LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor innan barnevern (vikariat)

Søknadsfrist: 31.01.2021

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 370 tilsette og om lag 4500 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram. Fakultetet tilbyr ph.d.-utdanninga "Helse, funksjon og deltakelse", og har i tillegg ansvar for forskingsområdet: «Innovasjon i offentlig sektor» i ph.d.-utdanninga "Responsible Innovation and Regional Development" (RESINNREG), som er eit samarbeid på tvers av fakultetea i HVL.


Fakultet for helse- og sosialvitskap har ein vitskapleg ambisjon om å styrke forskingsbasert undervisning, rettleiing og praksis innan områda helse, funksjon og deltaking.


Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.

Ved Institutt for velferd og deltaking er vi omlag 90 tilsette og kring 1000 studentar fordelte på studiestadane Bergen og Sogndal. Vi tilbyr bachelorutdanningar i sosialt arbeid, vernepleie og barnevern, og tverrfaglege masterutdanningar i samfunnsarbeid og psykisk helse og rus. Vi har også fleire etter- og vidareutdanningar.


Forskinga ved instituttet er fleirfagleg og rettar seg mot heile det helse – og sosialvitskaplege feltet. Både forsking og undervisning ved instituttet har sosial deltaking som kjerneverdi. Det gjeld deltaking gjennom involvering av tenestemottakarar, samt deltaking i sivilsamfunnet, arbeidslivet og i eigen individuell prosess.

Ledig vikariat som førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor innan barnevern

Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for helse- og sosialvitskap har ledig eit toårig vikariat som førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor innan barnevern

Om stillinga:

Ved Institutt for velferd og deltaking er det ledig vikariat i 100% stilling som førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor knytt til bachelorutdanninga i barnevern.

Vikariatet er ledig for snarleg tilsetting og kan vare i inntil to år.

Stillinga har arbeidsstad ved Campus Sogndal.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Undervisning, rettleiing og evaluering innanfor fagområdet barnevern
  • Forsking og fagutvikling innanfor fagområdet
  • Koordinering av studiar, emneansvar, kursutvikling og internasjonaliseringsarbeid
  • Samarbeid internt i høgskulen, og med andre utdanningsinstitusjonar og samarbeidspartar nasjonalt og internasjonalt
  • Ved tilsetting i førstestilling er det knytt forventningar til vitskapleg produksjon og aktiv deltaking i utviklinga av søknadar mot nasjonale og internasjonale finansieringskjelder. Rettleiing av PhD-kandidatar kan også vere aktuelt.

Sjølv om stillinga i hovudsak er knytt til bachelroutdanninga i barnevern, må den som blir tilsett også rekne med undervisnings- og rettleiingsoppgåver ved andre studietilbod i instituttet.

Kvalifikasjonskrav:

Krav til formell utdanning og kompetanse:

Kompetansekrava for tilsetting som førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor føl av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger.

  • For tilsetting som førsteamanuensis er det krav om doktorgrad med relevans for fagområdet for stillinga
  • For tilsetting som førstelektor må søkjar dokumentere førstelektorkompetanse med tilsvarande krav til fagleg relevans
  • For tilsetting som høgskulelektor er det krav om mastergrad i barnevern. Anna relevant sosialfagleg mastergrad kan også vurderast dersom søkjaren har profesjonsutdanning i barnevern. Ved tilsetting som høgskulelektor vil det i tillegg bli lagt vekt på at søkjar har interesse for forskings- og utviklingsarbeid og motivasjon for vidare kvalifisering til førstestilling
  • Søkjar må dokumentera fordjuping i relevante fagområde innanfor barnevern
  • God munnleg og skriftleg formidlingsevne i norsk og i engelsk
  • Praktisk pedagogisk kompetanse i samsvar med forskrifta

I rangeringa av søkjarane vil det bli lagt vekt på at søkjar har:

  • Grunnutdanning som barnevernspedagog
  • Interesse for og erfaring frå miljøterapeutisk arbeid med barn og unge
  • Erfaring med undervisning og rettleiing i høgare utdanning
  • Erfaring med og evne til utvikling av undervisning og undervisningsmetodar
  • Erfaring med og kunnskap om bruk av digitale læringsverktøy
  • Erfaring frå relevante forskings- og utviklingsprosjekt og internasjonalt samarbeid

I vurderinga av søkjaren sine personlege eigenskapar for stillinga legg vi særleg vekt på at søkjar har god formidlingsevne, er ryddig og samarbeidsorientert og har interesse for fagleg utvikling. Vi forventar også at våre tilsette trivest med studentarbeid og bidreg til eit godt arbeidsmiljø for tilsette og studentar.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadane vert vurderte ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no når søknadsfristen går ut. Det er søkjaren sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen. Søkjar skal leggje ved vitskaplege arbeid (inntil 15 stk.), fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga er på meir enn 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkyndige utvalet. På bakgrunn av komiteen si innstilling vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveførelesing/prøveundervisning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011, førsteamanuensis / 1198, førstelektor / 1008, høgskulelektor

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jf. Offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å ha ei balansert alders- og kjønnssamansetting og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV-en.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

  • Fagseksjonsleiar Marita Brekke Skjelvan, tlf. 57 67 61 74 / 41 64 69 19 marita.brekke.skjelvan@hvl.no

Søk stilling

Powered by Labrador CMS