Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Forskar
Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, er det ledig ei mellombels stilling som forskar (100 %) for ein periode på 8 månader.
Stillinga er ekstern finansiert, og er for tida knytt til prosjekt «Sex-specific mechanisms and biomarkers of insulin resistance». Prosjektet har ei førebels finansiering ut 2025.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Analysere innsamla blod, feces og vev frå dyreforsøk inkludert biokjemiske analysar
Analysere og tolke fettsyreprofil/lipidomikk
Utføre og tolke histologi av musevev
Analysere kliniske, biokjemiske og antropometriske data frå humane kohortar
Utføre/assistere i gjennomføring av museforsøk og utføre relevante testar og prøvetaking for metabolsk fenotyping i diabetesforskning (oral glukosetoleransetest osv.)
Utføre eksperiment i cellekultur (adipocyttar) med metabolsk/funksjonell karakterisering
Bidra til nødvendig tilpassing av metodar for funksjonelle målingar i feittcellekultur
Tolking av data og litteratur, og generere publiserbare figurar og tabellar
Bidra til skriving av vitskaplege artiklar frå prosjektet og søknadar om forskingsmidlar
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjar må ha relevant norsk ph.d.-grad eller tilsvarande doktorgrad
Forskaren må ha vitskaplege kvalifikasjonar innan molekylærbiologi, inkludert isolering av DNA og RNA, qPCR, Western blotting, immunhistokjemi, transfeksjon og siRNA
Forskaren bør ha gode kvalifikasjonar innan dataanalyse, inkludert bioinformatikk (transkriptom-, proteom- og metabolom-analyse), og ferdigheiter med R eller tilsvarande databehandlingsprogram
Erfaring frå forsking innan fedme/diabetes og energimetabolisme vil bli tillagt stor vekt
Søkjaren bør ha erfaring med dyreforsøk, handtering av mus og funksjonelle metabolske testar på mus
Kunnskap om og erfaring med prosedyrar for feittcellekultur og metodar for metabolsk/funksjonell karakterisering vil bli vurdert fordelaktig
Søkjaren bør ha erfaring med rettleiing, undervisning, skriving av vitskaplege arbeid/manuskript og skriving av søknader om forskingsmidlar
Personlege eigenskapar, inkludert evne til å arbeide sjølvstendig, sjølvstendig initiativ og til samarbeid i eit forskingsmiljø vil bli vurdert
Kandidaten må vere motivert og ansvarleg, og ha høg arbeidskapasitet og entusiasme for forsking
Søkjar må vere særs god i munnleg og skriftleg engelsk
Det er ein føremon om kandidaten har erfaring frå internasjonalt samarbeid
Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga.
Vi kan tilby:
Eit godt og utfordrande arbeidsmiljø i forskingsfronten innan molekylær, biokjemisk og fysiologisk regulering av energimetabolisme
Løn for tida kr 655 000 (kode 1109) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For søkjarar med spesialitet er løn for tida kr 680 000, brutto pr. år for ei fulltidsstilling. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
Eit søknadsbrev der du skriv om din motivasjon, kvifor du søkjer stillinga og kvifor du passer til denne
Ei oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
Attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar (Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
Publikasjonar, vitskaplege/faglege arbeid du ønskjer at det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10 i PDF-format) og ei liste over desse
Doktorgradsavhandlinga (i PDF-format)
To referansar (namn og kontaktinformasjon)
Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som pdf vedlegg til søknaden.
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Følgande premiss er lagt til grunn for stillinga som forskar:
Forskaren skal vere medlem i forskningsgruppa som fagfeltet hører innunder
Lønsutgiftene skal så langt som mogleg vere 100 % eksternt finansiert
Forskaren skal aktivt bidra til å innhente eksterne prosjektmidler til fagmiljøet, til
både seg sjøl og andre, fra NFR, EU og andre kjelder
Forskaren har i vente å ha si forskingsaktivitet finansiert av prosjekta forskaren og
forskingsgruppa rundt forskaren arbeider med
Instituttleiar kan pålegge forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt
Forskaren kan ha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB
Forskaren har ikkje undervisingsplikt, men har i vente å rettleia master- og ph.d. studentar i den grad dette går inn som ein naturleg del av forskingsverksemda i
forskingsgruppa
Forskaren kan søke kompetanseopprykk etter reglementet for opprykk
Grunnlaget for stillinga opphøyrer dersom prosjektfinansieringa opphøyrer, og ny lovom statens ansatte mv. om oppseiing og fortrinnsrett vil gjerast gjeldande.
Generell informasjon:
Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Professor Simon Nitter Dankel, telefon +47 94 30 86 37 eller epost simon.dankel@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.