Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
NutriNOR er ein nasjonal forskarskule i ernæring, ved Universitetet i Bergen. Finansiert av Noregs forskingsråd. Den er open for alle PhD-studenter innan ernæring og matvitskap i Noreg, og samarbeider med forskingsskular i Tyskland og Nederland. Forskarskulen leiast av professor Jutta Dierkes frå Universitetet i Bergen.
Hovudmålet med NutriNOR er å støtte PhD-studanter i feltet og med kapasitetsbygging innan ernæringsvitskap. Videre ønsker vi å forbetre sjansane til NutriNOR-kandidatar på arbeidsmarknaden. Derfor har NutriNOR både ei akademisk pilar og ein profesjonell pilar.
Koordinering av vitskapelege aktivitetar av NutriNOR, inkludert
Organisering av den årlege sommarskulen
Organisering av den årlege PhD konferansen
Andre aktivitetar
Helde kontakt med partnarane i NutriNOR
Samarbeid med NutriNOR sine styremedlem og koordinering av styre aktivitetar
Rapportering direkte til vitskapeleg direktør av NutriNOR
Kvalifikasjonar og eigenskapar
Søkjar må ha oppnådd ph.d.-grad eller tilsvarande doktorgrad innanfor ernæring / klinisk ernæring / matvarekunnskap.
Erfaring innan organisasjon av vitskapelege konferansar / workshops eller sommarskular er eit krav
Erfaring frå ernæringsforsking er eit krav
Erfaring med rettleiing, undervisning og utarbeiding av prosjektsøknadar er ein føremon
Det er ein føremon om søkjar har erfaring frå internasjonalt forskingssamarbeid
Evne til sjølvstendig initiativ og evne til samarbeid vert vektlagt i vurdering av søkjarane
Søkjar må ha høg arbeidskapasitet og entusiasme for forsking
Søkjar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg
Søkjar må ha gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga.
Vi kan tilby
Eit godt og utfordrande arbeidsmiljø i forskingsfronten innan human og klinisk ernæring, samarbeid med dei viktigaste institusjonar som tilbyr høgare utdanning innan ernæring og andre viktige aktørar innan ernæring i Noreg
Løn for tida kr 635 400 (kode 1109) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For søkjarar med spesialitet er løn for tida kr 657 300, brutto pr. år for ei fulltidsstilling. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
Eit søknadsbrev der du skriv om din motivasjon, kvifor du søkjer stillinga og kvifor du passer til denne
Ei oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
Attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar (Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
Publikasjonar, vitskaplege/faglege arbeid du ønskjer at det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10 i PDF-format) og ei liste over desse
Doktorgradsavhandlinga (i PDF-format)
To referansar (namn og kontaktinformasjon)
Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som pdf vedlegg til søknaden.
Følgjande premissar er lagt til grunn for stillinga som forskar
Forskaren skal vere medlem i forskingsgruppa som fagfeltet høyrer inn under
lønsutgiftene skal om mogleg vere 100 % eksternt finansiert
Forskaren skal aktivt bidra med å innhente eksterne prosjektmidlar til fagmiljøet, til både seg sjølv og andre, frå NFR, EU og andre kjelder
Det er forventa at forskaren har sin forskingsaktivitet finansiert av prosjekta forskaren og forskingsgruppa rundt forskaren arbeider med
Instituttleiar kan pålegge forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt
Forskaren kan inneha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB
Forskaren har ikkje undervisningsplikt, men forventas å rettleie master- og ph.d.-studentar i den grad dette inngår som ein naturleg del av forskingsaktiviteten i forskingsgruppa
Forskaren kan søkje kompetanseopprykk etter reglementet for opprykk
Grunnlaget for stillinga opphøyrer dersom prosjektfinansieringa opphøyrer, og ny lov om statens ansatte mv. om oppseiing og fortrinnsrett vil gjerast gjeldande for fast tilsette
Generell informasjon
Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.