Førsteamanuensis / førstelektor / høgskolelektor - Institutt for sikkerheit, kjemi- og bioingeniørfag (ISKB)
Søknadsfrist: 16.11.2025
Publisert
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 årsverk og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap har om lag 370 tilsette og om lag 3260 studentar. Fakultetet har eit breitt utdanningstilbod både på bachelor og masternivå innan ingeniør- og naturfag, samt PhD-utdanning innan datateknologi. Dykkarutdanninga tilbyr eittårig fagskuleutdanning.
Hovuddelen av fakultetets verksemd er i Haugesund, Bergen, Sogndal og Førde, men vi tilbyr også utdanning på Stord.Fakultetets verksemd er internasjonalt forankra og skjer i tett samarbeid med regionale bedrifter, klynger, helseføretak og offentleg sektor, inkludert andre institusjonar i universitets- og høgskulesektoren. Dette gjeld både forsking, utvikling, innovasjon og ikkje minst utdanning med studentprosjekt på alle nivå.
Institutt for Sikkerheit, kjemi- og bioingeniørfag har over 60 tilsette i heiltids- og deltidsstillingar. Instituttet har fire bachelorprogram og to masterprogram. I Bergen har ein bachelorprogram for bioingeniørutdanning, kjemiingeniørutdanning og prosessteknologiutdanning samt masterprogram i medisinsk laboratorieteknologi. I Haugesund har ein bachelorprogram for branningeniørutdanning og masterprogram i brannsikkerheit. Instituttet har laboratorier med topp moderne instrumentpark, ein brei forskingsaktivitet og eit nært samarbeid med mangebedrifter i regionen.
Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig en fast stilling som førsteamanuensis/førstelektor/høgskolelektor ved Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap.
Om stillinga:
Institutt for sikkerheit, kjemi- og bioingeniørfag (ISKB) ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) har ledig ei fast stilling som høgskulelektor/førstelektor/førsteamanuensis. Undervisning i prosessteknologiske emne er ein viktig del av stillinga og vil dekke tema innan prosessovervaking, varmetransport og varmeoverføring, separasjon og reinseteknologi samt fluidmekanikk. Sentralt i desse prosessemna er opplæring av studentar i simulering av prosessar ved bruk av simuleringsprogramvare. Det kan også bli aktuelt med undervisning i grunnleggjande kjemiske emne samt noko rettleiing av studentar i eksperimentelt arbeid. Undervisninga skjer primært på norsk. I stilling som førsteamanuensis er det ei forventning om aktiv deltaking i forskingsgruppe og forskingsprosjekt knytt til ISKB-Kjemi. I den samanheng er det særskilt relevant med prosjekt og forskingsaktivitetar der det blir nytta datasimulering og datateknologi.
Arbeidsstad er campus Bergen.
Ansvars- og arbeidsområde:
emneansvar og undervisning av studentar i prosessteknologiske emne
rettleiing av studentar i samband med bruk av simuleringsprogramvaren HYSYS
rettleiing av studentar i eksperimentelt arbeid, først og fremst i samband med bacheloroppgåver
retting og vurdering av studentarbeid (innleveringar, rapportar)
opparbeiding av eksamensoppgåver og retting av desse
å kunne bidra i forskingssøknader
å kunne bidra i planlegging og gjennomføring av forskingsprosjekt knytt til blant anna forskingsgruppa Kjemi, energi og akvakultur
for tilsetjing som førsteamanuensis er det krav om avlagt ph.d.-grad innan matematisk-naturvitskapleg eller teknologisk fagområde
for tilsetjing som førstelektor må søkar ha førstekompetanse i samsvar med forskrifta og med tilsvarande relevanskrav som for førsteamanuensis, relevant yrkes- og undervisningserfaring, samt ha bidratt til fagleg utviklingsarbeid på høgt nivå, i samsvar med internasjonale eller nasjonale standardar innan fagområdet/yrkesfeltet
for tilsetjing som høgskulelektor er det krav om minimum mastergrad i kjemi- og prosessingeniørfag eller anna relevant fagområde
aktuelle kandidatar skal ha undervisningserfaring innan prosessteknologiske emne
i tillegg må aktuelle kandidatar ha god erfaring med opplæring i og bruk av simuleringsprogramvaren HYSYS
god skriftleg og munnleg norsk samt god kommunikasjonsevne på engelsk er eit krav
Språkkrav
Undervisningsspråket er til vanleg norsk og det stilles krav om norskferdigheter på B-2 nivå. Kompetanse i skandinavisk språk er likestilt med norsk. Kravet er oppfylt dersom søkar har fullført norsk videregående utdanning med opptak til norsk høgere utdanning, eller dokumenterar bestått språktest på B2-nivå.
Utdanningsfagleg kompetanse:
Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav i alle undervisnings- og forskarstillingar.
Søkarar som ved tilsetting ikkje oppfyller krava i samsvar med forskrifta må oppfylle desse innan to år. HVL tilbyr kurs i pedagogikk i høgare utdanning.
Ønska kvalifikasjonar
erfaring med emneansvar i samband med undervisning
erfaring med rettleiing av studentar i klasserom og i laboratoriet
prosjekt- og forskingserfaring innan resirkulerande akvakultursystem (RAS)
Personlige egenskapar
god formidlingsevne som blir vurdert basert på prøveforelesing
gode samarbeidsevner og evne til å jobbe sjølvstendig
evne til å bidra konstruktivt til eit godt arbeidsmiljø
Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkaren sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga er større enn 50 MB må dei komprimerast før opplasting, eller leggast ved som lenke.
Søkarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad.
HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vere tilstrekkeleg å legge ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.
Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søke på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.
Søknadene blir sendt elektronisk til eit sakkunnig utval. På bakgrunn av utvalet si vurdering vil aktuelle søkarar bli kalla inn til intervju og prøveundervisning. Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Vi tilbyr:
Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse.
Spanande fagmiljø med moglegheiter for kompetanseheving- og utvikling.Moglegheit for trening i arbeidstida.
Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 førsteamanuensis eller 1198 førstelektor, 1008 høgskulelektor.
Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskjet ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogeleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting, og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt ekportkontrollforskriften. Forskriften kan komme til anvending i behandlingen av søknadane.