Førsteamanuensis / førstelektor i spesialpedagogikk
Søknadsfrist: 21.09.2025
Publisert
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 16 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 5700 studentar og 530 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.
Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag har ca. 200 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.
Instituttet gjev undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdanningane, bachelorutdanningar og praktisk-pedagogisk utdanning. I tillegg bidreg instituttet i to-årige masterutdanningar og i Ph.d.-programmet Studier av danning og didaktiske praksisar. Instituttet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.
Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.
Ved Høgskulen på Vestlandet er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis/førstelektor i spesialpedagogikk ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.
Stillinga inngår i Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag, campus Bergen (IPRS).
Stillinga er knytt til pedagogikk-fagmiljøet for grunnskulelærarutdanningane i eit av dei største pedagogiske fagmiljøa i landet. Fagmiljøet er stort og dynamisk med eit rikt og mangfaldig forskarmiljø med pågåande prosjekt nasjonalt og internasjonalt, og med brei kompetanse innanfor spesialpedagogikk, profesjonsretta pedagogikk og allmennpedagogikk. I tillegg til å bidra i dei femårige grunnskulelærarutdanningane, deltar fagmiljøet også i desentralisert kompetanseutvikling og i etter- og vidareutdanningstilbod. Fagmiljøet er og aktivt deltakande i andre masterutdanningar og i doktorgradsprogrammet «Studiar av danning og didaktiske praksisar».
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
Stillinga har følgjande ansvars- og arbeidsoppgåver:
Forskings- og utviklingsarbeid med klar relevans for stillingsprofilen. Fakultetet har 5 strategiske forskingsprogram (Kunst, kreativitet og kulturelle praksisar; Språk, kommunikasjon og læring; Praksisnær profesjons- og utdanningsforsking; Berekraft, medverknad og mangfald og Idrett, fysisk aktivitet og kosthald) og det blir forventa at dei tilsette bidreg med forsking innretta mot eitt eller fleire av programma. Forskningsprogramstrukturen er for tida under revisjon.
Undervise, rettleie og utvikle studentaktive læringsformer i tråd med krav i studietilsynsforskrifta. Desse oppgåvene vil vere knytt til grunnskulelærarutdanningane. Det kan og vere aktuelt med oppgåver innan bachelor-, master-, og Ph.d.-utdanning og innanfor etter- og vidareutdanning
Institusjonsbyggjande arbeid irekna: rettleie tilsette, fagadministrative oppgåver, internasjonalisering og samhandling med eksterne partnarar
Leie og delta i utvikling av forskingsprosjekt og utarbeide søknader om ekstern finansiering samen med kollegaer i fagmiljøet
For tilsetjing som førsteamanuensis i spesialpedagogikk må kandidaten ha doktorgrad i spesialpedagogikk, pedagogikk, psykologi, barnevernspedagogikk, sosialpedagogikk eller tilsvarande med klar spesialpedagogisk relevans for grunnskolelærarutdanningane.
For tilsetting som førstelektor må søker ha førstekompetanse med tilsvarande profil som for førsteamanuensis.
Søkarane oppfordrast til å klargjera kva for stillingskategori ein søker på.
Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga.
Personlege eigenskapar:
Den som vert tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men òg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel.
Høgt etisk medvit i møte med studentar og tilsette er påkravd.
Den som vert tilsett må vere personleg eigna for stillinga.
Språkkrav:
Undervisningsspråket er norsk, og søkjarar må kunne undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk.
Følgande spesialpedagogiske kompetanse teller særleg positivt i rangeringa mellom kvalifiserte søkarar
Tidleg innsats og begynneropplæring, gjerne knytt til leik.
Menneskerettar og etiske spørsmål innanfor spesialpedagogikk.
Lærevanskar, for eksempel språk-, tale-, lese- og skrivevanskar og dyskalkuli
Sansetap
Psykisk- og fysisk funksjonsnedsetting
Autismespekterforstyrringar
Førebygging og tiltak knyta til utfordringar i utdanning, skule og arbeid i klasserom innanfor spesialpedagogikk
Følgande generelle vitskaplege og pedagogiske kompetanse teller positivt i rangeringa mellom kvalifiserte søkarar
Erfaring frå initiering og leiing av forskings- og utviklingsarbeid, irekna erfaring med å skaffe ekstern finansiering
Relevant nasjonalt og internasjonalt forskarnettverk og forsking som kan bidra inn i forskingsprogramma på fakultetet
Erfaring frå Ph.d.- rettleiing og rettleiing av kollegaer
Gode munnlege formidlingsevner vist gjennom prøveforelesing
Relevant pedagogisk erfaring frå barnehage, grunnskule, vidaregåande opplæring eller høgare utdanning
Internasjonal erfaring eller erfaring med minoritetsspråklege elevar
Søkjarar som ved tilsetting ikkje fyller krava, må fylle dei innan to år. HVL tilbyr kurs i høgskolepedagogikk.
Sakkunnig vurdering:
Søkjarar til vitskaplege stillingar vert vurdert av eit sakkunnig utval. Vurderinga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse, oversikt over arbeida dine, kvar dei er offentleggjort og inntil 5 vitskaplege arbeid som skal leggast ved søknaden i fulltekst. Tilsetjingsorgan er tilsetjingsutval ved Høgskulen på Vestlandet.
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.
Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjars ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:
Vitskaplege arbeid (inntil 5 stk.)
Fullstendig publikasjonsliste
Attestar og vitnemål
Pedagogisk mappe og pedagogisk cv
Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga overstig 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje, total maksgrense for opplasting av vedlegg er 50 MB.
HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.
Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.
Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkunige utvalet. På bakgrunn av utvalet si vurdering vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveundervisning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Vi tilbyr:
Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
Høve for trening i arbeidstida
Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011- førsteamanuensis / 1198 - førstelektor.
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskriften kan komme til anvending behandlingen av søknadane.
Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:
1) Assisterande instituttleiar, Line Alice Ytrehus, tlf + 47 55 58 55 65/ 901 21 058, e-post: line.alice.ytrehus@hvl.no