Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Forskar 1109 i turbidittsedimentologi
Ved Institutt for geovitenskap er det ledig ei mellombels stilling som forskar i sedimentologi. Stillinga er for ein periode på to år og er knytt til finansiering frå Petrolia NOCO.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Stillinga er knytt til prosjektet “Reservoir and Seal Characterization & Prediction: An Integrated Workflow Combining Flow-Facies Analysis with High-Resolution Seismic Interpretation”.
Dette prosjektet handlar om kjernestudiar og 3D-seismisk tolking av turbiditt-sandsteinar i Draupneformasjonen i Tampenutstikkar-området i den nordlege delen av Nordsjøen.
Dei viktigaste måla er å:
betre forståinga av sandkroppar i Draupneformasjonen for å gjere meir påliteleg reservoarmodellering.
karakterisere reservoar og forsegling.
utvikle nyskapande leitestrategiar.
Arbeidet vil omfatte:
sedimentologisk skildring og analyse av kjernemateriale ved kjernelager i Stavanger.
tolking av brønnloggar og pluggdata.
seismisk tolking og analyse av intra-Draupne avsetjingssystem i 3D-seismiske datasett, inkludert spektral dekomponering-attributtar.
integrasjon av data frå kjerner, brønnloggar og seismikk.
bruk av sedimentologiske modellar for å rekonstruere avsetjingshistorie, paleogeografi og sedimentær arkitektur.
presentasjon av resultat på nasjonale og internasjonale konferansar.
publisering av om lag to artiklar i internasjonale fagfellevurderte tidsskrift.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjarar må ha oppnådd ein grad tilsvarande ein norsk doktorgrad (PhD) innanfor sedimentologi.
Erfaring med turbidittsedimentologi er eit krav.
Erfaring med detaljert kjerneanalyse er eit krav.
Erfaring med 3D-seismisk tolking, inkludert seismisk attributtanalyse og spektral dekomponering er eit krav.
Søkjarar må kunne dokumentere at dei har evne til å publisere vitskaplege artiklar.
Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
Søkarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
Vi kan tilby:
eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø.
medlemsskap i Statens pensjonskasse.
stilling som forskar (kode 1109 i hovudtariffavtalane i staten) og brutto årsløn på kr. 657 000 ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.