LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i tegnspråk og tolking

Søknadsfrist: 12.01.2025

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium. 

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6600 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.

Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking har omlag 160 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.

Instituttet gjev undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdnningane, og i bachelorutdanninga i teiknspråk og tolking. I tillegg bidreg instituttet i to-årige masterutdanningar og i Ph.d.-programmet Studier av danning og didaktiske praksisar. Instituttet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.

Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av skule- og profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei 100% mellombels stilling som førsteamanuensis/ førstelektor/ høgskulelektor i tegnspråk og tolking ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett

Ved HVL sitt Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking er det ledig ei mellombels stilling innan fagmiljø for teiknspråk og tolking. Stillinga er ledig i tida 01.02.2025 - 31.07.2025 ved campus Bergen. Fagmiljøet utgjer ca 5 årsverk, som underviser i og forskar på både teiknspråk og teiknspråktolking, og uteksaminerer offentleg godkjende tolk for høyrselshemma, døve og døvblinde gjennom eit treårig bachelorstudium. Forskingsprofilen til fagmiljøet er knytt til avbilding i teikna språk, som drivkraft til å fremja inkludering, kommunikasjon og omsetjing.

Ansvars- og arbeidsområde:

  • Den som blir tilsett vil få ansvar for undervisning i teori og praksis i teiknspråk og tolking, gjennom heile studiet.
  • Personen som blir tilsett må kunna undervisa i teiknspråkdidaktikk, norsk, i tolking mellom norsk og norsk teiknspråk og tolking med teikn som støtte. 
  • Undervisning innan tolking og ledsaging av døvblinde, kulturen, historia og språket til døve, tolking i offentleg sektor, og dessutan skrivetolking og skjermtolking kan vera aktuelt. 
  • Den som blir tilsett kan også få arbeidsoppgåver innan rettleiing og evaluering av ulike arbeidskrav, og rettleiing og vurdering av bacheloroppgåver relatert til den faglege profilen sin og kompetanse. 
  • Det kan bli aktuelt med noko reising i arbeidet, inkludert undervisning ved andre campus. Arbeid innanfor etter- og vidareutdanning – og ReKomp/DeKomp må også påreknast.

Kvalifikasjonar:

Kriteria for tilsetting i undervisnings- og forskarstilling går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger jf. Forskrift til universitets- og høyskoleloven § 13-2 (1). 

For tilsetjing som førsteamanuensis må søkjar ha fullført doktorgrad innan norsk/nordisk språk/pedagogikk/lingvistikk eller tilsvarande utanlandsk doktorgrad godkjent som likeverdig med norsk doktorgrad. Kandidaten må også ha god kompetanse i norsk teiknspråk.

For tilsetting som førstelektor må søkar ha dokumentert omfattande forskings - og utviklingsarbeid som i kvalitet og omfang er tilsvarande arbeidsmengde og nivå for ein doktorgradsavhandling, og med tilsvarande relevanskrav som for førsteamanuensis.

For tilsetting som høgskulelektor må søkjar ha hovudfag/mastergrad med gode resultat, normalt A eller B på masteroppgåva, og med relevans for stillingsprofilen.

Undervisningsspråket er norsk og norsk teiknspråk.

Følgjande tel svært positivt i vurderinga:I tillegg til dei formelle kvalifikasjonane vil vi vektleggja:

  • Rettleiarerfaring og undervisningserfaring, særleg i og om tolking mellom norsk teiknspråk og norsk talespråk.
  • Relevant forskingsarbeid og internasjonalt forskingssamarbeid vil bli vektlagt. 
  • Det er ønskjeleg med kjennskap til kulturen til døve, hørselhemmedes organisasjonar, internasjonale teikn og andre lands teiknspråk. Det er ein fordel med kjennskap og erfaring med skjermtolking og skrivetolking. Vedkommande bør ha ein kompetanse som er relevant for utvikling av eit studietilbod som møter krava til likestilling av norsk og norsk teiknspråk i studiet. 
  • Erfaring med og kunnskap innanfor opplæring i grunnleggjande teiknspråk.
  • Erfaring med etter- og vidareutdanning og oppfølging av skular og barnehagar.
  • Erfaring med pedagogisk bruk av IKT.

Personlege eigenskapar: 

  • Gode samarbeids- og formidlingsevner, men også evne til å arbeida sjølvstendig, ta initiativ og vera fleksibel.
  • Høy etisk medvit i møte med studentar er påkravd. 
  • Interesse for undervisning og arbeid med studentar, utvikling av nye undervisningsformer, emnedesign og andre undervisningsrelaterte oppgåver.
  • Nysgjerrighet og evna til formidling 
  • Den som blir tilsett må vere personleg egna for stillinga.

Aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no

Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:

Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsettingar. Om vedlegga er større enn 25 MB må dei komprimerast før opplasting, eller leggjast ved som lenkje. 

Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. 

HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.

Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din. 

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen. 

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spanande fagmiljø med moglegheiter for kompetanseheving- og utvikling
  • Moglegheit for trening i arbeidstida

Stillinga som førsteamanuensis/ førstelektor/ høgskulelektor er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011/ 1198/1108.

Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogelg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting, og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskriften kan komme til anvending i behandlingen av søknadane.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet:

  • Assisterande Instituttleiar Kjetil Sønnesyn 90559816 / kjsoevl.no

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS