Mellombels forskar u. doktorgrad (Senter for internasjonal helse)
Søknadsfrist: 26.07.2024
Publisert
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Forskar (mellombels) Senter for internasjonal helse, Institutt for global helse og samfunnsmedisin
Ved Det medisinske fakultet, Senter for internasjonal helse, er det ledig ei mellombels stilling som forskar i global ernæringsepidemiologi (100 %) frå 01. september til 31. desember 2024. Stillinga er knytt til prosjektet “TREAT C-AUD Child Alcohol Use Disorder in Eastern Uganda: Screening, diagnostics, risk factors and handling of children drinking alcohol”, finansiert av Norges Forskningsråd
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Databearbeiding og analyse av ernæringsdata i Stata, R eller andre tilsvarende analyseprogram
Analyse av konfunderende og medierende faktorer på helseutfallsmål
Rapportering av metode og resultater basert på analysearbeidet
Disseminering av funn i internasjonale medier muntlig og skriftlig
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Må ha norsk mastergrad i ernæringsfag eller tilsvarande kompetanse
Må beherske engelsk på høgt nivå, munnleg og skriftleg
Søkjar må ha omfattande teoretiske kunnskapar om kvantitativ epidemiologisk analyse med sterk faglig og teoretisk innsikt i barne- og eldre-ernæring relevant for lavinntektsland, med særlig relevans for land sør for Sahara. Erfaring fra datainnsamling i felt med ODK eller tilsvarende verktøy for observasjonsstudier samt programarbeid med underernæring er ønskelig.
Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar. Søkjar må ha stor arbeidskapasitet, entusiasme for forsking og vere ansvarsmedviten.
Søkjar må dokumentere evne til å jobbe sjølvstendig, vitskapleg kreativitet, og å kunne samarbeide med andre.
Vi kan tilby:
Eit godt og utfordrande arbeidsmiljø i forskingsfronten innan global ernæring
Løn for tida kr 532 200 brutto pr. år (kode 1108, lønnssteg 54) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing
Vitnemål og relevante attestar (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
Eventuelle publikasjonar, vitskaplege/faglege arbeid du ønskjer at det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10) og ei liste over desse
To referansar (namn og kontaktinformasjon)
Følgande premiss er lagt til grunn for stillinga som forskar:
Forskaren skal vere medlem i forskingsgruppa som fagfeltet høyrer inn under
Lønsutgiftene skal om mogleg vere 100 % eksternt finansiert
Forskaren skal aktivt bidra med å innhente eksterne prosjektmidlar til fagmiljøet, til både seg sjølv og andre, frå NFR, EU og andre kjelder
Det er forventa at forskaren har sin forskingsaktivitet finansiert av prosjekta forskaren og forskingsgruppa rundt forskaren arbeider med
Instituttleiar kan pålegge forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt
Forskaren kan inneha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB
Forskaren har ikkje undervisningsplikt, men forventas å rettleie master- og ph.d.- studentar i den grad dette inngår som ein naturleg del av forskingsaktiviteten i forskingsgruppa
Forskaren kan søkje kompetanseopprykk etter reglementet for opprykk
Grunnlaget for stillinga opphøyrer dersom prosjektfinansieringa opphøyrer, og ny lov om statens ansatte mv. om oppseiing og fortrinnsrett vil gjerast gjeldande for fast tilsette
Generell informasjon:
Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknader til stillinga.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.