LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Førsteamanuensis / førstelektor i leiing

Søknadsfrist: 27.01.2021

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.


Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag har 180 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.


Instituttet gir undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanningane (masternivå frå 2017), bachelorutdanningar i folkehelse og idrett/kroppsøving, praktisk pedagogisk utdanning og masterutdanningar i undervisningsvitskap, samfunnsfagdidaktikk, IKT i læring, utdanningsleiing, barnehagekunnskap, læring og undervisning og spesialpedagogikk. Instituttet bidrar også til fakultetet sitt Ph.D.-program Danning og didaktiske praksisar.


Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig inntil 3 faste stillingar som førsteamanuensis/ førstelektor i leiing ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett

Stillingane er knytt til Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag.

Arbeidsstaden er campus Bergen, Sogndal eller Stord

Ansvars- og arbeidsområde:

Stillingane har følgande ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Undervise, rettleie, vurdere, følgje opp studentar i praksis og utvikle studentaktive læringsformer i tråd med krav i studietilsynsforskriften. Desse oppgåvene vil primært vera knytt til grunnskulelærarutdanningane (integrert 5 årig master), barnehagelærarutdanninga ,ulike masterprogram og etter- og vidareutdanningar, alt etter søkjar sin kompetanse og instituttet sine behov.
  • Forsking- og utviklingsarbeid med klar relevans for instituttet sine fagområde. Fakultetet har 5 strategiske forskingsprogram (Kunst, kreativitet og kulturelle praksisar; Språk, kommunikasjon og læring; Praksisnær profesjons- og utdanningsforsking; Berekraft, medverknad og mangfald og Idrett, fysisk aktivitet og kosthald) og det blir forventa at dei tilsette bidreg med forsking innretta mot eitt eller fleire av programma.
  • Institusjonsbyggjande arbeid irekna: fagadministrative oppgåver, internasjonalisering og samhandling med eksterne partnarar.
  • Delta i utvikling av forskingsprosjekt og utarbeide søknader om ekstern finansiering samen med kollegaer i fagmiljøet.
  • Aktivt bruke digitale verktøy i arbeidskvardagen
  • Det kan bli aktuelt med noko reising i stillinga

Kvalifikasjonar:

Kriterium for tilsetting i undervisning- og forskarstilling går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger

For tilsetjing som førsteamanuensis må søkar ha avlagt doktorgrad i pedagogikk, organisasjon og leiing, barnehage- eller skuleleiing eller liknande fagområde som har gjeve forståing for og kunnskap om leiing av utdanningssystem. For tilsetjing som førstelektor må søkar ha kompetanse på nivå med norsk doktorgrad, og med tilsvarande relevanskrav som for førsteamanuensis.

Den som blir tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men òg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel. Høgt etisk medvit i møte med studentar er påkravd.

Undervisningsspråket er norsk og søkarar må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk.

Den som blir tilsett må vere personleg eigna for stillinga.

Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga

Følgande tel positivt i vurderinga

  • Relevant erfaring frå barnehage, grunnskule, vidaregåande opplæring eller høgare utdanning
  • Kompetanse når det gjeld arbeid med digital teknologi i undervisning og forsking.
  • Erfaring frå relevante forskings- og utviklingsprosjekt, irekna erfaring med å skaffe ekstern finansiering og utvikling av forskings- og utviklingsprosjekt med praksisfeltet
  • Internasjonale faglege nettverk og erfaring frå internasjonalt arbeid

Aktuelle kandidatar blir innkalla til intervju med prøveundervisning.

Utdanningsfagleg kompetanse:

For stilling som førsteamanuensis skal utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk cv i tråd med kriterier for utdanningsfaglig basiskompetanse ved ansettelse og opprykk i førsteamanuensis- og professorstilling ved HVL .

For stilling som førstelektor/høgskulelektor skal relevant praktisk-pedagogisk kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og rettleiing dokumenterast.

Søkjarar som ved tilsetting ikkje fyller krava, må fylle dei innan to år. HVL tilbyr kurs i utdanningsfagleg kompetanse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfrist. Det er søkjaren sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er algt inn innan fristen, det vere seg:

Om vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga er større enn 15MB må dei komprimerast før opplasting, eller legjast ved som lenke.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkunnige utvalet. På bakgrunn av utvalet si vurdering vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveundervisning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spanande fagmiljø med moglegheiter for kompetanseheving- og utvikling
  • Moglegheit for trening i arbeidstida

Stillinga er løna etter statens lønsregulativ, stillingskode 1011-førsteamanuensis / 1198 - førstelektor / 1

Frå løna vil det verte trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at i tråd med offentleglova kan opplysningar om søkaren verte gjort offentleg sjølv om søkjar har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista. Søkjarar vil verte varsla om førespurnad om unntak for offentleggjering ikkje vert tatt til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogelg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting, og å rekruttere persona med minioritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet:

  • Ass.instituttleiar Erik Bulie, tlf. 53491415, ebu@hvl.no

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS