LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i vernepleie

Søknadsfrist: 26.03.2021

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 370 tilsette og om lag 4500 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram. Fakultetet tilbyr ph.d.-utdanninga "Helse, funksjon og deltaking". I tillegg har Fakultet for helse- og sosialvitskap ansvar for forskingsområdet: "Innovasjon i offentleg sektor" i ph.d.-utdanninga Responsible Innovation and regional Development (RESINNREG), som er eit samarbeid på tvers av fakulteta.


Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.Ved Institutt for velferd og deltaking er vi omlag 90 tilsette og kring 1000 studentar fordelte på studiestadane Bergen og Sogndal. Vi tilbyr bachelorutdanningar i sosialt arbeid, vernepleie og barnevern, og tverrfaglege masterutdanningar i samfunnsarbeid og psykisk helse og rus.

Vi har også fleire etter- og vidareutdanningar. Forskinga ved instituttet er fleirfagleg og rettar seg mot heile det helse – og sosialvitskaplege feltet. Både forsking og undervisning ved instituttet har sosial deltaking som kjerneverdi. Det gjeld deltaking gjennom involvering av tenestemottakarar, samt deltaking i sivilsamfunnet, arbeidslivet og i eigen individuell prosess.

Førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor innan fagområde vernepleie

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det 2 ledige i 100% fast stilling som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor innan fagområde vernepleie ved Fakultet for helse-og sosialvitskap – campus Bergen

Stillinga er knytt til Fakultet for helse- og sosialvitskap, Institutt velferd og deltaking, fagseksjon vernepleie.

Ansvars- og arbeidsområde:

  • Undervisning, rettleiing og evaluering innan fagområde vernepleie og emne knytt til fagseksjonen sine studieprogram og fakultetet sine forskingsprofilar
  • Bidra til forsking knytt til fagseksjonen sine studieprogram i tillegg til fakultetet sine forskingsprofilar
  • Bidra innan dei ulike faglege institusjonsbyggande oppgåvene, som til dømes studiekoordinering, kvalitetssikring av utdanninane, internasjonaliseringsarbeid, emneansvar og utvikling av forskingsgruppene
  • Forsking- og utviklingsarbeid med relevans for fagområde vernepleie.
  • Delta i utviklinga av nye relevante forskingsprosjekt og utarbeide søknadar om ekstern finansiering saman med kollegaer i fagmiljøet
  • Samarbeid om utdanning og forsking internt i høgskulen, og med nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar. Stillinga er i hovudsak knytt til bachelorutdanninga i vernepleie, men den som vert tilsett må og påreikne undervisning- og rettleiingsoppgåver i andre studietilbod i instituttet og på tvers av campus

Kvalifikasjonar:

Kriteria for tilsetting i undervisnings- og forskarstillingar går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger fastsett av Kunnskapsdepartementet.

  • For tilsetting som førsteamanuensis er kravet avlagd ph.d-grad og for førstelektor dokumentasjon på førstelektorkompetanse, innan fagområde vernepleie
  • For tilsetting som høgskulelektor må søkjar ha relevant mastergrad innan fagområdet og profesjonskompetanse. Interesse og motivasjon for å oppnå førstekompetanse blir vektlagt
  • Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga
  • Interesse for og/eller erfaring med pedagogisk utviklingsarbeid, varierte undervisningsformer og internasjonaliseringsarbeid frå undervisning og rettleiing i høgare utdanning
  • Relevant klinisk erfaring og praksisnær kompetanse
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk eller skandinavisk språk i tillegg til engelsk
  • Pedagogisk erfaring
  • God IKT-kompetanse

Ønska kvalifikasjonar:

  • Erfaring frå relevante forskings- og utviklingsprosjekt, som til dømes erfaring med å skaffe ekstern finansiering og med utvikling av forskings- og utviklingsprosjekt saman med praksisfeltet
  • Erfaring og kunnskap om nye digitale undervisningsformer
  • Erfaring med undervisning og rettleiing i høgare utdanning

Personlege eigenskapar:

  • Sjølvstendig og ansvarleg og ha interesse for å utvikle vernepleieutdanninga
  • Evne til å ta initiativ, både til faglege og sosiale aktivitetar
  • Er fleksibel og løysningsorientert
  • Gode samarbeidsevner og godt humør
  • God evne til formidling

Utdanningsfagleg kompetanse

Søkjarar som ved tilsetting ikkje fyller krava, må fylle dei innan to år. HVL tilbyr kurs i høgskulepedagogikk. For stilling som førsteamanuensis skal utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV i tråd med kriteriar for utdanningsfagleg basiskompetanse ved tilsetting og opprykk i førsteamanuensis og professorstilling ved HVL

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:

Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsettingar. Om vedlegga overstig 15MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkunnige utvalet. På bakgrunn av utvalet si vurdering, vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveundervisning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving- og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 førsteamanuensis/1198 førstelektor/1008 høgskulelektor.

Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at i tråd med offentleglova, kan opplysningar om søkjaren bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom førespurnad om unntak for offentleggjering ikkje vert teken til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet:

1) Instituttleiar Svanaug Fjær, Tlf 55 58 57 53

2) Fagseksjonsleiar Unni Margrethe Uren Aasen, Tlf 57 67 62 36

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS