Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskolane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 500 studentar fordelt på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærerutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap (FØS) har tre institutt: Institutt for økonomi og administrasjon, Institutt for maritime studiar og Institutt for samfunnsvitskap. Fakultetet har om lag 2780 studentar og 140 tilsette.
Det er 11 bachelorprogram og 4 masterprogram ved fakultetet. FØS har eit doktorgradsprogram i nautiske operasjonar som er ein fellesgrad med Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU), Norges arktiske universitet (UiT) og Universitetet i Sør Øst-Norge (USN). FØS er også vertsfakultet for doktorgradsprogrammet Ansvarlig innovasjon og regional utvikling (RESINNREG) som går på tvers av fleire fakultet i HVL. FØS har det faglege og administrative ansvaret for programmet.
Institutt for økonomi og administrasjon ved HVL har om lag 1500 studentar og 100 tilsette. Instituttet er fordelt på tre campus: Bergen, Haugesund og Sogndal. Instituttet har seks bachelorprogram og to masterprogram.
Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis/førstelektor i etikk, samfunnsansvar og berekraft ved Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap
Om stillinga:
Stillinga er plassert ved Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap (FØS) Institutt for økonomi og administrasjon (IØA) i Sogndal.
Institutt for økonomi og administrasjon ved HVL har eit stort fagmiljø og eit breitt studietilbod innanfor dei økonomisk administrative faga. Ved campus Sogndal tilbyr vi års- og bachelorstudium innanfor økonomi og administrasjon, økonomi og jus, eigedomsmekling og reiselivsleiing samt natur- og opplevingsbasert reiseliv. I tillegg tilbyr vi masterutdanning M.Sc./siviløkonom med spesialiseringa Marketing and Innovation.
Stillinga vil vera knytt til fleire av desse bachelorprogramma.
Arbeidsstaden er campus Sogndal.
Ansvars- og arbeidsområde:
Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere:
Undervisning, rettleiing, oppfølging og sensur av studentar innanfor fagområde etikk, samfunnsansvar og berekraft som er relevant i dei ulike bachelorprogramma ved IØA
Forskings- og utviklingsarbeid med relevans for stillinga sitt fagområde
Samarbeid om utdanning og forsking internt i FØS og i HVL, og med nasjonale og internasjonale samarbeidspartar
Det er forventa at den som blir tilsett:
Deltek i vidareutvikling av emne og studieplanar
Deltek i utvikling av nye relevante forskingsprosjekt og utarbeiding av søknadar om ekstern finansiering saman med kollegaer i fagmiljøet
Deltek i institusjonsbyggande oppgåver som studiekoordinering, emneansvar og utvikling av forskingsgruppene
Bidreg i utviklinga av fleksible utdanningstilbod retta mot regional arbeidsliv og livslang læring
For tilsetjing som førsteamanuensis er det krav om norsk doktorgrad innanfor stillinga sitt fagområde eller tilsvarande utanlandsk doktorgrad godkjend som likeverdig med norsk doktorgrad
For tilsetjing som førstelektor må det dokumenterast omfattande forskings- og utviklingsarbeid som i kvalitet og omfang tilsvarar ein doktorgrad
Utdanningsfagleg kompetanse
Undervisningsspråket er norsk og søkjarar må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk i tillegg til engelsk. Søkjarar som ved tilsetting ikkje stør kravet til norsk/skandinavisk språk, kan tilsetjast dersom språkkravet kan oppfyllast innan 2 år etter tilsetjing. Ein må då forplikte seg til å gjennomføre kurs i norskopplæring i løpet av denne tida.
Utdanningsfagleg kompetanse:
Søkjarar som ved tilsetting ikkje fyller krava til utdanningsfagleg kompetanse, må fylle dei innan to år. HVL tilbyr kurs i høgskulepedagogikk.
Søkjarar med relevant fagleg bakgrunn frå både økonomisk-administrative, andre samfunnsvitskaplege eller humanistiske fag er aktuelle for stillinga
Undervisingserfaring frå høgare utdanning på aktuelt fagområde
Erfaring frå søknadsarbeid knytt til ekstern finansiering
Interesse for og erfaring med bruk av studentaktive læringsformer
God og oppdatert kjennskap til fagområdet frå privat næringsliv, offentleg sektor eller frivillige organisasjonar
Personlege eigenskapar:
Sjølvstendig og ansvarleg
Fleksibel og tilpassingsdyktig
Positiv innstilling og gode evne til samarbeid
Gode formidlingsevner både skriftleg og munnleg
Evne til å engasjere og motivere studentar
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.
Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:
Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsetjingar i tillegg til orginalspråket. Om vedlegga er større enn 50 MB må dei komprimerast før opplasting, eller leggjast ved som lenkje.
Søkjarar med utenlandsk utdanning må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om at utdanninga (mastergrad / PhD.) er likeverdig med tilsvarande utdanning frå Norge. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har motteke søknaden din. Opphalds- og arbeidsløyve i Norge er eit vilkår for å tiltre stillinga.
Søknadane blir sendt elektronisk til eit sakkunnig utval. På bakgrunn av utvalet si vurdering vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveundervising. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Vi tilbyr:
Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
Spanande fagmiljø med moglegheiter for kompetanseheving- og utvikling
Moglegheit for trening i arbeidstida
Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 - førsteamanuensis, eller 1198 - førstelektor.
Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogelg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing, og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.