Førsteamanuensis / førstelektor innan operasjonsjukepleie (campus Førde)
Søknadsfrist: 24.09.2023
Publisert
Høgskulen på Vestlandet
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 400 tilsette og om lag 4900 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram. Fakultetet tilbyr ph.d.-utdanninga "Helse, funksjon og deltaking". I tillegg har Fakultet for helse- og sosialvitskap ansvar for forskingsområdet: "Innovasjon i offentleg sektor" i ph.d.-utdanninga Responsible Innovation and regional Development (RESINNREG), som er eit samarbeid på tvers av fakulteta.
Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.
Ved institutt for helse- og omsorgsvitskap er vi om lag 210 tilsette og om lag 2400 studentar fordelte på studiestadane Førde, Bergen, Haugesund og Stord. Vi tilbyr bachelorutdanningar i sjukepleie og masterstudium i klinisk sjukepleie med sju ulike fordjupingsområde. I tillegg har vi masterstudium i jordmorfag, masterstudium i samhandling og folkehelse, masterstudium i avansert klinisk allmennsjukepleie og master i sjukepleie - kliniske spesialitetar, samt ei rekkje vidareutdanningar. Forskinga vår er retta mot å styrke kunnskapsgrunnlaget innan klinisk sjukepleie, kvalitet og innovasjon i helse- og omsorgstenester, folkehelse og livsstil samt utdanningskvalitet.
Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig inntil 100 % fast stilling som førsteamanuensis/førstelektor innan fagområde operasjonsjukepleie ved Fakultet for helse- og sosialvitskap – campus Førde
Stillinga er knytt til Fakultet for helse- og sosialvitskap, Institutt for helse- og omsorgsvitskap, fagseksjon master i klinisk sjukepleie
Stillinga er i hovudsak knytt til master i spesialsjukepleie, operasjonsjukepleie ved campus Førde, men ein må også rekne med undervisnings- og rettleiingsoppgåver på andre studietilbod i instituttet.
Det kan vere aktuelt å tilsett i mindre stillingsprosent, til dømes 50 -100 %
Arbeidsstad er campus Førde.
Ansvars- og arbeidsområde:
Stillinga inneber ei rekke pedagogiske arbeidsformer inkludert rettleiing av masteroppgåver, IKT-baserte førelesingar, studentaktive læringsmetodar inkludert praksisrettleiing, utarbeiding av eksamenssoppgåver, sensur, årleg utvikling av emneplananer i masterstudiet i klinisk sjukepleie, operasjonsjukepleie. Stillinga inneber forsking med relevans for operasjonsjukepleie.
Den som blir tilsett må bidra i andre pedagogiske, vitskaplege og fagadministrative oppgåver, som til dømes studiekoordinering, emneansvar, deltaking i forskargruppe, og samarbeid mellom forskingsfeltet og det kliniske feltet for å oppretthalde og stadig betre det pedagogiske og vitskaplege nivået i studiet.
Stillinga inneber samarbeid internt ved høgskulen så vel som med andre utdanningsinstitusjonar nasjonalt og internasjonalt. Stillinga er i hovudsak knytt til operasjonsjukepleiestudiet, men den som blir tilsett må rekne med andre undervisnings- og rettleiingsoppgåver i instituttet.
Autorisasjon som sjukepleiar med spesialutdanning i operasjonsjukepleie
For tilsetting som førsteamanuensis er kravet avlagd ph.d-grad, og for førstelektor dokumentasjon på førstelektorkompetanse med relevans for det vitskaplege feltet
Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga
Interesse for og/eller erfaring med pedagogisk utviklingsarbeid, varierte undervisningsformer og internasjonaliseringsarbeid frå undervisning og rettleiing i høgare utdanning
Relevant klinisk erfaring og praksisnær kompetanse
God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk eller skandinavisk språk i tillegg til engelsk
God IKT-kompetanse
I tillegg til dokumentert vitskapleg kompetanse blir det lagt vekt på engasjement, initiativ og interesse for at eiga vitskapleg karriereplan i operasjonsjukepleie bidreg i utviklinga av det vitskaplege nivået ved fagseksjonen, instituttet og fakultet.
Ønska kvalifikasjonar:
Erfaring med undervisning og rettleiing i høgare utdanning
Det er ein fordel at søkjaren har erfaring med studentaktive læringsmetodar og digitale undervisningsformer
Personlege eigenskapar:
Sjølvstendig og ansvarleg
Positiv innstilling og god evne til å samarbeide med både studentar og kollegaer
God evne til formidling
Engasjement og interesse for fagleg utvikling
Dersom det ikkje melder seg fullt ut kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å tilsett i mellombels stilling som høgskulelektor i inntil to og eit halvt år. For tilsetting som høgskulelektor må søkjar ha mastergrad.
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.
Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:
Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsettingar. Om vedlegga overstig 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.
Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkunnige utvalet. På bakgrunn av utvalet si vurdering, vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveundervisning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Vi tilbyr:
Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving- og utvikling
Høve for trening i arbeidstida
Stillinga som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 førsteamanuensis/1198 førstelektor/1008 høgskulelektor.
Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at i tråd med offentleglova, kan opplysningar om søkjaren bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom førespurnad om unntak for offentleggjering ikkje vert teken til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.