Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Forskar
Ved Det medisinske fakultet, Klinisk Institutt 2, Mohn Senter for Diabetes Presisjonsmedisin er det ledig ei mellombels stilling som forskar (100 %) i eitt (1) år, med moglegheiter for forlenging inntil eitt (1) år til.
Stillinga er ekstern finansiert, og er for tida knytt til prosjekt «Towards personalized therapies in childhood diabetes: Role of rare genetic variants for diagnosis and treatment». Prosjektet har ei førebels finansiering i inntil 2 år.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Forskaren vil arbeide med funksjonelle studiar av transkripsjonsfaktorane "hepatocyte nuclear factor -1 alpha og 1 beta" (HNF-1A og -1B). Patogene variantar i gena som kodar for HNF-1A og -1B kan forårsake diabetes, kalla "maturity-onset diabetes of the young" (MODY). Prosjektet vil setje søkelys på å definere funksjonen til transkripsjonsfaktorane og korleis ulike patogene variantar kan gje HNF-1 dysfunksjon og sjukdom. Nokre av desse variantane finnast i Barnediabetesregisteret.
Stillinga inneber normalt krevjande og spesialiserte teknisk- faglege støttefunksjonar knytt til undervisning og forsking
Det er naudsynt at forskaren har omfattande laboratoriekvalifikasjonar innan biokjemiske metodar
Røynsle innan forsking på transkripsjonsfaktorar og analyser av mutasjonar i diabetesgen vil bli tillagt stor vekt til dømes: erfaring med celle- og molekylærbiologi, dyrking av celler (spesielt beta-cellemodellar), cellekulturar, protein-analyser (Western Blotting, ELISA) og ulike biologiske analysemetodar. Røynsle med transaktiveringsassay og erfaring med bruk av internasjonale standard og retningslinjer for tolking av Mendelske sekvensvariantar.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
For å verte vurdert som søkjar må du
ha relevant norsk ph.d.-grad eller tilsvarande doktorgrad
ha vitskaplege kvalifikasjonar innan monogen diabetes
ha høg arbeidskapasitet og entusiasme for forsking
særs god i munnleg og skriftleg engelsk
Vidare er det ønskjeleg med følgjande kvalifikasjonar:
Erfaring frå diabetes forsking vil og bli tillagt stor vekt
Det er ønskjeleg at vedkomande har erfaring med rettleiing, undervisning og utarbeiding av prosjektsøknadar, og det er eit krav at søkjar har minst tre førsteforfattarskap (publisert eller som manuskript) innan eksperimentell diabetesforsking.
Evne til sjølvstendig initiativ og evne til samarbeid vert vektlagt i vurdering av søkjarane
Kandidaten bør ha god formidlingsevne
Det er ein føremon om kandidaten har erfaring frå internasjonalt samarbeid
Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar
Vi kan tilby:
Eit godt og utfordrande arbeidsmiljø i forskingsfronten innan diabetes presisjonsmedisin
Løn for tida kr 655 000 (kode 1109) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For søkjarar med spesialitet er løn for tida kr 680 000, brutto pr. år for ei fulltidsstilling. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
Eit søknadsbrev der du skriv om din motivasjon, kvifor du søkjer stillinga og kvifor du passer til denne
Ei oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
Attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar (Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
Publikasjonar, vitskaplege/faglege arbeid du ønskjer at det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10 i PDF-format) og ei liste over desse
Doktorgradsavhandlinga (i PDF-format)
To referansar (namn og kontaktinformasjon)
Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som pdf vedlegg til søknaden.
Følgande premiss er lagt til grunn for stillinga som forskar:
Forskaren skal vere medlem i forskningsgruppa som fagfeltet hører innunder
Lønsutgiftene skal så langt som mogleg vere 100 % eksternt finansiert
Forskaren skal aktivt bidra til å innhente eksterne prosjektmidler til fagmiljøet, til
både seg sjøl og andre, fra NFR, EU og andre kjelder
Forskaren har i vente å ha si forskingsaktivitet finansiert av prosjekta forskaren og
forskingsgruppa rundt forskaren arbeider med
Instituttleiar kan pålegge forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt
Forskaren kan ha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB
Forskaren har ikkje undervisingsplikt, men har i vente å rettleia master- og ph.d. studentar i den grad dette går inn som ein naturleg del av forskingsverksemda i
forskingsgruppa
Forskaren kan søke kompetanseopprykk etter reglementet for opprykk
Grunnlaget for stillinga opphøyrer dersom prosjektfinansieringa opphøyrer, og ny lovom statens ansatte mv. om oppseiing og fortrinnsrett vil gjerast gjeldande.
Generell informasjon:
Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknader til stillinga.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.