LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Leksikograf (forskar)

Søknadsfrist: 15.02.2024

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Leksikograf (forskar)

Ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) er det ledig ei 100 % midlertidig stilling som leksikograf – forskar (1108). Vi ønskjer oppstart så snart som råd, og sluttdatoen for engasjementet er 31.12.2024.

Universitetet i Bergen og Språkrådet eig Bokmålsordboka og Nynorskordboka (ordbøkene.no) i fellesskap. Nettordbøkene er dei mest brukte norske ordbøkene med 160 000 søk i døgnet, og dei er dessutan dei einaste fritt tilgjengelege ordbøkene som viser den fulle breidda av normerte former i norsk. Ordbøkene skal vere brukarvennlege og pålitelege ressursar for det breie publikum.

Stillinga er knytt til den pågåande revisjonen av Bokmålsordboka og Nynorskordboka, eit prosjekt som skal oppdatere og utvide innhaldet i ordbøkene. Revisjonsprosjektet skal dessutan i samarbeid med søsterprosjektet Norsk Ordbok a–h (NO-AH) og Språksamlingane utvikle eit fast fagmiljø i leksikografi ved UiB.

Arbeidsoppgåver og ansvar

Hovudoppgåva til leksikografen er praktisk ordbokarbeid. I Revisjonsprosjektet arbeider leksikografane seg gjennom den eksisterande nettutgåva av Bokmålsordboka og Nynorskordboka, bokstav for bokstav. Dei høgast prioriterte oppgåvene er å undersøkje om definisjonane er i tråd med moderne bruk av språket, gjere utvalet av oppslagsord likare i dei to ordbøkene og å vurdere kva nye oppslagsord og tydingar som bør inn. Leksikografane bestemmer kva ord, tydingar og faste uttrykk som skal vere med i ordbøkene. Språkrådet bidreg mellom anna med normering av skrive- og bøyingsmåte av nye oppslagsord og korrekturlesing.

Den som blir tilsett, skal inn i ei eksisterande redaksjonsgruppe med seks andre ordbokredaktørar og ein prosjektleiar. Arbeidsstad er felleskontora til ordbokprosjekta ved LLE. Leksikografane er ein fagleg og sosial del av det vitskaplege miljøet ved LLE, og dei samarbeider tett med dei tilsette ved Språksamlingane på Universitetsbiblioteket.

Revisjonsprosjektet er no inne i sluttfasen, og 31. desember 2024 skal fornyinga av Bokmålsordboka og Nynorskordboka frå a til å vere fullført. Redaksjonen treng ein kompetent redaktør som kjem raskt inn i arbeidsoppgåvene og bidreg til at vi når det målet.

Meir informasjon om ordbøkene og Revisjonsprosjektet finn du her: revisjonsprosjektet.no

Kvalifikasjonar:

  • Du må ha norsk mastergrad eller tilsvarande utdanning i nordisk språkvitskap, lingvistikk eller anna relevant språkfag.
  • Du må ha erfaring med praktisk ordbokarbeid.
  • Du må ha brei erfaring med korpuslingvistiske metodar.
  • Du må meistre begge dei norske skriftspråka særleg godt og ha inngåande kjennskap til gjeldande normer for bokmål og nynorsk.
  • Du må kunne formulere deg kortfatta og presist.
  • Du må ha gode analytiske evner og lett få oversikt over store mengder språkdata.
  • Du må ha god kjennskap til norsk grammatikk.
  • Det er ein fordel om du har arbeidd med metaleksikografiske spørsmål.

Personlege eigenskapar:Den som blir tilsett, blir del av ei redaksjonsgruppe på eit felleskontor og må

  • vere effektiv og resultatorientert.
  • vere ryddig og nøyaktig.
  • ha gode samarbeidsevner og ta omsyn til andre.
  • vere fleksibel. 

Vi tilbyr:

  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø.
  • Løn tilsvarande ei årsløn på 584 500 – 646 000 kroner årleg i full stilling før skatt (lpl. 90.400/kode 1108), dette tilsvarar lønnstrinn 60-66 i statens regulativ. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode velferdsordningar.

Slik søkjer du stillinga

Send søknad elektronisk ved å klikke på knappen merkt «SØK STILLINGA» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet, og dette må følgje den elektroniske søknaden:

1. Søknadsbrev.

2. CV.

3. Skanna versjon av originale eller attesterte kopiar av alle vitnemål frå universitet/høgskular.

4. Informasjon om og dokumentasjon tidlegare røynsle og verksemd.

5. Publikasjonsliste.

6. Inntil 5 vitskaplege arbeid.

7. Namn og kontaktinformasjon på tre referansepersonar.

Vedlegga kan vere i Word- eller pdf-format.

Vitskaplege arbeid kan leverast skriftleg til instituttet dersom søkjar ønskjer dette. Send arbeida til Universitetet i Bergen, LLE, Postboks 7805, 5020 Bergen.

Den sakkunnige komiteen kan i særskilde tilfelle be om ettersending av dokumentasjon. Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Spørsmål til den elektroniske søkeprosessen kan ein rette til fakadm@hf.uib.no.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

SØK STILLINGA

Powered by Labrador CMS