Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i kroppsøving / idrett / natur, helse og rørsle

Søknadsfrist: 07.06.2020

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.

Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.


Institutt for idrett, kosthald og naturfag har ca 110 tilsette i Sogndal, Bergen og på Stord. Fagområda i instituttet omfattar idrett, kroppsøving, fysisk aktivitet, folkehelse, friluftsliv, naturfag og mat og helse. Instituttet er og ansvarleg for oppfølging av Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet.

Instituttet har ansvar for fleire utdanningar på bachelornivå innan idrett, kroppsøving, friluftsliv og folkehelse. I tillegg kjem masterutdanningar i idrettsvitskap og fysisk aktivitet og kosthald i eit skulemiljø. Instituttet gir og undervisning på sine fagområde på allenivå i barnehagelærarutdanninga, praktisk-pedagogisk utdanning og ved grunnskulelærarutdanningane, og bidreg i fakultetet sitt Ph.D.-program Danning og didaktiske praksisar.

Tilsette på instituttet er involvert i forsking og utviklingsarbeid som er relevant for aktiviteten ved fakultetet og deltek i faglege nettverk både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet er og ein viktig aktør regionalt og nasjonalt for å bidra til vidareutdanning og kompetanseutvikling i skule, barnehage, idrett, friluftsliv, helse- og treningssenterbransje m.m.In

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei mellombels stilling som førsteamanuensis/ førstelektor / høgskulelektor i kroppsøving/idrett/natur, helse og rørsle ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett

Stillinga inngår i Institutt for idrett, kosthald og naturfag, campus Stord.

Tilsettingsperiode 1.8.2020 - 31.12.2020.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Stillinga har følgande ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Undervise, rettleie og utvikle studentaktive læringsformer i tråd med krav i studietilsynsforskriften. Disse oppgåvene vil vere knytt til grunnskulelærarutdanningane, årseining i idrett/kroppsøving og barnhagelærarutdanning
  • Institusjonsbyggjande arbeid irekna: fagadministrative oppgåver, internasjonalisering og samhandling med eksterne partnarar
  • Aktivt bruke digitale verktøy i arbeidskvardagen

Kvalifikasjonskrav:

For tilsetjing som førsteamanuensis må søkar ha avlagt doktorgrad i kroppsøving/idrett/natur, helse og rørsle. For tilsetjing som førstelektor må søkar ha kompetanse på nivå med norsk doktorgrad, og med tilsvarande relevanskrav som for førsteamanuensis. For tilsetjing som høgskulelektor må søkar ha hovudfag/mastergrad med gode resultat og med relevans for stillingsprofilen.

Den som blir tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men òg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel. Høgt etisk medvit i møte med studentar er påkravd.

Undervisningsspråket er norsk og søkarar må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk.

Den som blir tilsett må vere personleg egna for stillinga.

Følgande tel positivt i vurderinga

Undervisningskompetanse i dans, symjing og natur, helse og rørsle

Pedagogisk kompetanse og relevant erfaring frå barnehage, grunnskule, vidaregåande opplæring eller høgare utdanning

Internasjonal erfaring

Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju.

Kriteria for tilsetjing i stilling som førsteamanuensis/ førstelektor /høgskulelektor går fram av forskrift om tilsetjing og opprykk i undervisnings- og forskarstillingar fastsett av Kunnskapsdepartementet: https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-02-09-129

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadar blir vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkars ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv lasta opp attesterte omsettjingar. Hvis vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Vi tilbyr:

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som førsteamanuensis/ førstelektor/ høgskulelektor er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011/ 1198/ 1008. Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jf. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Søkaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkinga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetting, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, personar med nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet:

  • Assisterande instituttleiar Meret Økland Sortland,tlf.:53 49 14 20 / 909 55 465, e-post: mos@hvl.no
  • førstelektor Helga Aadland, tlf.: 53 49 13 47, e-post: helga.aadland@hvl.no

Søk stilling

Powered by Labrador CMS