LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor innan intensivsjukepleie

Søknadsfrist: 28.05.2023

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialfag, ingeniør- og naturfag, lærarutdanning og økonomi, samfunnsfag og maritime studier.


HVL tilbyr ulike årsstudium og bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar.HVL skal vere tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har ambisjonar om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 400 tilsette og om lag 4900 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram.


Fakultetet tilbyr ph.d.-utdanninga "Helse, funksjon og deltaking". I tillegg har Fakultet for helse- og sosialvitskap ansvar for forskingsområdet: "Innovasjon i offentleg sektor" i ph.d.-utdanninga Responsible Innovation and regional Development (RESINNREG), som er eit samarbeid på tvers av fakulteta.

Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.

Forskning- og undervisning knytt til master i spesialsjukepleie - intensivsjukepleie

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) campus Bergen er det ledig 100 % fast stilling som førsteamanuensis / førstelektor /høgskulelektor innan fagområde master i spesialsjukepleie- intensivsjukepleie ved Institutt for helse- og omsorgsvitskap

Stillingen er i hovudsak knytt til utdanning ved campus Bergen, men ein må også rekna med undervisnings- og rettleiingsoppgåver ved andre utdanningar i instituttet. Det er forventa at den som blir tilsett skal bidra til ein kunnskapsbasert, arbeidsrelevant og framtidsretta utvikling av utdanninga og profesjonsutøvinga.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Stillinga inneber ei rekke pedagogiske arbeidsformer inkludert masteroppgåverettleiing, IKT-baserte forelesningar, studentaktive læringsmetodar inkludert praksisrettleiing, utarbeiding av eksamensoppgåver, sensur, årleg utvikling av emneplanar i masterstudiet i spesialsjukepleie, intensivsjukepleie. Stillinga inneber klinikknær forsking med relevans for intensivsjukepleie.

Den som blir tilsett må bidra i andre pedagogiske, vitskaplege og fagadministrative oppgåver, som til dømes studiekoordinering, emneansvar, deltaking i forskargruppe, og samarbeid mellom forskingsfeltet og det kliniske feltet for å oppretthalde og stadig betre det pedagogiske og vitskaplege nivået i studiet.

Stillinga inneber samarbeid internt ved høgskulen så vel som med andre utdanningsinstitusjonar nasjonalt og internasjonalt. Stillinga er i hovudsak knytt til intensivsjukepleiestudiet, men den som blir tilsett må rekne med andre undervisnings- og rettleiingsoppgåver i instituttet.

Kvalifikasjonar:

Kriteria for tilsetting i undervisnings- og forskarstillingar går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger fastsett av Kunnskapsdepartementet.

  • Det krevst spesialutdanning i intensivsjukepleie og avlagt ph.d.- grad, dokumentert førstelektorkompetanse med relevans for det vitskaplege feltet, eller mastergrad i intensivsjukepleie. For førstekompetente blir det i tillegg til dokumentert vitskapleg kompetanse, lagt vekt på etablert forskarsamarbeid med forskarar i helseføretaka. Engasjement, inititativ og interesse for at eiga vitskaplege karriæreplan i intensivsjukepleie bidreg i utviklinga av det vitskaplege nivået ved fagseksjonen, instituttet og fakultetet er føresetnader.
  • Det krevst god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk eller skandinavisk språk og på engelsk.
  • Det krevst god IKT-kompetanse.
  • Det er ein fordel at søkjaren har erfaring med studentaktive læringsmetodar og digitale undervisningsformer.
  • Dersom den som blir tilsett ikkje har praktisk pedagogisk kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og rettleiing, må vedkomande kvalifisere seg med kurs i høgskulepedagogikk innan to år frå tilsettingsdatoen.
  • Aktuelle kandidatar til stillinga vil bli kalla inn til intervju og kan bli bedne om å halde prøveforelesing.

Ønska kvalifikasjonar

  • Det er ønskeleg med undervisnings- og rettleiarerfaring frå høgare utdanning.

Personlege engeinskapar

  • Den som blir tilsett må arbeide sjølvstendig, ta ansvar, vise initiativ, ha gode formidlingsevner og evne til å samarbeide med både studentar og kollegaer.

Utdanningsfagleg kompetanse

Søkere som ved tilsetjing ikkje oppfyller krava i samsvar med forskrifta må oppfylla dei innan to år. HVL tilbyr kurs i høgskulepedagogikk. For stilling som førsteamanuensis skal utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk cv i tråd med kriterium for utdanningsfagleg basiskompetanse ved tilsetjing og opprykk i førsteamanuensis- og professorstilling ved HVL.

Korleis søkje på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikka på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.

Me gjer merksam på at søknader blir vurderte ut frå den informasjonen som er lagd inn i www.jobbnorge.no ved utløpet av søknadsfristen. Det er søkjars ansvar å sørgja for at alle relevante vedlegg er lagde inn innan fristen, under dette dei vitskaplege arbeida (inntil 15 stk.), fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål og dessutan dokumentasjon på utdanningsfagleg kompetanse.

For førsteamanuensis skal utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV i tråd med Kriterier for utdanningsfagleg basiskompetanse ved tilsetjing og opprykk i førsteamanuensis- og professorstilling ved HVL .

Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Viss vedlegga overskrid 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søkjar med utanlandsk utdanning må i tillegg leggja ved NOKUTs generelle vurdering om utdanninga (bachelor- og mastergrad) samsvarer med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Me gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit at du vil søkja stipendiatstilling. Dersom du ikkje har fått svar frå NOKUT innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har fått søknaden din.

Søknadene blir sende elektronisk til det sakkunnige utvalet. På bakgrunn av innstillinga frå komiteen vil aktuelle søkjarar bli innkalla til intervju og prøveforelesing.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Om instituttet:

Institutt for helse- og omsorgsvitskap tilbyr bachelorutdanningar i sjukepleie og masterstudium i klinisk sjukepleie, jordmorfag, helsesjukepleie, samhandling og folkehelse, avansert klinisk allmenn sjukepleie og sjukepleie - kliniske spesialitetar. Bli kjent med instituttet.

Forskingen vår er retta mot å styrkja kunnskapsgrunnlaget innan klinisk sjukepleie, kvalitet og innovasjon i helse- og omsorgstenester, folkehelse og livsstil og dessutan utdanningskvalitet.

Les meir om forskingsgruppene våre her.

Vi utdannar sjukepleiarar som arbeider ut frå ein kunnskapsbasert praksis og eit personsentrert perspektiv. Gjennom studiet utdannar me kandidatar som medverkar til fagleg forsvarlege og omsorgsfulle tenester for pasientar, brukarar og pårørande i alle situasjonar og livsfasar.

Om campus

Campus Bergen er ein av 5 campus på HVL og tilbyr fleire halvt- og heilt årsstudium, bachelor- og masterprogram innan helse og sosialfag, ingeniør, maritim og teknologi, natur- og samfunnsvitskap, idrett, friluftsliv og folkehelse, økonomi og leiing. Campus ligg på Kronstad, sentrumsnær med to moderne bygg samla på ein stad.

Bli kjent med Høgskulen på Vestlandet (Film)

Bli kjent med campus Bergen

Bergen er Noregs nest største by med 290.000 innbyggjarar. Bergen er ein europeisk kulturby, verdsarv by og UNESCO matby som tilbyr natur- og kulturopplevingar året rundt.

Bli kjent med kva regionen har å tilby

Om å jobba i Noreg:

Norwegian Labour and Welfare Administration

Work in Norway

Guide+for+Nordic+citizens/Living+and+working+in+Norway/

Working+conditions

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at i samsvar med ny offentleglov kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjord sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjarar vil bli varsla dersom slik oppmoding ikkje blir teken til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttera personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne eller med hol i CV-en.

Me tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetansehevings- og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor er lønt etter Statens lønnsregulativ, i stillingskode 1011 førsteamanuensis/1198 førstelektor/1008 høgskolelektor.

Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet:

1) Instituttleiar Georg Førland, tlf 52 70 26 36,e-post: Georg.Forland@hvl.no

2) Fagseksjonsleiar Johannes Haltbakk, tlf 55 58 56 29,e-post: Johannes.Haltbakk@hvl.no

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS