Universitetslektor / Førsteamanuensis / Førstelektor i folkedans
Søknadsfrist: 22.03.2026
Publisert
Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk er lokalisert i Rauland og har utdanningstilbod innan tradisjonskunst, folkedans og folkemusikk. Sjølv om miljøet vårt er relativt lite, er vi ein betydeleg aktør innan fagfelta våre. Dei tilsette ved instituttet har høg vitskapleg, praktisk-kunstnarleg og handverksmessig kompetanse og representerer eit leiande fagmiljø innan praksisbasert folkemusikkforsking.
Instituttet tilbyr årsstudium og bachelorprogram innan folkemusikk, folkedans og tradisjonskunst med fordjuping i tre, metall eller tekstilhandverk, samt eit overordna masterprogram i tradisjonskunst og folkemusikk. Instituttet har òg fleire vidareutdanningar og kortare studietilbod.
Alle studieprogramma som vert tilbydde ved instituttet, har ein praktisk og utøvande profil.
Knytt til instituttet er òg forskingsgruppa Praksis, Tradisjon og Teknologi som driv ei rekkje prosjekt og enkeltstudiar innan tradisjonskunst- og folkemusikkforsking.
Campus Rauland er eitt av universitetet sine åtte campusar og er omgjeve av vakker og allsidig natur med gode og varierte fritidsmoglegheiter. Campus Rauland er ein liten og kompakt campus der både tilsette og studentar jobbar tett saman og vert godt kjende. Campus Rauland er kjend for eit studentmiljø fylt med lidenskap og inspirasjon, og har fleire år på rad vorte rangert som det beste studentmiljøet i Noreg.
Gjennom dei offisielle kanalane – og gjennom eit nettverk av kunnskapsrike og rause kollegaer som kan mykje om mangt. USN er resultatet av fusjonar mellom tidlegare høgskular. Høgskulen i Søraust-Noreg vart danna 1. januar 2016 då Høyskolen i Buskerud og Vestfold fusjonerte med Høyskolen i Telemark. Høgskulen fekk universitetsstatus i 2018. Rektoren vår heiter Pia Cecilie Bing-Jonsson.
Fakultet for humaniora, idretts- og utdanningsvitenskap/ Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk har ledig fast stilling som Universitetslektor/ Førsteamanuensis/ Førstelektor i folkedans
Om stillinga
Ved Fakultet for humaniora, idretts- og utdanningsvitskap er det frå 01.08.2026 ledig inntil 100% fast stilling som førsteamanuensis/ førstelektor/ universitetslektor i folkedans ved USN Campus Rauland.Stillinga er knytt til Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk, og næraste overordna er instituttleiar. Hovudarbeidsstad er p.t. Campus Rauland.
Ansvar og arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene vil vera knytt til undervisning, fagleg utviklingsarbeid, rettleiing og forsking med vekt på bachelorprogrammet i folkedans. Vi søkjer deg som ønskjer Rauland som dagleg arbeidsstad, og som vil bidra aktivt til vidare utvikling av fagmiljøet og studieprogramma våre.
Den som blir tilsett, skal bidra i utviklinga av instituttet sine forskingssatsingar innan folkedans og folkemusikk, og i etablering og vedlikehald av nasjonale og internasjonale faglege nettverk.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer ein person med både utøvande/praktisk og teoretisk kompetanse på høgt nivå innan folkedans.
Vi søkjer ein person som kan undervise i fagområde som norske dansestradisjonar praktisk og teoretisk, fagdidaktikk innan folkedans, danseanalyse, koreografi, formidling og utøving.
Vi søkjer etter ein person med kompetanse og erfaring frå fagleg utviklingsarbeid og som kan ta fagadministrative oppgåver i oppbygging av bachelorstudiet i folkedans.
Vi søkjer etter ein person med god kjennskap til organisering av folkedans/folkemusikkfeltet og med evne til å søkje samarbeid, innovasjon og fagleg utviklingsarbeid med praksisfeltet.
Søkjar bør ha god kjennskap til fagfeltet sin teori og metodar med forankring i folkedansforsking, etnokoreologi, dansekvitskap og praksisorientert forsking.
Søkjar må kunne dokumentere høg kompetanse innan eitt eller fleire område med relevans for folkemusikk – og folkedansforsking og profilen til instituttet, og ha erfaring med forsking og/eller kunstnarlege prosjekt innan folkemusikk/dans.
Vi søkjer først og fremst kandidatar med doktorgrad som er relevant for instituttet sine utdanningar og fagområde, eller personar utan doktorgrad med annan relevant kompetanse på førstestillingsnivå på grunnlag av fagleg eller kunstnarleg utviklingsarbeid. Personar med relevant kompetanse for studieprogrammet på universitetslektornivå kan også vurderast.
Da det til stillingen er ønskelig med en kombinasjon av både vitenskapelig og utøvende/kunstnerisk kompetanse er det den samlede kompetansen (utøvende og vitenskapelig) som ligger til grunn for vurdering av søkerne.
Sidan undervisningsspråket er norsk, må den som vert tilsett kunne undervise på eit av dei skandinaviske språka (norsk, svensk eller dansk).
For å bli tilsett som universitetslektor, vert det kravd høgare grads eksamen ved universitet, høgskole eller tilsvarande, i tillegg til relevante forskingskvalifikasjonar ut over mastergrads- eller hovudfagsnivå og/eller relevant yrkespraksis. Ved tilsetting som universitetslektor vil det bli lagt vekt på ønske, vilje og planar om kvalifisering til førstekompetanse.
For å bli tilsett som førsteamanuensis, vert det i tillegg kravd norsk doktorgrad på aktuelt fagområde eller tilsvarande utanlandsk doktorgrad godkjent som likeverdig med norsk doktorgrad eller kompetanse på tilsvarande nivå dokumentert ved vitskapleg arbeid av same omfang og kvalitet.
For å bli tilsett som førstelektor, vert det kravd dokumentert omfattande forskings- og utviklingsarbeid som i kvalitet og omfang tilsvarar arbeidsmengd og nivå for ei doktorgradsavhandling. Det vil bli lagt vekt på spesielle kvalifikasjonar innanfor undervisning eller anna pedagogisk verksemd.
Krav til dokumentasjon på utdanningsfaglig kompetanse
Utdanningane våre skal vere forskingsbaserte, både når det gjeld undervisningspraksis og innhald. Vi vil derfor at undervisarane våre skal ha røynsle frå og vise motivasjon for å fokusere på å utvikle undervisningspraksis og samspelet mellom undervisning og forsking for å fremme læring.
På denne bakgrunnen vert det føresett at søkarar kan dokumentere utdanningsfagleg basiskompetanse gjennom utdanning eller kurs i universitets- og høgskolepedagogikk tilsvarande minimum 200 timar, og opparbeidd grunnleggande dugleik når det gjeld å planlegge, gjennomføre, evaluere og utvikle undervisning og rettleiing på universitets- og høgskolenivå.
Alternativt vert det kravd dokumentasjon på utdanningsfagleg kompetanse gjennom eigen praksis som undervisar og rettleiar og gjennom utdanningsleiing i høgare utdanning, kombinert med relevante utdanningar, kurs og seminar og dokumentasjon på opparbeidd grunnleggande dugleik når det gjeld å planlegge, gjennomføre, evaluere og utvikle undervisning og rettleiing.
For søkarar som primært vert vurderte på grunnlag av eigen praksis, vert det stilt krav om undervisnings- og rettleiingsrøynsle og røynsle frå utdanningsleiing som samla sett tilsvarar ein del av heiltidsstilling i høgare utdanning tilsvarande to år.
Søkarar som ikkje har slike utdanningsfaglege kvalifikasjonar, kan bli tilsette med plikt til å kvalifisere seg innan to (2) år. Kurs i universitets- og høgskolepedagogikk vil bli tilbode.
Ved vurdering av søkarar vil det bli lagt vekt på
Vitskapleg og pedagogiske kvalifikasjonar.
Fagleg kompetanse og vitskapleg produksjon/ kunstnarleg utviklingsarbeid relevant for studieprogrammet Bachelor i folkedans.
Erfaring frå utviklingsarbeid og innovasjon innan fagfeltet
Publisering i internasjonale fagfellevurderte tidsskrift.
Undervisningsrøynsle og -kompetanse innan folkedans.
Administrativ erfaring og kompetanse.
Evne til å skaffe eksterne midlar.
Forskingsleiing, deltaking i forskingsprosjekt og forskingsformidling.
Røynsle innan forskingsdriven innovasjon og industrisamarbeid.
Røynsle innan internasjonale forskingsopphald.
Annan relevant kompetanse for studieprogrammet Bachelor i folkedans som td folkemusikk, bransjekunnskap, skadeforebygging, trening og liknande.
Vi ser også etter en person med :
• Gode formidlingsevner og evne til å motivere og fremje studentane si læring
• Evne til sjølvstendig arbeid, og samstundes vise motivasjon til å dele kunnskap
• Samarbeidsorientert, med evne til å bygge nettverk og skape tillit internt og eksternt
• Ha ei strukturert og systematisk tilnærming til arbeidet
• Engasjement for faget og motivasjon for stillinga
• Bidra til å oppretthalde eit godt arbeidsmiljø, og ha eit ønskje om å vere til stades i miljøet på campus Rauland
Vi tilbyr
varierte arbeidsoppgaver i en stor organisasjon med et viktig samfunnsoppdrag
et ambisiøst arbeidsfellesskap og et inkluderende arbeidsmiljø
kurs i universitetspedagogikk
kurs i norsk tilsvarende B2-nivå
gode muligheter for karriereutvikling
lønn etter Statens lønnsregulativ l.pl 17.510I: Universitetslektor kode 1009 (kr 563 412 – kr 711 095 per år). Førsteamanuensis kode 1011(kr 663 442 – kr 868 739 per år) og førstelektor stillingskode 1198 (663 442 - kr 868 739 per år)
særskilte tilfeller kan høyere avlønning vurderes. Fra lønnen trekkes lovfestet innskudd til Statens pensjonskasse.
medlemskap i Statens pensjonskasse som sikrer gode pensjons-, forsikrings- og låneordninger
Tilsettingsutvalet for undervisnings- og forskarstillingar ved Universitetet i Søraust-Noreg er tilsettingsorgan. Eit sakkunnig utval vil vurdere søknadene. På bakgrunn av innstillinga frå utvalet vil aktuelle søkarar bli kalla inn til intervju og prøveførelesing.
Den som vert tilsett, må rette seg etter dei lovar, føresegner og avtalar som gjeld for stillinga til kvar tid.
Universitetet i Søraust-Noreg ønskjer at medarbeidarane våre så langt det er råd skal spegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søke stilling hos oss. Me arbeider for å utvikle oss vidare som ein inkluderande arbeidsplass, og vil legge tilhøva til rette for dei som har behov for tilrettelegging av arbeidsplassen. Har du periodar i livet der du ikkje har vore i arbeid, utdanning eller opplæring er du også velkomen til å søke arbeid hos oss.
I samsvar med offentleglovas § 25 2. leden kan opplysningar om søkaren bli offentleggjorde sjølv om søkaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkarlista. Søkarar vil bli varsla dersom slikt ønske ikkje blir tatt til følgje.
For opplysningar om søknadsprosessen:Karianne Wolff-Sørensen Wiken, karianne.w.wiken@usn.no
Slik søker du
Synes du dette ser interessant ut, og er i samsvar med dine kvalifikasjoner, sender du oss din søknad elektronisk via "Søk stillingen" på denne siden. Her registrerer du minimum en kort søknadstekst, relevant utdanning og arbeidserfaring samt språkferdigheter. I søknadsteksten må du tydeliggjøre din kompetanse og motivasjon for stillingen.
Søknaden må inneholde:
CV med fullstendig oversikt over utdanning og erfaring
utdanningsfaglig mappe med en faglig fundert beskrivelse og diskusjon av egen utdanningsfaglig kompetanse samt relevant dokumentasjon som underbygger denne, se beskrivelse av fremgangsmåte under utdanningsfaglig kompetanse i utlysningsteksten
søkere som har fullført eget kurs i universitet- og høgskolepedagogikk tilsvarende minimum 200 timer skal legge frem dokumentasjon i form av kurs- eller eksamensbevis, i tillegg til studieplan eller beskrivelse av kurset med oversikt over emner/innhold, læringsutbytte og omfang
fullstendig liste over vitenskapelige arbeider med opplysninger om hvor de er offentliggjort
inntil 10 vitenskapelige arbeider som er sentral i din forskningsproduksjon, inklusiv doktorgradsavhandling eller publisert monografi basert på avhandlingen
en beskrivelse av de vitenskapelige eller kunstneriske arbeidene som du vurderer som mest betydningsfulle, og som du særskilt ønsker at skal tillegges vekt i vurderingen av din kompetanse
forskningsplan for de neste 5-10 årene, maksimalt tre sider
vitnemål og attester og dokumentasjon på annen faglig aktivitet som vurderes relevant for stillingen og som dokumenterer kompetanser og resultater som etterspørres i utlysningsteksten
dokumentasjon på norskferdigheter på B2-nivå etter CEFR-standard. Kompetanse i svensk eller dansk er likestilt med norsk. Norskferdigheter kan dokumenteres på følgende måter:
vitnemål fra videregående skole
Vitnemål fra høyere utdanning fullført på et skandinavisk språk
Bestått språktest som dokumenterer norskferdigheter på B2-nivå, for eksempel Bergenstesten, Norskprøve for innvandrere eller trinn 3-kurs i norsk ved en høyere utdanningsinstitusjon
Har du høyere utdanning fra utlandet må den godkjennes av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse. Du må ha sendt inn søknad for godkjenning innen søknadsfristen til denne stillingen utløper. Legg ved kvittering på søknad eller vedtak når du søker. Godkjenningen må ettersendes og er en forutsetning for ansettelse.
Søknaden vil bli vurdert ut fra informasjonen som foreligger i Jobbnorge ved søknadsfristen. Sørg derfor for at søknaden tydelig viser hvordan dine ferdigheter og erfaringer oppfyller kompetansekravene som er beskrevet i utlysningsteksten.
Vi tar hensyn til fellesarbeider. Dersom det er vanskelig å identifisere din innsats i fellesarbeidene, må du legge ved en kort redegjørelse om din medvirkning.
I vurderingen av hvem som er best kvalifisert for stillingen, legger vi vekt på utdanning, erfaring og personlige egenskaper. Vår vurdering vil bygge på dokumentert pedagogisk materiale, fremstillingsformer i de vitenskapelige arbeidene, erfaring fra undervisning, doktorgrads- og mastergradsveiledning og pedagogisk bakgrunn av annen art. Kvalitet, relevans og betydning vil bli vurdert, og åpen vitenskapspraksis anerkjennes.
Dokumentasjonen må foreligge på et skandinavisk språk eller engelsk. Dersom vedleggene overskrider 30 MB til sammen, må de komprimeres før opplasting.
Vi gjør oppmerksom på at opplysninger om deg som søker kan bli offentliggjort selv om du har anmodet om ikke å bli oppført på offentlig søkerliste, jf. offentlighetsloven § 25. Dersom din anmodning ikke blir tatt til følge vil du bli varslet om dette.
Vi vurderer bare søknader og vedlegg registrert i Jobbnorge.
Ved forespørsel må du kunne fremskaffe bekreftede kopier av din dokumentasjon.