Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i pedagogikk - IKT i læring

Søknadsfrist: 28.05.2020

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program.
Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.
Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.


Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag har 180 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.


Instituttet gir undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanningane (masternivå frå 2017), bachelorutdanningar i folkehelse og idrett/kroppsøving, praktisk pedagogisk utdanning og masterutdanningar i undervisningsvitskap, samfunnsfagdidaktikk, IKT i læring, utdanningsleiing, barnehagekunnskap, læring og undervisning og spesialpedagogikk. Instituttet bidrar også til fakultetet sitt Ph.D.-program Danning og didaktiske praksisar.


Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.

Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har 2 ledige mellombelse stillingar som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i pedagogikk - IKT i læring (01.09.20-31.07.21)

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig to mellombelse stillingar (01.09.20-31.07.21) som førsteamanuensis/førstelektor/ høgskulelektor i pedagogikk - IKT i læring, ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett. Stillinga inngår i Institutt for pedagogikk religion og samfunnsfag , campus Stord/ Bergen/ Sogndal (søkjar velger arbeidsplass på ein av våre campus).

Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6000 studentar og 500 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1. - 7. og 5. - 10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og ph.d.-program. Vi har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet er organisert i forskingssenter og –grupper. Fakultetet vart etablert frå 01.01.18 ved at tre avdelingar ved høgskulen vart slått saman.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Undervise, rettleie, vurdere og utvikle studentaktive læringsformer i tråd med krav i studietilsynsforskrifta.
  • Stillinga vil primært bli knytt til arbeid med etter- og vidareutdanningane ved instituttet, grunnskulelærarutdanningane og tilbod på masternivå innanfor fagområdet IKT i læring.
  • Fleire av studietilboda er nettbaserte og/eller samlingsbaserte studium med faste samlingar (campus Stord).
  • Arbeid med etterutdanningsbasert kompetanseheving i skule og barnehage kan også bli aktuelt. Dette arbeidet føregår vanlegvis lokalt i kommunane i vår region.
  • Institusjonsbyggjande arbeid irekna: fagadministrative oppgåver, internasjonalisering og samhandling med eksterne partnarar
  • Aktivt bruke digitale verktøy i arbeidskvardagen
  • Det kan bli aktuelt med noko reising i stillinga
  • Avhengig av søkjarane sin kompetanse og instituttet sitt behov vil oppgåver og ansvar bli avtala nærmare.

Kvalifikasjonskrav:

For tilsetjing som førsteamanuensis må søker ha doktorgrad i pedagogikk eller et samfunnsvitskapleg fag, hvor kompetansen må ha klar relevans for IKT i læring. For tilsetjing som førstelektor må søkar ha kompetanse på nivå med norsk doktorgrad, og med tilsvarande relevanskrav som for førsteamanuensis. For tilsetjing som høgskulelektor må søkeren ha minimum mastergrad i pedagogikk eller eit samfunnsvitskapleg fag (med god karakter), og med relevans for stillingsprofilen.

  • Søkjarar må ha høg digital realkompetanse i pedagogisk bruk av IKT i undervisning og læringssamanheng.
  • Meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk, samt kunne bruke engelsk skriftleg.
  • Den som blir tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men òg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel.
  • Høgt etisk medvit i møte med studentar er påkravd.
  • Det vil bli vurdert om søkjar er personleg egna for stillinga.

Følgjande vil telje positivt i vurderinga:

  • Erfaring frå forskings- og utviklingsprosjekt der bruk av digitale læringsverktøy har vore sentralt.
  • Formell pedagogisk kompetanse og relevant undervisningserfaring frå grunnskule, vidaregåande opplæring eller høgare utdanning.
  • Kunnskap om og erfaring frå fleksibel og nettbasert læring.

Søkjar må oppgi i søknaden ynskje om arbeidsstad. Aktuelle kandidatar blir innkalla til intervju.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Me gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, her dei vitskaplege arbeida (inntil 15 stk.), fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkyndige utvalet. På bakgrunn av komiteen si innstilling vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveforelesning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som førsteamanuensis/ førstelektor/ høgskulelektor er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 - førsteamanuensis, stillingkode 1198 - førstelektor eller stillingskode 1008 - høgskulelektor.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Me gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynsket ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hull i CV.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Leiar for Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag Jan Helge Kallestad, tlf. 55 58 59 43 eller per e-post: Jan.Helge.Kallestad@hvl.no.

Søk stilling

Powered by Labrador CMS