LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i reiseliv - vikariat

Søknadsfrist: 22.10.2021

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskolane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelt på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærerutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap (FØS) har tre institutt: Institutt for økonomi og administrasjon, Institutt for maritime studier og Institutt for samfunnsvitskap. Totalt er det ca. 120 fagleg tilsette ved fakultetet og vel 2000 studentar. Fakultetet har i dag ni bachelorprogram og fire masterprogram. Fakultetet har eit doktorgradsprogram i nautiske operasjonar som er ein fellesgrad med Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU), Norges arktiske universitet (UiT) og Universitetet i Sørøst-Norge (USN). FØS er også vertsfakultet for doktorgradsprogrammet «ansvarlig innovasjon og regional utvikling» som går på tvers av flere fakulteter ved HVL. FØS har det faglege og administrative ansvaret for programmet.


Institutt for økonomi og administrasjon ved HVL har vel 85 fagtilsette og 1200 studentar. Instituttet er fordelt på tre campus: Bergen, Haugesund og Sogndal. Instituttet har seks bachelorprogram og to masterprogram.

Høgskulen på Vestlandet har ledig mellombels stilling som førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor ved Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap, campus Sogndal

Om stillinga:

Stillinga høyrer til Institutt for økonomi og administrasjon og vil i hovudsak vera knytt til undervisning og rettleiing ved studieprogrammet bachelor i reiselivsledelse og årsstudiet i reiseliv ved campus Sogndal, men andre undervisningsoppgåver ved instituttet sine utdanningar må òg påreknast.

Vikariatet er ledig frå 1.1.2022 og har ei varigheit på eitt år.

Arbeidsplassen er Sogndal.

Ansvars- og arbeidsområde:

Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere:

  • Undervisning og rettleiing på studieprogrammet bachelor i reiselivsledelse og årsstudiet i reiseliv. Andre undervisningsoppgåver ved instituttet kan bli aktuelt
  • Ansvar knytt til fagleg studiekoordinering og emneansvar kan bli lagt til stillinga
  • Ekskursjonar og bedriftsbesøk er ein del av undervisninga og ein må etter behov delta på desse
  • Institusjonsbyggjande arbeid som fagadministrative oppgåver, internasjonalisering og samhandling med eksterne partnarar
  • Aktiv bruk av digitale verktøy i arbeidskvardagen som t.d. læringsplattform
  • Det er ei forventning om at den som blir tilsett også skal bidra i det regionale utviklingsarbeidet, òg til fagleg samarbeid og fagutvikling på tvers av HVL sine campus når dette er aktuelt

Kvalifikasjonar:

Kriteria for tilsetting i undervisnings- og forskarstilling går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger

Formell utdanning og kompetanse:

  • For tilsetjing som førsteamanuensis må søkjar ha avlagt doktorgrad med relevans for stillinga
  • For tilsetjing som førstelektor må søkjar dokumentere relevant førstelektorkompetanse
  • For tilsetjing som høgskulelektor må søkjar ha hovudfag/mastergrad med gode resultat og med relevans for stillingsprofilen, til dømes arbeid i reiselivsnæringa.
  • Pedagogisk kompetanse/erfaring
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Undervisningsspråket er norsk og søkjarar må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk.

Vi søkjer særleg etter teoretisk og praktisk undervisningskompetanse innan reiselivsemne.

Det kan vere ein fordel dersom søkjar i tillegg har utdanning og erfaring innan andre økonomisk-administrative fag som t.d. marknadsføring.

Ønska kvalifikasjonar:

  • Undervisnings- og rettleiingserfaring frå høgare utdanning
  • Erfaring frå FoU-arbeid med våre samarbeidspartnarar som t.d. Vestlandsforsking
  • Erfaring frå reiselivsnæringa som t.d. destinasjonsutvikling og leiing blir tillagt vekt
  • Erfaring frå styreverv og anna innan prosjekt og utviklingsarbeid i norsk reiseliv

Personlege eigenskapar:

  • Sjølvstendig
  • Evne til å arbeida saman med andre i team
  • Evne til å samarbeide på tvers av fagdisiplinar
  • Gode evner til formidling

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i Jobbnorge.no. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:

Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga er større enn 50 MB må dei komprimerast før opplasting, eller leggjast ved som lenkje.

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spanande fagmiljø med moglegheiter for kompetanseheving- og utvikling
  • Moglegheit for trening i arbeidstida

Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 førsteamanuensis / 1198 førstelektor / 1008 høgskulelektor.

Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at i tråd med offentleglova, kan opplysningar om søkjaren bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista. Søkjar blir varsla dersom førespurnad om unntak for offentleggjering ikkje vert teken til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogelg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing, og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet:

  • Ass. instituttleder Ingunn Skjelbreidalen, tlf: 57 67 63 42
  • Høgskulelektor Helene Maristuen, tlf: 918 77 565

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS