tråd med krav i studietilsynsforskrifta. Desse oppgåvene vil først og fremst vere knytt til 5-årig masterutdanning for grunnskulelærarar og etter- og vidareutdanning. Arbeid i andre utdanningar, kurs og oppdrag kan bli aktuelt, avhengig av søkjar sin kompetanse og instituttet sine behov.
  • Bidra i satsingane Desentralisert kompetanseutvikling og Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis
  • Institusjonsbyggjande arbeid irekna: fagadministrative oppgåver, internasjonalisering og samhandling med eksterne partnarar
  • Aktivt bruke digitale verktøy i arbeidskvardagen
  • Det kan bli aktuelt med noko reising i stillinga

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

Kriterium for tilsetting i undervisnings- og forskarstilling går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger.

For tilsetting som førsteamanuensis må søkjar ha fullført doktorgrad innanfor relevant fagområde. For tilsetjing som førstelektor må søkjar ha kompetanse på nivå med norsk doktorgrad, og med tilsvarande relevanskrav som for førsteamanuensis. For tilsetjing som høgskulelektor må søkar ha hovudfag/mastergrad med gode resultat, normalt A eller B, og med relevans for stillingsprofilen.

Søkjarar med doktorgrad/førstelektorkompetanse i pedagogikk eller spesialpedagogikk vil ha førsteprioritet. Sekundært kan det bli vurdert å tilsette søkjarar med anna førstekompetanse som er klart relevant for eit eller fleire av følgjande område:

  • Allmennpedagogiske perspektiv i utdanning og yrke
  • Skulen som organisasjon og utviklingsarbeid i skulen
  • Psykososialt læringsmiljø i skulen
  • Profesjonsfagleg digital kompetanse i eit utdanningsperspektiv
  • Demokrati og medborgarskap i skulen
  • Rettleiing og vurdering

Den som vert tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men óg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel. Høgt etisk medvit i møte med studentar er påkravd.

Undervisningsspråket er til vanleg norsk, og søkjarar må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk.

Den som vert tilsett må vere personleg eigna for stillinga.

Følgjande tel positivt i vurderinga:

  • Relevant erfaring frå grunnskule, vidaregåande opplæring eller høgare utdanning
  • Kompetanse innan leiing av utviklingsprosjekt i skulen
  • Kompetanse innan rettleiingspedagogikk
  • Erfaring med digitale og interaktive undervisningsformer

Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju og eventuelt prøveundervisning.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, det vere seg:

Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga overstig 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spanande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 - Førsteamanuensis/1198 - Førstelektor/1008 - Høgskulelektor.

Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinjer som til ei kvar tid tid gjeld for stillinga.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Assisterande instituttleiar Britt R. Theodorsen, tlf.: 53 49 13 59, e-post: brt@hvl.no

2) Fagkoordinator pedagogikk GLU, Sogndal Nina Ludvigsen, tlf.: 57 67 61 11, e-post: nina.ludvigsen@hvl.no

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS