Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Forskar
Ved Det medisinske fakultet, Klinisk Institutt 1, er det ledig ei mellombels stilling som forskar (100 %) for en periode på 2 år.
Stillinga er ekstern finansiert, og knytt til prosjekt «STRAT-COG biomarkørar for betre diagnostikk og behandling av demens». Prosjektet er en del av Neuro-SysMed, Norges første senter for klinisk behandlingsforsking av nevrologiske sjukdomar og demens. Senteret er eit samarbeid mellom Helse Bergen, Universitetet i Bergen og Haraldsplass Diakonale sjukehus. Mål for prosjektet er betre forståing av demens, basert på inndeling i biologisk funderte undergrupper. Prosjektet starta i 2022, og det er no tilgjengeleg data for analyse. Vi søker etter ein forskar som og er helsepersonell som kan bidra med analyse av data og undersøking av deltakarar i prosjektet. Vi er særleg interesserte i forskarar som har erfaring med kohortstudiar og andre kliniske studiar, som er interesserte i sentrale forskingsspørsmål i prosjektet som korleis det å leve med skrøpelegdom bidrar til demens eller korleis analyse av bevegelse kan bidra til diagnostikk.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Bruk av data frå STRAT-COG til å svare ut forskingsspørsmåla i studien.
Deltaking i organisering og gjennomføring av studiebesøk av deltakarane i STRAT-COG, avhengig av bakgrunn.
Konkret prosjekt vil bli utarbeidd av søkjar saman med forskingsmiljøet, ut frå planar i prosjektet og søkjar si interesse og kunnskapsbakgrunn.
Arbeidsstad vil vere forskingspoliklinikken på Haraldsplass Diakonale sjukehus, i tett samarbeid med anna studiepersonell.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjar må ha relevant norsk ph.d.-grad eller tilsvarande doktorgrad
Søkjar må vere godkjend helsepersonell, helst som sjukepleiar, fysioterapeut, klinisk ernæringsfysiolog eller lege.
Det er ønskjeleg at forskaren har vitskaplege kvalifikasjonar innan bruk av data frå kliniske studiar, inkludert kohortstudiar og gjerne folkehelseundersøkingar.
Det er ønskjeleg at søkjar har erfaring med rettleiing og utarbeiding av prosjektsøknadar.
Evne til sjølvstendig initiativ og evne til samarbeid vert vektlagt i vurdering av søkjarane
Kandidaten må ha høg arbeidskapasitet og entusiasme for demensforsking.
Søkjar må vere særs god i munnleg og skriftleg både norsk og engelsk.
Det er ein føremon om kandidaten har erfaring frå internasjonalt samarbeid
Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga.
Vi kan tilby:
Eit godt og utfordrande arbeidsmiljø i forskingsfronten innan demensforsking
Løn for tida kr 635 400 (kode 1109, lønssteg 65) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For søkjarar med spesialitet er løn for tida kr 657 300 (kode 1109, lønssteg 67), brutto pr. år for ei fulltidsstilling. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
Eit søknadsbrev der du skriv om din motivasjon, kvifor du søkjer stillinga og kvifor du passer til denne
Ei oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
Attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar (Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
Publikasjonar, vitskaplege/faglege arbeid du ønskjer at det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10 i PDF-format) og ei liste over desse
Doktorgradsavhandlinga (i PDF-format)
To referansar (namn og kontaktinformasjon)
Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som pdf vedlegg til søknaden.
Følgjande premissar er lagt til grunn for stillinga som forskar:
Forskaren skal vere medlem i forskingsgruppa som fagfeltet høyrer inn under
lønsutgiftene skal om mogleg vere 100 % eksternt finansiert
Forskaren skal aktivt bidra med å innhente eksterne prosjektmidlar til fagmiljøet, til både seg sjølv og andre, frå NFR, EU og andre kjelder
Det er forventa at forskaren har sin forskingsaktivitet finansiert av prosjekta forskaren og forskingsgruppa rundt forskaren arbeider med
Instituttleiar kan pålegge forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt
Forskaren kan inneha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB
Forskaren har ikkje undervisningsplikt, men forventas å rettleie master- og ph.d.- studentar i den grad dette inngår som ein naturleg del av forskingsaktiviteten i forskingsgruppa
Forskaren kan søkje kompetanseopprykk etter reglementet for opprykk
Grunnlaget for stillinga opphøyrer dersom prosjektfinansieringa opphøyrer, og ny lov om statens ansatte mv. om oppseiing og fortrinnsrett vil gjerast gjeldande for fast tilsette
Generell informasjon:
Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.