LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Forskar (vikariat) - Senter for alders- og sjukeheimsmedisin (SEFAS)

Søknadsfrist: 13.04.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar (vikariat)

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, Senter for alders- og sjukeheimsmedisin (SEFAS), er det ledig eit midlertidig vikariat som forskar (100 %) i 9 månader frå august 2021 til april 2022. Stillinga er finansiert av ei tildeling frå Helsedirektoratet til SEFAS.

SEFAS er ein del av Institutt for global helse og samfunnsmedisin, med professor Bettina Husebø som leiar, og har 16 tilsette. SEFAS fokuserer i hovudsak på forsking, undervisning og implementering – basert på nasjonalt og internasjonalt samarbeid. SEFAS inngår i Fagområde for eldremedisin, samfunnsfarmasi og tverrprofesjonell praksis (FEST). Vi er lokalisert i nye kontor i Alrek helseklynge, med høgt fokus på innovasjon, tverrprofesjonelt samarbeid, brukarinvolvering i forsking og samarbeid med industripartnarar.Nylig har senteret starta samarbeid med AI-gruppa ved UiB og Neuro-SysMed forskningssenter for klinisk behandling i nevrologi ved Haukeland Universitetssjukehus. Våre noverande prioriterte område for framtidig utvikling inkluderer prosjekt som undersøkjer forskingsspørsmål innan innovativ teknologi, helsedata og kunstig intelligens. Vi har som målsetjing å predikere symptomutvikling, utvikle og implementere intervensjonar som forbetrar livskvalitet hos eldre personar med multimorbiditet og komplekse omsorgsbehov, både for heimebuande og i sjukeheimar.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

  • utvikling og gjennomføring av nye og pågåande forskingsprosjekt
  • skrive søknadar om ekstern finansiering for forskingsprosjekt
  • arbeide for internasjonalisering av SEFAS’ forsking
  • gjennomføre kortvarige undervisningsoppdrag på vegne av SEFAS
  • støtte Senterleiinga i prosessar relatert til forsking og internasjonalisering

Det er forventa at personen som vert tilsett bidreg til fleire av dei pågåande prosjekta ved SEFAS etter behov, som til dømes «LIVE@Home.Path» og «ActiveAgeing»-studiene, og i arbeidet med å analysere, tolke, og disseminere forskingsresultat til forskingsmiljø, helsearbeidarar, pasientar, andre interessegrupper, og samfunnet som heilheit, til dømes gjennom å bidra til vitskaplege publikasjonar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha relevant norsk ph.d.-grad eller tilsvarande doktorgrad innan medisin, geriatri, nevrologi, farmasi, datateknologi og informatikk eller programvareutvikling
  • erfaring frå kvantitative forskingsmetodar er eit krav, og tilleggserfaring innan programmering og utvikling av komplekse system er ein stor fordel
  • erfaring frå internasjonale innovative tverrprofesjonelle forskingssamarbeid innan relevante fagfelt vil også bli vektlagt
  • tidlegare erfaring frå eldreomsorg eller forsking er ein fordel, men er ikkje eit krav
  • personlege eigenskapar som vil bli vektlagt inkluderer evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert, samarbeidsevne, personleg motivasjon, høg arbeidskapasitet og entusiasme for forsking.
  • søkjar må vere særs god i munnleg og skriftleg engelsk

I vurderinga av kandidatar vil det bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi kan tilby:

  • eit godt og utfordrande tverrfagleg arbeidsmiljø i forskingsfronten
  • løn etter lønssteg 64 (kode 1109/lønsramme 24.8) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, for tida 575 600. For søkjarar med spesialitet lønssteg 66 (lønsramme 24.10), for tida 597 000 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • eit søknadsbrev der du skriv om din motivasjon, kvifor du søkjer stillinga og kvifor du passer til denne
  • ei oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
  • attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar (Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
  • publikasjonar, vitskaplege/faglege arbeid du ønskjer at det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10 i pfd) og ei liste over desse
  • doktorgradsavhandlinga (pdf)
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som pdf vedlegg til søknaden.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS