Førsteamanuensis / førstelektor / høgskolelektor i regnskap / økonomi
Søknadsfrist: 29.09.2024
Publisert
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap har eit breitt utdanningstilbod både på bachelor og masternivå innan ingeniør- og naturfag, økonomiske og administrative fag, maritime fag, samfunnsvitskap og humaniora, i tillegg til phd-utdanningar i datateknologi, ansvarleg innovasjon og regional utvikling og i nautiske operasjonar. Fakultetet har 5 institutt med om lag 5 500 studentar og over 500 årsverk fordelt mellom campusane Sogndal, Førde, Bergen og Haugesund.
Handelshøgskulen HVL er eit nytt institutt med om lag 2000 studentar og 150 tilsette i Bergen, Haugesund og Sogndal. Instituttet har ansvar for fagtilbod mellom anna innan økonomi og administrasjon, innovasjon, regional utvikling, samfunnsvitskap og humaniora, til saman 11 bachelorprogram, fire masterprogram og fleire årseiningar og delstudium. Instituttet har eit sterkt fag- og forskingsmijø og er sentralt i doktorgradsprogrammet ansvarleg innovasjon og regional utvikling (RESINNREG)
Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig stilling som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i reknskap/ økonomi.
Om stillinga:
Stillinga er plassert ved Handelshøgskulen (HH) HVL ved campus Sogndal, og vil i hovudsak vera knytt til bachelorutdanninga i økonomi og administrasjon. Handelshøgskulen ved HVL har eit stort fagmiljø og eit breitt studietilbod innanfor dei økonomisk administrative faga. Ved campus Sogndal tilbyr vi års- og bachelorstudium innanfor økonomi og administrasjon, økonomi og jus, eigedomsmekling og reiselivsleiing samt natur- og opplevingsbasert reiseliv. I tillegg tilbyr vi masterutdanning M.Sc./siviløkonom med spesialiseringa Marketing and Innovation.
Stillinga har arbeidsstad ved campus Sogndal.
Ansvars- og arbeidsområde:
Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere:
Undervisning, rettleiing, oppførlging og sensur av studentar innanfor fagområda finansreknskap, skatt og enventuelt andre økonomiske emne
Forsknings- og utviklingsarbeid med relevans for stillinga sitt fagområde
Samarbeid om utdanning og forskning internt i HH og i HVL, og med nasjonal og internasjonale samarbeidspartar
Den som blir tilsett vil også:
Delta i vidareutvikling av emne og studieplanar
Delta i utvikling av nye relevante forskingsprosjekt og utarbeiding av søknadar om ekstern finansiering saman med kollegaer i fagmiljøet
Delta i institusjonsbyggande oppgåver som studiekoordinering, emneansvar og utvikling av forskingsgruppene
Bidra i utvikling av fleksible utdanningstilbod retta mot regional arbeidsliv og livslang læring
For tilsetting som førsteamanuensis er det krav om norsk doktorgrad innanfor stillinga sitt fagområde eller tilsvarande utanlandsk doktorgrad godkjend som likeverdig med norsk doktorgrad
For tilsetting som førstelektor må det dokumenterast omfattande forskings- og utviklingsarbeid som i kvalitet og omfang tilsvara ein doktorgrad
For tilsetting som høgskulelektor må søkjarar ha norsk mastergrad eller tilsvarande innan reknskap, reknskap og revisjon eller bedriftsøkonomi
Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav i stillinga
Undervisningsspråket er norsk og søkjarar må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk i tillegg til engelsk. Søkjarar som ved tilsetting ikkje stør kravet til norsk/skandinavisk språk, kan tilsetjast dersom språkkravet kan oppfyllast innan 2 år etter tilsetjing. Ein må då forplikte seg til å gjennomføre kurs i norskopplæring i løpet av denne tida.
Ønska kvalifikasjonar:
Kompetanse innanfor finansreknskap og skatt, og gjerne i fagområde som økonomisk analyse, økonomisk styring eller finans.
Relevant og allsidig arbeidserfaring innanfor finansreknskap, skatt og meirverdiavgift
Undervisningserfaring frå høgare utdanning på aktuelt fagområde.
Personlege eigenskapar:
Sjølvstendig og ansvarleg
Fleksibel og tilpassingsyktig
Positiv innstilling og gode evne til samarbeid
God formidlingsevne, både skriftleg og munnleg
Evne til å engasjere og motivere studentar
Stillinga er i utgangspunktet ein 100 % stilling, men det kan ved ønskje vere mogleg med tilsetting i ein lavare stillingsprosent.
Søkjarar til stilling som førsteamanuensis, som ved tilsetting ikkje oppfyller kravane til utdanningsfagleg kompetanse, må fylla kravea innan to år
HVL tilbyr kurs innan universitetspedagogikk
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.
Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:
Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga er større enn 50 MB må dei komprimerast før opplasting, eller leggjast ved som lenkje.
Søknadane blir sendt elektronisk til eit sakkunnig utval. På bakgrunn av utvalet si vurdering vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveundervisning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Vi tilbyr:
Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
Spanande fagmiljø med moglegheiter for kompetanseheving- og utvikling
Moglegheit for trening i arbeidstida
Stillinga som førsteamanuensis/ førstelektor/ høgskulelektor er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 - førsteamanuensis, 1198 - førstelektor, eller 1008 - høgskulelekto.
Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogelg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing, og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskriften kan komme til anvending i behandlingen av søknadane.