LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Forsker uten doktorgrad - Institutt for global helse og samfunnsmedisin

Søknadsfrist: 10.03.2024

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar 

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin , er det ledig ei mellombels stilling som forskar i 100% med oppstart så snart som mulig med varighet til 15.05.2024. Stillinga er knytt til prosjektet “HealthierWomen”, finansiert av EU Horizon 2020.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

  • Analyse av registerdata
  • Skrive vitenskapelig artikkel
  • Bidra til søknadsskriving
  • Bidra til søknad om oppdatering av datakilder

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Må ha norsk mastergrad i folkehelse eller tilsvarande kompetanse
  • Må beherske engelsk på høgt nivå, munnleg og skriftleg
  • Søkjar må ha omfattande teoretiske kunnskapar om registerbaserte studier og perinatal/reproduktiv epidemiologi
  • Erfaring med familiedata vil være et fortrinn
  • Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar. Søkjar må ha stor arbeidskapasitet, entusiasme for forsking og vere ansvarsmedviten.
  • Søkjar må dokumentere evne til å jobbe sjølvstendig, vitskapleg kreativitet, og å kunne samarbeide med andre

Vi kan tilby:

  • Eit godt og utfordrande arbeidsmiljø i forskingsfronten innan perinatal/reproduktiv epideimologi
  • Løn for tida kr 509 300 brutto pr. år (kode 1108, lønnssteg 51) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • Vitnemål og relevante attestar (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
  • Eventuelle publikasjonar, vitskaplege/faglege arbeid du ønskjer at det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10) og ei liste over desse
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Følgjande premissar er lagt til grunn for stillinga som forskar:

  • Forskaren skal vere medlem i forskingsgruppa som fagfeltet høyrer inn under
  • Lønsutgiftene skal om mogleg vere 100 % eksternt finansiert 
  • Forskaren skal aktivt bidra med å innhente eksterne prosjektmidlar til fagmiljøet, til både seg sjølv og andre, frå NFR, EU og andre kjelder 
  • Det er forventa at forskaren har sin forskingsaktivitet finansiert av prosjekta forskaren og forskingsgruppa rundt forskaren arbeider med
  • Instituttleiar kan pålegge forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt
  • Forskaren kan inneha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB
  • Forskaren har ikkje undervisningsplikt, men forventas å rettleie master- og ph.d.- studentar i den grad dette inngår som ein naturleg del av forskingsaktiviteten i forskingsgruppa
  • Forskaren kan søkje kompetanseopprykk etter reglementet for opprykk
  • Grunnlaget for stillinga opphøyrer dersom prosjektfinansieringa opphøyrer, og ny lov om statens ansatte mv. om oppseiing og fortrinnsrett vil gjerast gjeldande for fast tilsette

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS