LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Leksikograf (forskar) ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier

Søknadsfrist: 14.03.2024

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Leksikograf (forskar) ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier

Ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) ved Universitetet i Bergen er det ledig to faste 100 % stillingar som leksikograf i prosjektet Norsk Ordbok a–h (NO-AH), med oppstart så snart som råd. Stillingskategorien blir forskar i kode 1108 (med mastergrad) eller kode 1109 (med doktorgrad).

Norsk Ordbok er det store nasjonale ordbokverket for nynorsk skriftspråk og dei norske dialektane. Redaksjonen i NO-AH skal utvikle ei moderne og komplett nettordbok og oppdatere dei eldste delane av ordboka. I tillegg skal NO-AH bidra til å bygge eit fast fagmiljø i leksikografi ved UiB i samarbeid med søsterprosjektet Revisjonsprosjektet, som oppdaterer Bokmålsordboka og Nynorskordboka, og Språksamlingane, som har ansvaret for samlingane som ordbøkene bygger på.

Dei som blir tilsette, skal ha arbeidsstad på det felles ordbokkontoret ved Universitetet i Bergen (UiB) og blir del av eit godt og kreativt arbeidsmiljø.

Arbeidsoppgåver og ansvar

Norsk Ordbok dokumenterer norsk talemål etter 1600 og utviklinga av det nynorske skriftspråket. Arbeidet tok til i 1930, og verket blei fullført i 2015 med ei papirutgåve i tolv bind og med ein digital versjon av siste delen av alfabetet, frå i til å. I NO-AH skal ein fullføre nettversjonen av Norsk Ordbok og, som det går fram av namnet på prosjektet, revidere den delen av alfabetet som går frå a til h. I papirutgåva dreier dette seg om bind 1 til halve bind 5. Revisjonen skal resultere i ei oppdatert og fullstendig nettutgåve av Norsk Ordbok.

NO-AH er finansiert gjennom statsbudsjettet etter søknad for kvart budsjettår. I 2024 fekk prosjektet ein stor nok auke i tilskotet til at redaksjonen no kan utvidast frå 1,5 til 3,5 redaktørstillingar, inkludert prosjektleiar. Nye ordbokredaktørar skal gjere seg kjende med både ordboka og grunnlagsmaterialet og lære seg å skrive og kvalitetssikre ordbokartiklar. Dei skal samarbeide med IT-utviklarane om utvikling av redaksjonelle verktøy og den nye nettutgåva. Norsk Ordbok brukar 1938-normalen for nynorsk både i oppslagsord og definisjonstekst. Språklova frå 2020 krev at Norsk Ordbok også skal vise gjeldande rettskriving i oppslagsorda, og dette blir ein viktig del av arbeidet.

Ordbokredaktørane skal også bidra til å oppdatere det digitale kjeldegrunnlaget for Norsk Ordbok. Kjeldegrunnlaget skal byggast ut, særleg gjennom Nynorskkorpuset. Det er òg eit mål å samle inn nytt talemålstilfang, og å bruke kart til å vise geografisk utbreiing av oppslagsord, dialektordformer og tydingar. Resultatet skal bli ei digital ordbok som gir ein lettbrukt og vitskapleg fundert presentasjon av ordtilfanget i norsk talemål og nynorsk skriftspråk.

NO-AH søkjer forskarar med høg kompetanse innanfor norsk språk som vil vere del av eit fagmiljø som forvaltar språkleg og kulturell arv, samtidig som det blir utvikla moderne og brukarvenlege digitale løysingar. Dei som blir tilsette, må ha interesse for slike oppgåver. Det blir gitt leksikografisk opplæring og innføring i redaksjonelle retningslinjer og bruk av redigeringsplattformene.

Ta gjerne kontakt med hovudredaktør Gyri Smørdal Losnegaard på e-post gyri.losnegaard@uib.no eller telefon 55 58 36 97 om du har spørsmål om arbeidsoppgåvene og prosjektet.

Kvalifikasjonar:

  • Du må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utanlandsk grad i nordisk språkvitskap, lingvistikk eller anna relevant språkfag ved tilsetting som forskar 1109. Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar for stilling som forskar 1109, kan det bli aktuelt å tilsette søkjarar med norsk mastergrad eller tilsvarende utdanning i nordisk språkvitskap, lingvistikk eller anna relevant språkfag som forskar 1108.
  • Søkjarane må ha gode analytiske evner og lett få oversikt over store mengder språkdata.
  • God kjennskap til norsk grammatikk er eit krav.
  • Søkjarane må meistre nynorsk svært godt.
  • God kjennskap til struktur og variasjon i norske talemål, gjeldande norm for nynorsk og nynorsk språkhistorie er ein fordel.
  • Kjennskap til leksikografi er ein fordel.
  • Erfaring med redigeringsverktøy, databasar og tekstkorpus er òg ein fordel.

Personlege eigenskapar:

Dei som blir tilsette, blir del av ei redaksjonsgruppe på eit felleskontor og må

  • vere effektive og resultatorienterte
  • vere ryddige og nøyaktige
  • ha gode samarbeidsevner og ta omsyn til andre
  • vere fleksible

Vi tilbyr:

  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø.
  • For stilling som forskar 1109 vert løn tilsvarande lønssteg 63-69 i Statens lønsregulativ (kode 1109). Det utgjer ei brutto årslønn 615 700 - 679 700 kroner årleg i full stilling før skatt. Løn etter lønnssteg 60-66 i Statens lønsregulativ for stilling som forskar 1108 (kode 1108). Det utgjer ei brutto årslønn på 584 500 – 646 000 kroner årleg i full stilling før skatt. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode velferdsordningar.

Slik søkjer du stillinga:

Send søknad elektronisk ved å klikke på knappen merkt «SØK STILLINGA» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet, og dette må følgde den elektroniske søknaden:

1. Søknadsbrev.

2. CV.

3. Skanna versjon av originale eller attesterte kopiar av alle vitnemål frå universitet/høgskular.

4. Informasjon om og dokumentasjon tidlegare røynsle og verksemd.

5. Publikasjonsliste.

6. Inntil 5 vitskaplege arbeid.

7. Namn og kontaktinformasjon på tre referansepersonar.

Vedlegga kan vere i Word- eller pdf-format.

Vitskaplege arbeid kan leverast skriftleg til instituttet dersom søkjar ønskjer dette. Send arbeida til Universitetet i Bergen, LLE, Postboks 7805, 5020 Bergen.

Den sakkunnige komiteen kan i særskilde tilfelle be om ettersending av dokumentasjon. Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Spørsmål til den elektroniske søkeprosessen kan ein rette til fakadm@hf.uib.no.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

SØK STILLINGA

Powered by Labrador CMS