Forsker i anvendt matematikk og berekningsvitskap for geologiske porøse materiale
Søknadsfrist: 20.10.2026
Publisert
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
...
(Video unable to load from YouTube. Accept cookie and refresh page to watch video, or click here to open video)
Forskar i anvendt matematikk og berekningsvitskap for geologiske porøse materiale
Ved Matematisk institutt, i forskingsgruppa for porøse medier, er det ledig ei stilling som forskar innan anvendt matematikk og berekningsvitskap for geologiske porøse materiale.
Stillinga er finansiert av eksterne midlar. For perioden 2027–2031 er stillinga i hovudsak finansiert gjennom dei Forskingsrådsfinansierte sentera «Center for Sustainable Subsurface Resources» (CSSR) og «gigaCCS», der Universitetet i Bergen er partnar. Fast tilsette forskarar blir likevel oppmoda til å bidra til å sikre eiga ekstern finansiering, og på lengre sikt kan stillinga bli finansiert gjennom ein kombinasjon av prosjekt innan forskingsgruppa.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver
Den som blir tilsett, vil spele ei sentral rolle i forskingsgruppa sitt arbeid innanfor begge dei nemnde sentera. Viktige arbeidsoppgåver og ansvarsområde vil vere:
Utvikling og matematisk analyse av løysarteknologi for simulering av fleirfaseflyt i deformerbare geologiske porøse medium. Viktige utfordringar og moglegheiter knytte til sentera sine bruksområde omfattar:
a) Operasjonar med variable og/eller sykliske injeksjonsprofilar.
b) Lagring av CO₂ med varierande grad av ureiningar både i CO₂ og i reservoarvæskene.
c) Storskala operasjonar på tvers av fleire felt med betydeleg mekaniske interaksjon.
Rettleiing av ph.d.- og masterstudentar med avhandlingstema som er relevante for den pågåande forskinga, både som hovudrettleiar og medrettleiar.
Bidra til integrering av aktivitetane i sentera, mellom anna gjennom deltaking i utarbeiding av årlege arbeidsplanar og rapportering.
Bidra til formidlings- og kommunikasjonsarbeid, både retta mot samfunnet og mot industripartnarane.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
Søkjarar må ha oppnådd ein grad tilsvarande ein norsk doktorgrad (PhD) innan berekningsretta og anvendt matematikk, eller doktorgrad innan eit nært tilgrensande fagområde (til dømes berekningsfysikk, bygg- og miljøteknikk eller informatikk), og kunne dokumentere tilsvarande kompetanse innan berekningsretta og anvendt matematikk. Søkjarar som har levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen vil òg bli vurderte. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
Forskingserfaring på høgt nivå innan numerisk analyse og partielle differensiallikningar er eit krav.
Forskingserfaring på høgt nivå med utvikling av simuleringsteknologi er eit krav.
Forskingserfaring på høgt nivå innan anten fleirfaseflyt i porøse medium eller geomekanikk er eit krav.
Erfaring med anten CO₂-lagring eller petroleumsteknologi er ein fordel.
Erfaring med open vitskap og FAIR-forskingspraksis er ein fordel.
Erfaring frå rettleiing av studentar er ein fordel.
Evne til å hente inn ekstern forskingsfinansiering er ein fordel.
Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
Gode norskkunnskapar, eller i eit anna skandinavisk språk, er ein fordel. Alle tilsette får høve til å delta på kurs for å lære norsk, og vi forventar at dei lærer norsk eller eit anna skandinavisk språk innan tre år.
I vurderinga av aktuelle kandidatar vil ei heilskapleg vurdering av både kvalitet og breidde i kandidatane si forsking bli gjennomført. Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli vektlagde.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
Stillinga er underlagd følgjande vilkår
Forskaren vil vere medlem av den forskingsgruppa som fagområdet for stillinga høyrer til.
Som hovudregel skal løn, driftskostnader og forskingsaktivitetar for forskaren vere fullt finansierte gjennom eksterne løyvingar og prosjekt.
Forskaren er venta å bidra aktivt til å sikre ekstern forskingsfinansiering både for eigne aktivitetar og for det breiare forskingsmiljøet. Forskingsaktiviteten er forventa finansiert av prosjekta forskaren og forskingsgruppa rundt forskaren, arbeider med. Viktige finansieringskjelder er mellom andre Noregs forskingsråd og Den europeiske unionen (EU).
Instituttleiar kan påleggje forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt
Forskaren kan ha administrative oppgåver og delta i komitéar og andre utval ved Universitetet i Bergen (UiB).
Stillinga omfattar ikkje undervisningsplikt. Den som blir tilsett, er likevel venta å bidra til rettleiing av masterstudentar og ph.d.-kandidatar der dette er ein naturleg del av aktivitetane i forskingsgruppa.
Dersom den eksterne finansieringa som ligg til grunn for stillinga fell bort, vil grunnlaget for stillinga ikkje lenger vere til stades, noko som kan medføre at arbeidsforholdet blir avslutta. I slike tilfelle gjeld det til kvar tid gjeldande regelverket om tilsetjing og fortrinnsrett for statsansatte.
Vi kan tilby
Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
Stilling som forskar (kode 1109 i hovudtariffavtalane i staten) og brutto årsløn på kr. 685 900,- til 725 000,- ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
namn og kontaktopplysningar til to referansar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
CV
karakterutskrifter og vitnemål,. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden, må du levere ei stadfesting på at doktoravhandlinga er levert.
relevante attestar
liste over vitskaplege arbeid, med dei fem viktigaste publikasjonane utheva
ei utgåve av ph.d. avhandlinga di
evne til å hente inn eksterne forskingsmiddel må dokumenterast
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.
Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Jan Martin Nordbotten, jan.nordbotten@uib.no eller instituttleiar Antonella Zanna Munthe-Kaas, antonella.zanna@uib.no.
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR rådgjevar Karoline Christiansen på karoline.christiansen@uib.no eller 55 58 47 70.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.