Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Forskar
Ved Det medisinske fakultet, Institutt for biomedisin, er det ledig ei mellombels stilling som forskar (100 %).Stillinga er ekstern finansiert og knytt til NFR-prosjektet «Actin acetylation in cancer metastasis». Prosjektet har ei varigheit på 14 månader med oppstart 1. november 2025.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Prosjektet sitt hovudmål er å definere rolla til aktin acetylering i kreftmetastasering. Forskningsgruppa vår ved UiB har identifisert og karakterisert fleire nye humane acetyltransferasar, inkludert enzym som modifiserar aktin, ein hovudkomponent av cytoskjelettet.
Hovudoppgåvene til forskaren vil vere planlegging, utføring og analyse av forskingseksperiment på aktinacetylering i kreftceller innan rammene for dette NFR-prosjektet. Både standard og avanserte metodar innan molekylærbiologi og cellebiologi er naudsynte for å utføre prosjektet.
Forskaren skal fungere som ein sjølvstendig person med ansvar for nøkkeldelar av NFR- prosjektet frå ide til publisering. Samstundes skal forskaren samarbeide med andre medlemmer av laboratoriet for å oppfylle hovudmål i prosjektet. Forskaren skal òg kunne ha ansvar for rettleiing av studentar på bachelor, master og ph.d.-nivå.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjar må ha relevant norsk ph.d.-grad eller tilsvarande doktorgradinnan biomedisin.
Søkjar må ha dokumentert personleg praktisk erfaring med å lage mutante kreftceller basert på CRISPR/Cas9 teknologi.
Omfattande dokumentert erfaring med adherente og suspensjons kreftceller er naudsynt, inkludert laging av sferoider.
Kandidaten må beherske kreftcelle-mikroskopering og fenotyping, og spesifikt digital holografisk mikroskopering av levande kreftceller for å analysere kreftcellebevegelse.
Erfaring med proteinmodifiseringar er ønskt, men ikkje eit krav.
Søkjar må vere erfaren med rettleiing av masterstudentar og med manuskriptarbeid og må minst ha eit publisert førsteforfattarskap med peer-review.
Evne til sjølvstendig initiativ og evne til samarbeid vert vektlagt i vurdering av søkjarane
Kandidaten må ha høg arbeidskapasitet og entusiasme for forsking
Søkjar må vere særs god i munnleg og skriftleg engelsk og norsk
Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga.
Vi kan tilby:
Eit godt og utfordrande arbeidsmiljø i forskingsfronten innan kreftcellebiologi og proteinmodifiseringar
Løn for tida kr 655 000 (kode 1109) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For søkjarar med spesialitet er løn for tida kr 680 000, brutto pr. år for ei fulltidsstilling. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
Eit søknadsbrev der du skriv om din motivasjon, kvifor du søkjer stillinga og kvifor du passer til denne
Ei oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
Attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar (Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
Publikasjonar, vitskaplege/faglege arbeid du ønskjer at det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10 i PDF-format) og ei liste over desse
Doktorgradsavhandlinga (i PDF-format)
To referansar (namn og kontaktinformasjon)
Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som pdf vedlegg til søknaden.
Følgjande premissar er lagt til grunn for stillinga som forskar:
Forskaren skal vere medlem i forskingsgruppa som fagfeltet høyrer inn under
Lønsutgiftene skal om mogleg vere 100 % eksternt finansiert
Forskaren skal aktivt bidra med å innhente eksterne prosjektmidlar til fagmiljøet, til både seg sjølv og andre, frå NFR, EU og andre kjelder
Det er forventa at forskaren har sin forskingsaktivitet finansiert av prosjekta forskaren og forskingsgruppa rundt forskaren arbeider med
Instituttleiar kan pålegge forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt
Forskaren kan inneha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB
Forskaren har ikkje undervisningsplikt, men forventas å rettleie master- og ph.d.- studentar i den grad dette inngår som ein naturleg del av forskingsaktiviteten i forskingsgruppa
Forskaren kan søkje kompetanseopprykk etter reglementet for opprykk
Grunnlaget for stillinga opphøyrer dersom prosjektfinansieringa opphøyrer, og ny lov om statens ansatte mv. om oppseiing og fortrinnsrett vil gjerast gjeldande for fast tilsette
Generell informasjon:
Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
«UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknader til stillinga.»
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.