LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i pedagogikk

Søknadsfrist: 09.05.2021

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.


Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag har 180 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.


Instituttet gir undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanningane (masternivå frå 2017), bachelorutdanningar i folkehelse og idrett/kroppsøving, praktisk pedagogisk utdanning og masterutdanningar i undervisningsvitskap, samfunnsfagdidaktikk, IKT i læring, utdanningsleiing, barnehagekunnskap, læring og undervisning og spesialpedagogikk. Instituttet bidrar også til fakultetet sitt Ph.D.-program Danning og didaktiske praksisar.


Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig inntil to mellombelse stillingar som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i pedagogikk/spesialpedagogikk ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.

Stillingane inngår i Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag, ved campus Stord, og er ledige i perioden 01.08.21 - 31.01.22 med mogeleg utviding ut studieåret.

Stillingane er knytt til pedagogikk-fagmiljøet for grunnskulelærarutdanningane. Fagmiljøet på Stord har saman med fagmiljøet i Bergen og Sogndal brei kompetanse innanfor allmennpedagogikk, profesjonsretta pedagogikk og spesialpedagogikk, og har eit rikt og mangfaldig forskarmiljø med pågåande prosjekt nasjonalt og internasjonalt. I tillegg til å bidra i dei femårige grunnskulelærarutdanningane, deltar også fagmiljøet i desentralisert kompetanseutvikling og i etter- og vidareutdanningstilbod.

Ansvars- og arbeidsområde:

Stillingane har følgande ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Undervise, rettleie og utvikle studentaktive læringsformer i tråd med krav i studietilsynsforskrifta. Desse oppgåvene vil først og fremst vere knytt til 5-årig masterutdanning for grunnskulelærarar og etter- og vidareutdanning.
  • Institusjonsbyggjande arbeid irekna: rettleie tilsette, fagadministrative oppgåver, internasjonalisering og samhandling med eksterne partnarar.
  • Aktivt bruke digitale verktøy i arbeidskvardagen.
  • Det kan bli aktuelt med noko reising i stillinga.

Kvalifikasjonar:

Kriteria for tilsetting i undervisnings- og forskarstilling går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger.

Formell utdanning og kompetanse:

For tilsetjing som førsteamanuensis/førstelektor må søkjar primært ha doktorgrad/førstelektorkompetanse innanfor pedagogikk/spesialpedagogikk. Sekundært kan det bli vurdert å tilsetje søkjarar med annan kompetanse dersom den er klart relevant for eit eller fleire av følgjande område:

  • Profesjonskompetanse i lærarprofesjonane
  • Allmennpedagogiske perspektiv i utdanning og yrke
  • Skulen som organisasjon
  • Psykososialt læringsmiljø i skulen
  • Profesjonsfagleg digital kompetanse i eit utdanningsperspektiv
  • Demokrati og medborgarskap i skulen
  • Rettleiing og vurdering

Dersom det ikkje melder seg søkjarar med førstekompetanse, kan det bli aktuelt å tilsetje som høgskulelektor. Vi krev då minimum mastergrad i pedagogikk/ spesialpedagogikk med godt resultat.

Personlege eigenskapar:

  • Den som blir tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men òg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel. Høgt etisk medvit i møte med studentar er påkravd.
  • Undervisningsspråket er til vanleg norsk, og søkjarar må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk.
  • Den som blir tilsett må vere personleg egna for stillinga.

Følgande teller positivt i vurderinga:

  • Kompetanse innan rettleiingspedagogikk
  • Erfaring frå relevante forskings- og utviklingsprosjekt, irekna erfaring med å skaffe ekstern finansiering og utvikling av forskings- og utviklingsprosjekt med praksisfeltet
  • Relevant erfaring frå grunnskule, vidaregåande opplæring, høgare utdanning evt. barnehage
  • Erfaring med digitale og interaktive undervisningsformer
  • Internasjonale faglege nettverk og erfaring frå internasjonalt arbeid 

Ved tilsetjing vil fagmiljøet sitt samla kompetansebehov kunne vere avgjerande.

Aktuelle kandidatar blir innkalla til intervju.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadar blir vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkars ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Hvis vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spanande fagmiljø med moglegheiter for kompetanseheving- og utvikling
  • Moglegheit for trening i arbeidstida

Stillinga som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 - førsteamanuensis/ 1198 - førstelektor/ 1008 - høgskulelektor.

Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at i tråd med offentleglova, kan opplysningar om søkjaren bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista. Søkjar blir varsla dersom førespurnad om unntak for offentleggjering ikkje vert teken til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogelg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting, og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet:

1) Assisterande instituttleiar Britt R. Theodorsen, tlf.: 53491359, e-post: brt@hvl.no

2) Fagkoordinator pedagogikk GLU, Annette Haugsgjerd, tlf.: 53491503, e-post: annette.haugsgjerd@hvl.no

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS