LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET
Førsteamanuensis / førstelektor i pedagogikk
Søknadsfrist: 15.03.2021

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig inntil 5 faste stillingar som førsteamanuensis/ førstelektor i pedagogikk ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.
Stillinga inngår i Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag, campus Bergen.
Stillinga er knytt til pedagogikk-fagmiljøet for grunnskulelærarutdanningane. Fagmiljøet har brei kompetanse innanfor allmennpedagogikk, profesjonsretta pedagogikk og spesialpedagogikk, og har eit rikt og mangfaldig forskarmiljø med pågåande prosjekt nasjonalt og internasjonalt. I tillegg til å bidra i dei femårige grunnskulelærarutdanningane, deltar også fagmiljøet i desentralisert kompetanseutvikling og i etter- og vidareutdanningstilbod. Fagmiljøet er aktivt deltakande i andre masterutdanningar og i doktorgradsprogrammet «Danning og didaktiske praksisar».
Ansvars- og arbeidsområde:
Stillinga har følgande ansvars- og arbeidsoppgåver:
- Undervise, rettleie og utvikle studentaktive læringsformer i tråd med krav i studietilsynsforskrifta. Desse oppgåvene vil vere knytt til bachelor-, master-, og ph.d.-utdanning og innanfor etter- og vidareutdanning.
- Forsking- og utviklingsarbeid med klar relevans for instituttet sine fagområde. Fakultetet har 5 strategiske forskingsprogram (Kunst, kreativitet og kulturelle praksisar; Språk, kommunikasjon og læring; Praksisnær profesjons- og utdanningsforsking; Berekraft, medverknad og mangfald og Idrett, fysisk aktivitet og kosthald) og det blir forventa at dei tilsette bidreg med forsking innretta mot eitt eller fleire av programma.
- Institusjonsbyggjande arbeid irekna: rettleie tilsette, fagadministrative oppgåver, internasjonalisering og samhandling med eksterne partnarar.
- Delta i utvikling av forskingsprosjekt og utarbeide søknader om ekstern finansiering samen med kollegaer i fagmiljøet
- Aktivt bruke digitale verktøy i arbeidskvardagen.
- Det kan bli aktuelt med noko reising i stillinga.
Kvalifikasjonar:
Kriteria for tilsetting i undervisnings- og forskarstilling går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger
Søkjaren må primært ha doktorgrad/førstelektorkompetanse i pedagogikk. Sekundært kan det bli vurdert å tilsetje søkjarar med annan førstekompetanse dersom den er klart relevant for eit eller fleire av følgjande område:
- Profesjonskompetanse i lærarprofesjonane
- Allmennpedagogiske perspektiv i utdanning og yrke
- Skulen som organisasjon
- Psykososialt læringsmiljø i skulen
- Profesjonsfagleg digital kompetanse i eit utdanningsperspektiv
- Demokrati og medborgarskap i skulen
- Rettleiing og vurdering
Den som blir tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men òg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel. Høgt etisk medvit i møte med studentar er påkravd.
Undervisningsspråket er til vanleg norsk, og søkjarar må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk.
Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga.
Den som blir tilsett må vere personleg egna for stillinga.
Følgande teller positivt i vurderinga:
- Erfaring frå relevante forskings- og utviklingsprosjekt, irekna erfaring med å skaffe ekstern finansiering og utvikling av forskings- og utviklingsprosjekt med praksisfeltet
- Relevant erfaring frå grunnskule, vidaregåande opplæring, høgare utdanning evt. barnehage
- Erfaring med digitale og interaktive undervisningsformer
- Internasjonal erfaring
- Erfaring med praksisnær forsking som t.d. klasseromsforsking, aksjonsforsking m.m.
Ved tilsetjing vil fagmiljøet sitt samla kompetansebehov kunne vere avgjerande.
Utdanningsfagleg kompetanse:Søkjarar som ved tilsetting ikkje fyller krava, må fylle dei innan to år. HVL tilbyr kurs i høgskolepedagogikk.For stilling som førsteamanuensis skal utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV i tråd med kriteriar for utdanningsfagleg basiskompetanse ved tilsetting og opprykk i førsteamanuensis- og professorstilling ved HVL .
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.
Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:
- vitskapleg arbeid (inntil 5 stk)
- fullstendig publikasjonsliste
- attestar og vitnemål
- dokumentasjon på utdanningsfagleg kompetanse. For førsteamanuensis skal utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV i tråd med Kriterier for utdanningsfaglig basiskompetanse ved ansettelse og opprykk i førsteamanuensis- og professorstilling ved HVL .
Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsettingar. Om vedlegga er større enn 15MB må dei komprimerast før opplasting, eller leggjast ved som lenkje.
Søknadane blir sendt elektronisk til eit sakkunnig utval. På bakgrunn av utvalet si vurdering vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveundervisning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Vi tilbyr:
- Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
- Spanande fagmiljø med moglegheiter for kompetanseheving- og utvikling
- Moglegheit for trening i arbeidstida
- Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 førsteamanuensis eller 1198 førstelektor.
Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at i tråd med offentleglova, kan opplysningar om søkjaren bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista. Søkjar blir varsla dersom førespurnad om unntak for offentleggjering ikkje vert teken til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogelg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting, og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet:
- Assisterande instituttleiar GLU 5-10: Solveig Kalgraftlf. 55585947, e-post [email protected]
- Fagkoordinator pedagogikk GLU: Kristin Knudsentlf. 55585919, e-post [email protected]